Til saman ni store himmelfenomen vil vere synleg frå jorda på ulike tidspunkt måndag og tysdag.
Planetane Merkur, Jupiter, Saturn og Venus kan sjåast med det blotte auget.
I tillegg til dette vil meteorsvermen Perseidene vere på sitt sterkaste desse dagane, og vil vere enklast å sjå på natta.
Det gjeld å stå opp før sola
Dei seks planetane vil vere synleg allereie natt til måndag, men tysdag er dagen då planetane vil stå nærast kvarandre.
Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard seier at det er morgonfuglane som vil få med seg mesteparten av fenomenet.
Astrofysikaren seier at det gjeld å stå opp tidleg for den som vil sjå dette. Arkivbilete.
Foto: Heiko Junge / NTB– Det er grytidleg på morgonen som gjeld her, for då er desse planetane styrande. Det er nok sånn i fire- halv fem tida som gjeld for mange stader.
Dette er fordi sola står opp tidleg i sommarmånadane, og lyset vil gjere det vanskeleg å sjå fleire av planetane.
Då er det lurt å vere ute når det er mørkast mogleg.
Denne illustrasjonen viser kor på himmelen planetane vil stå. Merkur, Jupiter og Venus i aust, og Saturn, Neptun, Ceres og månen i vest.
Foto: NASA/Sannes & ØdegaardMeteorsverm oppå det heile
Meteorsvermen Perseidene kan vere litt vanskeleg å sjå fordi det nettopp har vore fullmåne.
Men dersom ein stiller seg i skuggen av månelyset, bak eit stort bygg eller eit tre, vil det kunne vere enklare å sjå den.
Den vil vere aller mest synleg natt til tysdag 13. august.
Perseidene sett frå Tyskland i 2013.
Foto: AfpAstrofysikaren kjem med eit tydeleg råd:
– Ein bør bevege seg til ein litt mørk stad. Desse planetane er jo lett synlege også frå lyse område, men om ein vil ha med seg stjerneskotet, så gjeld det å stå på ein mørkast mogleg stad. Gjerne sånn at månen ikkje er direkte synleg, då blir det blenda lys frå den.
Perseidene er synleg kvart år i juli og august, og den er enklare å sjå når det ikkje er fullmåne samtidig.
Legg seg ekstra seint for å få med seg dette
Magnar Fjørtoft er ein astrofotograf frå Ulsteinvik, og er busett i Molde.
Magnar Fjørtoft frå Ulsteinvik håper han får bilete av meteorsvermen.
Foto: Magnar Fjørtoft / PrivatHan er ikkje ein morgonfugl, og har heller ingen planar om å stå opp tidleg for å sjå fenomenet.
Han vel heller å leggje seg ekstra seint.
– Som B-menneske går eg heller døgnet rundt. Det passar meg som amatørastronom, når eg elskar nettene og hatar morgonane, ler han.
Magnar Fjørtoft er astrofotograf, og har tidlegare tatt desse bileta av stjernehimmelen.
Foto: Magnar Fjørtoft / PrivatMagnar Fjørtoft er astrofotograf, og har tidlegare tatt desse bileta av stjernehimmelen.
Foto: Magnar Fjørtoft / PrivatMagnar Fjørtoft er astrofotograf, og har tidlegare tatt desse bileta av stjernehimmelen.
Foto: Magnar Fjørtoft / PrivatMagnar Fjørtoft er astrofotograf, og har tidlegare tatt desse bileta av stjernehimmelen.
Foto: PrivatMagnar Fjørtoft er astrofotograf, og har tidlegare tatt desse bileta av stjernehimmelen.
Foto: Magnar Fjørtoft / Privat
Han ser aller mest fram til å sjå og fotografere stjerneskotsvermen.
– Av desse fenomena så er det stjerneskotsvermen som er det store. Og kan eg endeleg få eit verkeleg godt stjerneskotbilete, så er jo det berre ein bonus.
Skal du ta turen ut og sjå på himmelen dei komande dagene?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Astrofotografen håper at skyene ikkje blir i vegen for alt som føregår på himmelen dei neste dagane.
Krysse fingrane for klarvêr
Astrofysikaren seier at dei som er lenger sør i landet vil få sett aller mest.
I Nord-Noreg vil himmelen framleis vere for lys for å få med seg dette.
– Det er ikkje noko skarp overgang, men når du kjem langt nord for Trondheim så byrjar nok himmelen å bli såpass lys at du kan nok sjå Jupiter, Venus og kanskje Saturn, men dei andre planetane vil nok bli vanskeleg å få med seg.
Viss du vil vere sikker på å få med deg himmelfenomena bør du ikkje vere på Vestlandet, melder meteorologen.
– Møre og Romsdal er ikkje den beste plassen å vere på for å sjå dette. Det er størst potensial for regn og overskya, men det er framleis nokre dagar att, så det finst alltid håp, seier vakthavande Rebecca Roggentin.
Størst håp er det på austsida av fjella, ettersom vêret dei neste dagane kjem frå vest. Meteorologen rår derfor om å reise austover om ein vil få med seg himmelen.
I nord er det meir håp enn i vest.
– I Nord-Noreg blir det også delvis skya på nattetid, men det er ikkje opplagt at det blir mogleg å sjå det, seier Roggentin.
Publisert 10.08.2025, kl. 15.32