I 2018 vart Håvard Hetle kåra til Noregs største fotballtalent.
Han følgde proffdraumen og gjekk frå guterommet i Breim til Sogndal Fotball.
I same tidsrom spelte han 21 aldersbestemte landskampar. Han delte grasmatta med dagens landslagsprofil Oscar Bobb (Manchester City).
Men dei skulle etter kvart utvikle seg i to heilt ulike retningar.
Frå då Håvard Hetle skreiv under for Sogndal Fotball. Ein draum som gjekk i oppfylling.
Foto: Sogndal FotballEtter ein lengre periode med altfor mykje trening og altfor lite mat sette han seg sjølv sjakkmatt. 18 år gamal.
Han utvikla eteforstyrringar og fekk anoreksi.
– Fotballen var alt eg hadde. Då eg mista den var det ikkje noko anna å leve for.
Mål om spele fast som 17-åring
Etter pangstarten i 2018 kom Håvard inn i eit heilprofesjonelt miljø i Sogndal. Alle var raskare, sterkare og betre.
– Eg hadde som mål å spele fast der. Noko eg ikkje burde hatt fokus på som 17-åring.
Trass Håvard sin unge alder, var han ein av dei tyngste på laget.
Han sleit med å finne seg til rette i spelargruppa og fekk ikkje dei stadfestingane han trong på trening.
– Eg starta å sjå kva eg kunne gjere annleis for å bli som dei beste, og då var det fort å trene meir og ete litt mindre.
Han var påpasseleg på kor mykje han åt og kunne trene ei ekstra økt i frykt for å gå opp i vekt.
Trudde han var ferdig med fotballen
Til vanleg vog han 90 kg, men no var han komen ned i 75 kg
– Eg vakna på eit hotellrom før ein bortekamp, der kroppen var heilt slått ut.
Her var Håvard Hetle på prøvespel i FC København i 2021.
Foto: FC København– Hadde eg tatt grep den gongen hadde eg kanskje klart å komme meg ut av det, men eg var redd for å anerkjenne problemet
Sjølv med ein nedbroten kropp heldt han fram inn i 2021. Først på utlån i Florø og så på prøvespel i FC København.
Når han returnerte til Sogndal den hausten klarte ikkje kroppen halde tritt med ambisjonane.
– Eg trudde eg aldri skulle spele fotball igjen.
Sidan har det vore ein kamp om å få helsa på plass igjen.
Ein betenkt Hetle før kamp der han kjenner på kjensler han har sakna frå fotballen.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKAuke blant unge gutar i idretten
Klinisk ernæringsfysiolog ved Olympiatoppen, Kjersti Rolfsen, er svært positiv til at Håvard snakkar ut om eteforstyrringane.
– Det er med på å bidra til at fleire kanskje søker hjelp tidleg, før det blir så alvorleg.
Klinisk ernæringsfysiolog ved Olympiatoppen, Kjersti Rolfsen.
Foto: OlympiatoppenEin ny studie viser at fleire unge gutar i idretten får eteforstyrringar. Andelen har auka frå 3 prosent til nesten 6 prosent.
– Det blir tidlegare spesialisering i idretten, og unge blir freista til å ta ut marginar i for tidleg alder. Det er ikkje nødvendigvis berekraftig for god prestasjonsutvikling.
Men faktorane ligg også utanfor idretten.
– Det kan komme av auka press frå sosiale medium på kropp og utsjånad som finst også utanfor idretten, seier Rolfsen.
Rutinane er betre
Sogndal Fotball seier dei, saman med heile toppfotballen, har lært av situasjonen med Håvard Hetle.
– Tidlegare var det nok litt mangelfullt. No er det andre rutinar og ressursar, slik at vi betre kan handtere slike utfordringar, seier utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball, Anders Stadheim.
Gjennom eit planverk i klubben jobbar dei kontinuerleg med å avdekke korleis dei unge spelarane har det, både mentalt, fysisk og generelt i livet.
– Vi håpar inderleg at spelarane våre føler seg sett og ivaretatt, for der føler vi at vi legg ned ein vesentleg innsats, seier utviklingsansvarleg i Sogndal Fotball, Anders Stadheim.
Foto: Songdal fotballLyspunkt
For å fylle tomrommet fann Håvard Hetle trøyst i bakverk, og tok fagbrev som bakar.
I tillegg fant han eit lokalt tilbod som fokuserte på konkrete arbeidsoppgåver heller enn samtaleterapi.
– Sakte men sikkert vart det betre og kvardagen gav meir meining igjen.
I haust starta han på lærarstudiet i Volda, ikkje langt frå heimtraktene sine.
Og litt uventa dukka det opp ein ny moglegheit.
Ei ny glede
Veslebroren, som er keeper for Sandane (STIL), nabobygda til heimplassen Breim, vart skada. Inn som erstattar steig Håvard Hetle.
– Eg har fått tilbake det barnslege i meg. Det er kjekt å jakte den ballen igjen.
Ny glede har lokka Hetle tilbake til fotballbana.
Foto: Maren Braut / NRKFor første gang på fire år er han tilbake mellom stengene, for Sandane i 4. divisjon.
Vekta er slik den skal vere og han er kaptein på laget.
– Det er ikkje så livsviktig som det var, no handlar det om å skape opplevingar saman med andre. Ein mykje betre situasjon enn det var før.
Håvard Hetle har blitt ein leiar som 22-åring, og ber kapteinsbindet for Sandane sitt herrelag.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKOg til andre som kan hamne i same situasjon er det aller viktigaste å finne tilbake gleda.
– Du må gjere det som gir deg glede. Om det er å gå på løkka med kompisar i staden for på treninga, så gjer det.
Og når Bobb tek på seg landslagstrøya i VM-kvalifiseringskampen mot Israel på laurdag, set Håvard seg i sofaen i Breim for å sjå på.
Oscar Bobb spelar på Manchester City og er fast landslagstroppen til Noreg. Tidlegare spelte han saman med Håvard Hetle på aldersbestemte landslag.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Eg trivst best her eg er no, men det er veldig kjekt å sjå kor langt dei har kome. Det er berre artig.
Publisert 10.10.2025, kl. 16.13