Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_1e343da972fbec135a9a990ded8f01d3, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Ingen ville gi Marcus og Leon jobb – no lever dei av det andre ikkje gidd - NorwayToday

Ingen ville gi Marcus og Leon jobb – no lever dei av det andre ikkje gidd

17 hours ago 10


Motorsaga blir dratt opp i ein hage i Tønsberg. Dagens oppdrag er å fjerne ein gammal hekk.

– Vi tener mykje pengar på det folk tenker er ein dritjobb, seier Marcus Saga (18).

Han er dagleg leiar i bedrifta han starta med kompisen Leon Schjeldrup Karlsen (18) for tre år sidan. Det heile starta fordi dei ikkje fekk jobbane dei søkte på.

Leon Schjeldrup Karlsen og Marcus Saga står på lageret deres. De har sorte arbeidsklær på og en lener seg inntil en trapp.

Dei er gode kompisar, men fortel at dei også blir leie av kvarandre.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Dei er gode kompisar, men fortel at dei også blir leie av kvarandre.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

– Da begynte vi med bilvask og gjekk frå dør til dør.

Det tente dei nokre kroner på. Resultata dei har opparbeidd seg to år etter kunne dei ikkje drøymt om.

Tøft å vere gründer

På to år har talet på gründerar i aldersgruppa 18–34 år dobla seg. I 2023 var berre 5 prosent i denne aldersgruppa gründerar, i 2025 var det over 10 prosent. Det viser tal frå Global Entrepreneurship Monitor.

– Det er enda ein generasjon som møter nokre utfordringar som dei tenker dei kan vere med å løyse, det er Handyboys eit godt eksempel på, seier Håkon Haugli.

  • Håkon Haugli
    • Administrerande direktør, Innovasjon Norge

– Eg er så imponert over dei. Slike gründerar treng vi.

Han fortel at unge ofte startar tenestebedrifter og teknologibedrifter, men det er ikkje lett å drive for seg sjølve.

Berre ein av fem bedrifter overlever lengre enn fem år, ifølge Innovasjon Noreg.

– Det er mange grunnar til at bedrifter mislykkast. Teknologien blir kjøpt eller selskapet inngår samarbeid med andre firma. Det er tøft å vere gründer.

Han har fleire tips for at bedrifter skal leve lenger, og trekker fram Handyboys igjen.

– Dei er inne på noko når ein jobbar hardt. Ingen verksemder lykkast utan å ha fornøgde kundar over tid.

Haugli meiner det også er lurt å ha ein plan for utviklinga i selskapet og be om råd frå folk som har meir erfaring enn dei sjølv.

Køyrde med hekkesaks på ryggen

Dei unge mennene har eigenskapane som skal til, men fortel at det ikkje berre har vore lett.

– Vi hadde motorsykkellappen og køyrde rundt med hekkesaks på ryggen og lauvblåsaren ut av sekken.

To av gutta i Handyboys står bak firmabilen sin.

Motorsykkelen er bytta ut med eigen firmabil.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Motorsykkelen er bytta ut med eigen firmabil.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Dei fortel at det ikkje var lett, spesielt ikkje på vinteren.

– Vi hadde snøskuffa på bussen og vi har gått langs fortauet med grasklippar til jobben. Det har ikkje vore lett, men det var ein annan fridom når vi først fekk det til.

Men det har kosta.

– Vi jobbar ikkje åtte til fire, vi jobbar heile dagen og utpå natta dersom det trengst. Vi spør alltid kunden om kva det seinaste klokkeslettet vi kan jobbe til er.

Stordalen etterlyser fleire som Handyboys

Porsgrunns-mannen og Hotellkongen Petter Stordalen kjenner seg igjen i dei unge mennene.

Eg har også stått der utan ein klar fasit. Det einaste du har da er viljen til å brette opp erma, og det ser eg tydeleg at desse gutane gjer, skriv han i ein e-post til NRK.

Petter Stordalen står med armane i kryss og ser i kamera. Han har på et heilsvart antrekk og har et smykke rundt halsen. Han har brunt hår. Bak han er det mørkt.

Petter Stordalen er imponert over talet på timar gutane legg ned. Han seier arbeidsmoral slår talent kvar einaste gong.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Petter Stordalen er imponert over talet på timar gutane legg ned. Han seier arbeidsmoral slår talent kvar einaste gong.

Foto: Patrick da Silva Sæther

Han er glad for at fleire unge tar sjansen og startar opp for seg sjølv.

– Det er fantastisk, og heilt nødvendig. Vi treng fleire som tør å skape arbeidsplassar, ikkje berre søke dei. Unge i dag er modige, kreative og ikkje redde for å prøve. Det lovar veldig bra for framtida.

Han er imponert over oppstarten til dei unge mennene.

– Dette er entreprenørskap i si reinaste form. Dei venta ikkje på ei moglegheit, men skapte henne sjølv. Å gå frå dør til dør og selje bilvask? Det er rått, og det er akkurat sånn mange suksesshistorier startar.

  • Petter Stordalen med jordbær
    • Petter Stordalen starta reisa si med å selje jordbær då han var ung.

For at bedrifta skal fortsette å vekse har han fleire tips.

– Det viktigaste nå er å ikkje bli mette på eigen suksess. Fortsett å vere svoltne, og fortsett å utvikle dykk. Det er sånn du går frå ein god idé til ei varig bedrift.

Draumen er klar

Saga og Karlsen ser lyst på framtida. Frå å tene nokre kroner på bilvask og ha hekkesaksa på ryggen, har bedrifta vakse.

Marcus Saga har på ein sort caps og ser til venstre for kamera.

– Første året omsette vi for ein halv million. I fjor omsette vi for ein og ein halv million

Marcus Saga

Dagleg leder, Handyboys

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

I år har dei eit mål om å omsette for to og ein halv million kroner.

– Vi gjer alt vi kan for at det skal gå.

Dagleg ledar, Saga jobbar fulltid, mens Karlsen jobbar i tillegg til å gå på skule. Dei har tilsett to som jobbar ekstra og fram mot sommaren treng dei enda fleire folk.

– Det er rart korleis det har skjedd på to–tre år. Eg hadde ikkje trudd det for tre år sidan.

Og draumen, den er klar.

– Ein vakker dag får vi ein pickup.

Publisert 28.03.2026, kl. 14.08

Read Entire Article