Irene må sova med øyreproppar: No skal naboen få laga endå meir bråk

8 hours ago 3


– Vi høyrer det heile tida, frå grytidleg morgon, i praksis på nattetid.

– Det er noko med duringa som set seg i veggene. Me må sova med øyreproppar, seier Irene Aarnes Nonslid.

Ho er ein av naboane til Rema 1000 sin distribusjonssentral for Vestlandet.

Bygget er 20.000 kvadratmeter, 13 meter høg, og har om lag 30 lasteramper.

Det susar høgt frå aggregata der godsbilane står parkerte for å levera eller henta kjøle- og frysevarer.

Trailarar med kjølevarer ved Rema sin distribusjonssentral på Hylkje i Bergen

Rema får likevel utvida det enorme bygget sitt, fordi byutviklingsbyråden i Bergen kjapt omgjorde eit nei til eit ja då han byrja i jobben.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I bustadområdet Hylkjelia like nedanfor, på andre sida av vegen, har familiar i årevis kravd støyskjerming av Rema-bygget.

Derfor protesterte tre velforeiningar og ei rekke familiar då Relog Eiendom – eit anna Reitan-selskap – i september søkte om å få utvida bygget med 3500 kvadratmeter, endå nærmare bustadhusa.

– I staden blir det nå mykje meir støy til alle tider på døgeret, meiner Arild Ystanes.

– Heile prosessen verkar på oss uryddig og forhasta, seier Arnfinn Nonslid.

 Arild Ystanes, Audun Arnesen, Per Johan Grue og Irene Aarnes Nonslid

Irene Aarnes Nonslid og naboane fryktar auka støyplage og redusert sol viss distribusjonssentralen til Rema 1000 blir utvida med 3500 kvadratmeter.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Naboane fekk medhald

Naboane meinte utvidinga ville gi mykje meir trafikk og støy, og tap av sol og utsikt. Og dei fekk viljen sin.

Plan- og bygningsetaten konkluderte med at kommuneplanens arealdel (KPA) vedtatt i 2019 «opphevar» reguleringsplanen frå 2009 og forbyr «vesentlig nybygging» bortsett frå eineboligar eller tomannsboligar i dette området.

Fagfolka avslo søknaden midt i desember.

Remas utviding av distribusjonssentral på Hylkje i Bergen. Frå sakspapira.

Det røde tilbygget viser at Rema sitt utvida fryse- og kjølelager vil ligga nærmare bustadområdet enn i dag.

Faksimile: Bergen kommune

«Tillates ikke»

Reitan-selskapet klaga og søkte dispensasjon, men etaten stod på sitt.

Etatsdirektør Tarje Wanvik skreiv at «Det skal ikke være kurant å fravike arealplaner». Han viste til at KPA var vedtatt av bystyret etter ein omfattande beslutningsprosess.

Fagetaten kalla det «åpenbart at fordelene i denne saken ikke er klart større enn ulempene tiltaket medfører for naboer».

 Per Johan Grue (f.v.), Arild Ystanes, Irene Aarnes Nonslid og Audun Arnesen.

Per Johan Grue (frå venstre), Arild Ystanes, Irene Aarnes Nonslid og Audun Arnesen protesterer mot byråden si omgjering frå nei til ja.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ny byråd endra avslaget

Men 4. april blei Eivind Nævdal-Bolstad (H) ny byutviklingsbyråd i Bergen. Berre fire dagar seinare oppheva han avslaget frå sine eigne fagfolk.

– Dette er ei sak som eg sette meg ned med den første dagen i jobben, seier han til NRK.

– Saka hadde lege lenge. Rema trong ei avklaring. Eg gjorde mi vurdering og tok avgjerda.

Han les kommuneplanen ganske annleis enn juristane og andre fagfolk i plan- og bygningsetaten.

I sitt vedtak kallar Nævdal-Bolstad utbygginga «ei utviding av eksisterande verksemd», ikkje ei «vesentlig nybygging», at «eventuell tvil må komme tiltakshaver til gode», og at fordelane «klart overstiger ulempene».

BT har også omtalt saka.

