– Fortel om då du kasta ein tomat på meg førre veke!
Magnus Nedregotten (35) ropar til kona Kristin Skaslien (40).
Skaslien bryt ut i lått, men legg ikkje skjul på at det gjekk ei kule varmt i krangelen heime.
– Eg fekk avslutta diskusjonen med å kaste litt tomat på Magnus. Eg blei litt flau no, men eg står fint i det, seier ho.
Kristin Skaslien måtte innrømme tomatkasting då ektemannen tok det opp i intervjuet med NRK.
Gav opp mentaltrenaren
Paret som har både bronse frå leikane i 2018 og sølv frå 2022, er kjende for sin eksplosive kommunikasjon på isen.
Etter fleire forsøk på å polere oppførselen, har ekteparet no lagt bort alle profesjonelle råd om korleis dei bør snakke saman.
– Vi har prøvd mentaltrenar, men det har vore kortvarig lukke.
– Vi har blitt gamle nok til å gi litt faen, rett og slett, fortel Nedregotten.
SKIVEBOM: Magnus Nedregotten fekk ein tomat kasta etter seg under diskusjonen i heimen førre veke.
Foto: Johan E Bull / NRKNo er strategien endra: Det er best å berre vere seg sjølv, på godt og vondt.
– Vi har kome fram til at litt krangling må det vere utpå der. Vår dynamikk er å få ting ut av systemet ganske fort, forklarer Skaslien.
Tidlegare kunne paret vere sure på kvarandre i fleire dagar etter ein krangel på banen. No tek det rundt ein time før dei legg det bak seg.
– Vi har blitt mykje flinkare til å skilje det som skjer på isen og det som skjer privat, fortel Nedregotten.
Her kan du sjå korleis det var mellom dei to på isen under ein viktig kamp i OL i 2022:
Magnus Nedregotten og Kristin Skaslien har blitt kjent for å diskutere litt framfor open mikrofon. Bilde frå IOC.
– Kan bli litt kleint
Det er rett nok ikkje alle som sett like stor pris på den ærlege stilen.
Landslagstrenar Joachim Lange legg ikkje skjul på at det kan koke litt vel mykje mellom dei to medaljehåpa.
– Det kan til tider bli litt kleint, innrømmer trenaren.
Han jobbar hardt for å få dei til å leggje feila raskt bak seg.
FEMTE HJUL: Trenaren fortel at det kan bli litt kleint når ekteparet fyrer laus mot kvarandre på isen.
Foto: Johan E Bull / NRKLikevel ser han ein stor fordel med den ufiltrerte stilen:
– Det er ikkje berre ulemper med at det blir ein krangel her og der. Dei har ein fordel i at dei kan seie nøyaktig kva dei vil.
Date på «smash room»
Oppladinga til årets største mål kan og seiast å vere av det utradisjonelle slaget. Til jul fekk Skaslien nemleg «smash room» av mannen.
– Det er eit rom der ein kan gå inn og knuse alt ein vil, herje og styre, fortel ho.
– Det skal vi nytte før OL for å få ut maks aggresjon, legg Nedregotten til.
MÅLRETTA: Dei har både bronse og sølv i skapet. No manglar berre det edlaste metallet.
Foto: Brit Susann Michaelsen Woldengen / NRKUnder leikane i Italia er målet krystallklart for paret som har sanka edelt metall i to OL på rad.
– Vi manglar éin medalje, og det er den av gull, fastslår Skaslien.
Ekteparet skal ut i sine første konkurransar i OL allereie 4. februar. Medaljejakta kan du følgje på NRK.
Publisert 02.02.2026, kl. 15.53 Oppdatert 02.02.2026, kl. 16.06















English (US)