Israels statsminister Benjamin Netanyahu har òg bestemt seg for å blokkere all humanitær hjelp til Gaza, opplyser statsministerens kontor i ei uttale sundag.
Det skriv Reuters.
Avgjerda kjem ifølgje Netanyahu etter at den fyrste fasen av våpenkvileavtalen gjekk ut laurdag, og Hamas avviste USAs forslag om forlenging.
– Israel vil ikkje gå med på ei våpenkvile utan frigjering av våre gislar. Dersom Hamas held fram med å nekte, vil det få fleire konsekvensar, heiter det i ei uttale frå statsministerens kontor, ifølgje Al Jazeera.
Uenigheit
I midten av januar inngjekk Israel og Hamas våpenkvile. Den bestod av fleire fasar, og fyrste fase gjekk ut denne helga.
No er partane ueinige om korleis våpenkvila skal forlengast.
Israel har sagt ja til eit forslag frå USAs spesialutsending Steve Witkoff om å forlenge våpenkvila gjennom høgtidene ramadan og pesach.
Forslaget går ut på at halvparten av dei attverande israelske gislane blir frigjevne ved starten av forlenginga, medan resten blir sleppte fri dersom partane blir einige om ein permanent våpenkvile. Det melder nyheitsbyråa Reuters, AFP.
Hamas vil at fase to av den opprinnelege våpenkvileavtalen blir sett i verk.
– Denne manipuleringa vil ikkje føre til at gislane kjem heim, men snarare gjere at dei held fram med å lida og vere i fare, seier Hamas-leiar Mahmoud Mardawi til Reuters.
Inngjekk våpenkvile i januar
Den fyrste fasen av våpenkvila førte til at 33 israelske gislar og fem thailandske statsborgarar blei frigjevne.
Israel slapp fri rundt 2 000 palestinske fangar, deriblant fleire mindreårige.
Avtalen opna òg for auka humanitær hjelp til Gaza, som har vore hardt ramma av krigen.
Forhandlingane om fase to har gått føre seg i Kairo, men har ikkje ført til noko resultat.
Ifølgje egyptiske kjelder ønskjer Israel å forlenge den første fasen med 42 dagar, medan Hamas insisterer på at Israel må gjennomføre den neste fasen av avtalen som blei inngått i januar, skriv AFP.
Publisert 02.03.2025, kl. 08.12 Oppdatert 02.03.2025, kl. 08.19