Eivind Nævdal-Bolstad

Byutviklingsbyråd Eivind Nævdal-Bolstad vil opna for meir næringsverksemd i Bergen, og oppheva kommunen sitt nei til utviding av Rema sitt gigantbygg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Viktig og rett

Han viser også til at Rema er «en betydelig næringsaktør i Bergensområdet».

– Eg meiner at det må vere mogleg å etablera meir næring i Bergen. Så det å legga til rette for allereie eksisterande aktørar som Rema 1000 på Hylkje synest eg er viktig og rett.

– De politikarar seier ofte at politikken skal vera kunnskapsbasert. Kva betyr det, når du ikkje følgjer fagråda?

– Eg trur ingen som les dette vedtaket, vil kalla det mangel på kunnskap. Dette er eit område som er sett av til industriføremål.

Det seier Nævdal-Bolstad sjølv om bystyret i 2019 omdefinerte området frå «næring og industri» til «øvrig byggesone».

Før byggestart krev han ny støyrapport som viser at støyen blir innan akseptable rammer.

Trailarar på Rema sin distribusjonssentral på Hylkje i Bergen

20.000 kvadratmeter er blitt for lite for Rema sin distribusjonssentral for Vestlandet, meiner Relog Eiendom i Reitan-konsernet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Ja-byråd»

Byrådet med Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet har uttrykt eit mål om å vera eit «ja -byråd».

– Nå skal me styra Bergen med eit tydeleg ja-stempel i plan- og byggesaker, sa Frp.

– Me skal vera positive til både innbyggarar og næringsaktørar i byane, seier Nævdal-Bolstad.

– Men 'ja' til søkaren betyr 'nei' til klagaren?

– Eg vil vurdera kvar sak som kjem, og meiner me må seia ja der det finst gode grunnar til det. Dette er eit eksempel på ei fornuftig avgjerd som bidrar til at Rema 1000 kan vidareutvikla verksemda si i Bergen kommune.

Kor mange 'nei' har du rokke å endra til 'ja' på den månaden du har vore byutviklingsbyråd?

– Det har eg ikkje tal på endå.

Men eitt døme på kjapp omgjering er løyve til uteservering. Nævdal-Bolstad seier også ja til lyktestolpar i Fløysvingane mot råd frå Bymiljøetaten. Og etter få dagar sørga han for skilting til turistattraksjonar i byen.

Reitan-selskapet: – Vi truga ikkje

Kommersiell direktør Knut Sand i Relog Eiendom seier Rema treng ekstra frysekapasitet på Vestlandet.

– Me er sjølvsagt glade for at kommunen har høyrt argumenta våre.

Ein viktig bakgrunn er at Rema overtar all distribusjonen av Diplom-Is.

– Rema var avhengig av å få løyve til denne utvidinga. Viss ikkje, måtte dei nok ha sett seg om etter andre plassar å etablera sentral for Vestlandet.

– Har de «truga» Bergen kommune med det?

– Nei. Eg vil ikkje seia at vi har truga, men opplyst om realitetane.

– Det er kanskje ikkje ideelt å vera nabo til eit industriområde. Bygget vil sjølvsagt ta noko sol, men me meiner det ikkje blir meir støy. Det vil bli ein avgrensa auke i trafikken, seier Sand.

– Tøv

Dette stolar naboane ikkje på.

– Berre tøv, meiner Arild Ystanes.

Aarnes Nonslid føler at byråden ofrar både nabolaget hennar og gode faglege råd.

– Det er utruleg frustrerande at noko slikt er mogleg i dagens demokrati. Avslaget frå etaten, som kan jussen, var grundig og godt. At det berre kan feiast vekk i løpet av eit par dagar, er for oss veldig uforståeleg.

– Det er på ingen måte noko forhasta. Me står støtt i denne avgjerda, svarer Nævdal-Bolstad.

Naboane har no klaga på at byråden omgjorde avslaget. Dermed skal bystyrepolitikarane vurdera saka.

– Det er den store mot den vesle her, men me håpar at fornufta sigrar til slutt. Me har absolutt ikkje gitt opp, seier Ystanes.

Publisert 23.05.2025, kl. 13.28

Read Entire Article