Her nektar lokallaget å drive valkamp for Giske

2 hours ago 5


Tydal

AVLYSER STAND: Tydal Ap har avlyst alle stands i frykt for at Trond Giske skal dukke opp.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Trond Giske har splitta folket og Arbeidarpartiet i fleire år. No skal han tilbake på Stortinget, sjølv om ikkje alle støttar at det skjer.

Røros, 1. juli.

I 30 år har eg høyrd dommedagsprofetiar om korleis det skal gå med folk viss ikkje alle får det akkurat som dei vil i ein nominasjon eller politisk strid.

Det seier Trond Giske som er godt i gang med valkampen.

Han er ein av Noregs mest kjende og omstridde politikarar som i 2020 trakk seg heilt vekk frå politikken.

Dagen på Røros startar med tunge skyer og regn, men så begynner det å lette. Akkurat slik det også har gjort for Giske.

Det har stort sett gått bra og Arbeidarpartiet er i medvind, også i Trøndelag.

Trond Giske snakker med folk på kafe på Røros

Trond Giske snakkar med ein veljar på kafé i Røros.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Omsider kan også Giske kjenne medvinden.

Etter fleire år med bråk, intrigar og motstand er han klar til å representere Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag på Stortinget igjen.

Men er alle i Sør-Trøndelag Ap klar for å bli representert av Trond Giske?

 Isak Veierud Busch og Trond Giske besøkte Røros

Trond Giske i Røros for å kickstarte valkampen. Her er han saman med ordførar Isak Veierud Busch (til venstre) som står på tredjeplass på stortingslista.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Åtvara om framtida

Hell, 30. november.

Seks månader før NRK møter Giske på Røros skal Trøndelag Arbeidarparti velje kven dei vil ha inn på Stortinget.

Nominasjonsmøtet er splitta med to steile frontar: Dei som støtter Giske og dei som meiner han har lurt til seg medlemmar og stemmer i nominasjonskampen.

I valkrinsen Sør-Trøndelag skal dei stemme over to lister:

Ei liste med Per Olav Skurdal Hopsø i spissen og med kandidatar frå AUF, og ei mindretalsliste med Giske, men utan AUF.

Før dei skal stemme åtvarar fleire sterkt mot å stemme på Trond Giske.

Valet i dag står mellom framtida og fortida. Mellom ein kandidat som representerer fornying og ein som har sete på Stortinget lengre enn eg har levd.

Det seier dåverande leiar i Trøndelag AUF, Kristine Holden, frå talarstolen.

– Seier ein i møtet at ein ikkje ønsker AUF med i dag, seier ein også det for vegen vidare, åtvarar Holden.

Men Giske vinn likevel kampen om førsteplassen på stortingslista.

Momentant trekker AUF kandidatane Håkon Einarsve og Emilie Græsli frå nominasjonslista.

Totalt trekker ni personar seg frå å stå på same stortingsliste som Giske.

– Det var et fleirtal og det var et mindretal. Den eine sida vann, og då trekte ein del frå den andre sida seg, seier Giske etter møtet.

AUF varslar med det at dei ikkje ville drive valkamp i Sør-Trøndelag.

Men haldt AUF det dei lova?

Stille frå AUF

Over ein lengre periode har NRK prøvd å få kontakt med AUF i Trøndelag om deira valkamp for Arbeidarpartiet.

Men det har vore heilt stille frå ungdomspartiet.

Verken via telefon, melding eller e-post har NRK lukkast i å få svar.

Fleire av meldingane blir lesne, men ikkje svara på.

Meldinger til AUF i Trøndelag

Denne meldinga blei sendt 12. august til sju personar i AUF i Trøndelag. Både denne og tidlegare meldingar blir lesne, men ikkje svara på.

NRK har kontakta fleire sentrale personar i Trøndelag AUF: Dina Nesgård Evjen, Kristine Holden, Håkon Einarsve, Emilie Græsli og fleire andre utan å få svar.

Sentralt svarar AUF-leiar Gaute Børstad Skjervø at valkampen er organisert lokalt.

Kva vurderingar dei gjer i AUF Trøndelag må nesten dei svare for, seier han til NRK.

– Men kvifor vil dei ikkje svare? Kvifor er det eit spørsmål som ikkje kan svarast på?

AUF svarer. Eg driv valkamp overalt, eg skal drive valkamp også i Sør-Trøndelag. Eg skal på skuledebatt på dei største skulane i Trondheim, svarar Skjervø.

Ungdomspartia si rolle er å vinne mot dei andre ungdomspartia. Den einaste plassen me gjer det er i skulevalkampen. Det er me oppteken av i heile landet og eg opplev at trønderane også er det, legg han til.

– Så ein driv då altså valkamp for Giske?

– Dei driv valkamp for Arbeidarpartiet.

Ein plass haldt dei det dei lova om å ikkje drive valkamp dersom Giske hamna på stortingslista.

– Har heile tida sagt at me ikkje ønsker Giske

Tydal, 9. august.

– Det er avlyst og det blir ikkje noko stand.

Det seier leiar i Tydal Arbeidarparti, Lars Græsli. Han er i familie med Emilie Græsli som også er frå Tydal.

– Me ønsker ikkje å profilere Trond Giske. Me veit at han dukkar opp der me veit at han ikkje er velkommen, legg han til.

Difor har dei avlyst alle standar i valkampen.

