Her skulle Jan-Gunnar på sommarfiske – no ser det slik ut

3 hours ago 2


Midt i ei populær hyttegrend ligg Nysætervatnet på Sunnmøre, omkransa av myrer, skog og høge fjell.

På vinterstid går folk i lange skiløyper rundt vatnet. På sommartid er det eit ynda turmål der folk badar, padlar og fiskar.

No står Jan-Gunnar Hole tørrskodd der han vanlegvis har kunne symje.

– Det er trist det vi ser rundt oss her.

Reagerer på nedtapping av Nysætervatnet i Sykkylven/Stranda. Mange av av hytteeigarane i området reagerer på at vatnet er så nedtappa. Jan Gunnar Hole er ein av dei. Vatnet er regulert og brukt til kraftproduksjon av Tussa Kraft.

Jan-Gunnar Hole vart sjokkert over korleis det såg ut då isen smelta på Nysætervatnet tidlegare i vår.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg har aldri sett det slik før, og dei som har vore her i mange tiår fortel at det aldri har vore slik før, seier Hole.

Månelandskap i vatnet

For i vinter har det regionale kraftselskap Tussa tappa tusenvis av liter frå ferskvatnet for å bruke til kraftproduksjon.

Vasstanden har krympa med 5,5 meter.

Det tilsvarar høgda av tre menn som står på skuldrene til kvarandre.

Dette har tørrlagt store deler av innsjøen, og synet av naturen vekkjer sterke reaksjonar.

– Å gå langs dette månelandskapet gir ikkje glede for nokon, seier ordførar Olav Harald Ulstein (Frp). Han er fortørna.

Olav Ulstein på ferje

Olav Harald Ulstein (Frp) er ordførar i Sykkylven. Han er fortørna over at Nysætervatnet er tappa ned uvanleg mykje.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Ifølgje den gamle konsesjonsavtalen med NVE kan vatnet tappast ned dobbelt så mykje som det er gjort i år. For å unngå eit slikt scenario har kommunen sikra seg ein intensjonsavtale med Tussa om at vasstanden maksimalt skal tappast ned 1,5 meter på sommarstid.

Saka har skapt stor debatt i lokalavisene, og seinare denne veka skal det vere folkemøte i bygda.

– Avtale om å unngå dette

Ordføraren meiner det lokale kraftselskapet Tussa kunne unngått dei skarpe reaksjonane.

Han meiner dei burde slutta å tappe lenge før, sjølv om kraftprisane har vore forlokkande høge i vinter.

– Når Tussa sjølv ser at det er lite snø i fjella og tørt med lite nedbør, burde dei definitivt ha stoppa når dei ser at dei ikkje klarer å nå målet til sommaren. Sjølv om dei ikkje bryt lovverket, tøyer dei definitivt strikken med tanke på intensjonsavtalen, seier Ulstein.

I eit normalår leverer kraftverket nok straum til rundt 2000 husstandar.

Skuldar på energikrise

Situasjonen er ikkje unik.

Fleire stader i landet har kraftselskap tappa ned innsjøar i vår og det er uvanleg lite vatn i magasina i sørvest og på Vestlandet.

Konsernsjef Olav Osvoll seier nedtappinga ikkje har vore til å unngå, men vedgår at prisen er eitt av momenta som avgjer kor mykje dei skal tappe.

Olav Osvoll er konsernsjef i Tussa.

Konsernsjef Olav Osvoll i Tussa peikar på at ein tørr og kald vinter har ført til høg etterspurnad etter kraft.

Foto: Marius Beck Dahle

– No har vi ei energikrise i Europa. Det er derfor vi har høge kraftprisar. Det er underskot på kraft. Samtidig manglar vi 20 milliardar kilowattimar i kraftbalansen i Norden og i Noreg. Så det har vore helt nødvendig å ta i bruk disse regulerbare vasskraftmagasina for å gi Noreg den krafta vi treng, seier han.

Fausa kraftverk er eigd av Tussa Kraft. Vatnet kjem frå Nysætervatnet som no er kraftig nedtappa. Dronebilde.

Det er hit, til Fausa kraftverk, vatnet frå Nysætra endar. Kraftverket har vore i drift i 75 år og leverer nok til rundt 2000 vanlege husstandar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bekymra for fiskebestanden

Det er både aure og røye i Nysætervatnet. Mange av hobbyfiskarane er spesielt urolege for situasjonen.

– Det er openbert at det har ganske katastrofale biologiske effektar på det økosystemet som dette vatnet representerer, seier Morten Andre Bergan.

Han er forskar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA) og har sett bilde frå Nysætervatnet.

– Det er alt for lite vatn til å oppretthalde noko særleg akvatisk liv. Det påverkar heile økosystemet å ha så lite vatn i det som eigentleg skal vere ein vassrik innsjø, seier han.

Morten

Forskar Morten Andre Bergan ved Norsk institutt for naturforskning.

Fotografi: privat

Bergan strekar under at han ikkje kjenner saka i detalj, og uttalar seg på generelt grunnlag.

Han seier dei grunne områda i ein innsjø vanlegvis har store mengder insekt, larvar, nymfer og krepsdyr som blir råka av tørrlegging. Dermed kan også fisken døy på grunn av matmangel.

Men Tussa svarar at dei har gjort prøvefiske etter store nedtappingar ved sine regulerte vatn tidlegare, og registrert at det har liten innverknad på den totale bestanden i vatnet.

– Vi veit at regulerte vatn kan òg ha ein god bestand av fisk. Ved tildelinga av konsesjonar vurderer ein fordelar opp i mot ulemper. Her frå 1952 blei det gjort vurderingar om at fordelane er større enn ulempene ved regulering av vatnet, seier konsernsjef Olav Osvoll.

mann på haug

Jan-Gunnar Hole ser utover Nysætervatnet. Han er ikkje glad.

Fotografi: Øyvind Sandnes / NRK

Hevdar at pengane rår

For hytteeigaren og friluftsmannen Jan-Gunnar Hole blir det ein annleis sommar ved Nysætervatnet.

Tidlegare har folk flytta småbåtane sine eit par meter ned til vasskanten. No må dei dra dei fleire hundre meter.

Kritikarane hevdar det er ønsket om lettente pengar som ligg bak det som har skjedd.

– Vi ser på samanhengen mellom nedtapping og straumprisar. Vi mistenkjer at det er pengane som rår. Her er det berre å tappe ned og produsere det ein kan, og få dra så mykje du kan ut av, seier Jan-Gunnar Hole.

Ordførar Olav Harald Ulstein håper no å få Tussa til å forsikre seg om at låg vasstand blir eit unntak og ikkje regelen.

– At det er lite straum i Europa, ja mogleg det. Men vi kan jo ikkje rasere våre eigen natur av den grunn, seier han.

Reagerer på nedtapping av Nysætervatnet i Sykkylven/Stranda. Mange av av hytteeigarane i området reagerer på at vatnet er så nedtappa. Jan Gunnar Hole er ein av dei. Vatnet er regulert og brukt til kraftproduksjon av Tussa Kraft.

Området ved Nysætervatnet blir mykje brukt av både friluftsfolk og hobbyfiskarar. Fleire er urolege for fiskebestanden, men Tussa avviser at det er noko stort problem.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 27.05.2026, kl. 20.51

Read Entire Article