Kommunepartiet seier dei ikkje vil promotere Giske på grunn av ei heilskapleg vurdering.

– Det er interne og organisatoriske ting som me meiner ikkje er bra. Både i nominasjonsprosessen og forut for dette, seier gruppeleiar i Tydal Ap, Gunnbjørn Berggård.

På vegen til førsteplassen på stortingslista var det fleire som kritiserte Giske for rå maktkamp og skittent spel.

Me har heile tida sagt at me ikkje ønska Giske, legg Græsli til.

– Det er litt feigt

NRK tok likevel turen til Tydal.

Den vesle kommunen i Trøndelag har om lag 700 innbyggarar og det er ein roleg føremiddag ved butikken i sentrum.

En Coop Prix butikk i Tydal i Trøndelag

Tydal Ap avlyste standen dei skulle ha hatt utanfor butikken laurdag 9. august.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Men det er ingen arbeidarpartipolitikarar å møte og bygdefolket er klar over situasjonen.

Eg synest vel det er litt feigt, eigentleg. Fordi alle må jo stå på for partiet sitt, uansett korleis dei interne konfliktane er.

Det seier Lars Lien som er innom butikken for å handle. Også Nils Åsmul og Anne-Lise Lysholm meiner politikarane burde ha stått på stand utanfor butikken når det eigentleg var planen.

Eg synest jo at dei kanskje burde ha vore her og ha vore synlege, seier Lysholm.

Viss dei vil ha folk inn på tinget må dei stille opp og gjere ein jobb, kommenterer Åsmul.

  • Anne-Lise Lysholm ser rett i kamera. Hun står utenfor butikken Coop Prix i Tydal.

    Anne-Lise Lysholm.

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Nils Åsmul står utenfor Coop Prix-butikken i Tydal.

    Nils Åsmul

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
  • Lars Lien utenfor Coop Prix-butikken i Tydal

    Lars Lien

    Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Til NRK seier leiaren i Tydal Ap at dei i staden for å stå på stand reiser rundt til alle husstandane i kommunen for å levere valmateriell i postkassen.

– Slik når me alle tydalingar betre, kommenterer Græsli.

Men då NRK var i Tydal 9. august hadde berre ein av dei me snakka med fått dette.

Leiaren i Tydal Ap ønska ikkje å møte NRK eller å stille til noko ytterlegare intervju om saka.

Men har det eigentleg noko å seie at dei boikottar Giske?

– Gode målingar legg lokk på interne konfliktar

– Det har nok fint lite å seie for valkampen til Ap i stort, men bidreg til å bevare den forsurande stemninga i Trøndelag Ap. Det er nok stort sett nasjonale trendar, ikkje lokale forhold, som løfter Ap.

Det seier politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen. Ho har inntrykk av at dei fleste i partiet har forsona seg med at Giske er tilbake.

Men det er ikkje noko tvil om at for nokre, ikkje minst AUF, er såra så djupe at dei slit med å legge historia bak seg.

Aglen seier det har vore eit lukketreff for Trøndelag Ap at partiet fekk ein stor opptur på målingane.

Gode målingar fungerer som ei politisk lukkepille, og legg lokk på interne konfliktar.

Men om Giske kjem til å bli ein samlande politikar for Trøndelag, er Aglen usikker på.

Giske har aldri vore, og vil heilt sikkert aldri bli, ein samlande politikar. Men han kan sjølvsagt bli ei viktig politikar for Ap. Det avheng nok både av Ap sine resultat og Giske sjølv.

Men sjølv om Tydal stod på sitt, har nokre vald å snu.

Snudde om Giske

I tillegg til Tydal, varsla Selbu Ap at dei ikkje ville drive valkamp for Trond Giske.

Men då valkampen starta snudde dei på dette.

– Heile Selbu Ap var jo ikkje på nominasjonsmøtet og me er jo fleire. Me er her for Arbeidarpartiet. Det er partiet vårt.

Det seier leiar i Selbu Ap, Rune Langseth.

Me må vidare i verda for å seie det sånn. Me må jo slost for Arbeidarpartiet og det me trur på. Me er nøydde til å møte opp og stå for partiet. Det er trass alt eit stortingsval.

Langseth vil ikkje kommentere at Tydal Ap vel å avlyse alle sine standar eller svare på spørsmål om Trond Giske.

NRK har snakka med fleire andre kommuneparti i Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag som også seier dei driv valkamp som vanleg.

– Me er altfor mange som snakkar om å samle partiet

Etter å ha vore i Tydal tar NRK ein ny prat med Trond Giske.

Det er ingen i vår valkamporganisasjon som er oppteken av indre forhold i partiet. Me skal vere der for folk i Trøndelag.

Giske seier han ikkje ønsker å kommentere det Tydal Ap gjer eller det dei seier i denne saka.

Har du mogelegheit til å bli ei samlande figur for hele Trøndelag Ap?

Eg veit ikkje kor viktig det med samlande er. Eg skal vere ein person som slost for dei verdiane som eg trur på.

Giske seier at folk kan stole på at han er villig til å slost for dei sakene han meiner er viktig for folk, sjølv om det kostar og sjølv om dei på toppen er ueinige.

– For eg kjem til å slost for folk. Me er altfor mange som snakkar om å samle partiet. Det er folk det handlar om. Menneska i Trøndelag. Det er dei eg skal slåst for.

Read Entire Article