– Vi kjenner ikkje til nokon andre kulturutøvarar som blir skattlagd med ei særavgift på den måten, seier leiar i Film og Kino Espen Lundberg Pedersen.
Særavgifta han snakkar om er kinoavgifta på 2,5 %, som bransjen opplever som urettferdig.
Avgifta genererer 30 millionar til statskassa. Det er ein fiskal avgift, så pengane er ikkje øyremerkte.
Dette er pengar bransjen helst skulle brukt til å oppgradere heilt nødvendig utstyr for å overleve.
– Slik avgifta er nå går den rett inn i statskassa, og pengane kjem ikkje kinoane til gode i retur. Difor ønskjer vi å avskaffe skatt på kinobillettar, seier Lundberg Pedersen.
Filmen «Zootropolis» har ikkje klart å redde stemninga i kinobransjen.
Foto: DisneyFor sjølv om filmen «Zootropolis» har skapt Disney-stemning på kinoane i desember, så er stemninga i kinobransjen likevel ganske laber.
Norske kinoar opplever tronge tider, med lite overskot og gammalt utstyr dei ikkje har råd til å oppgradere. 37 kommunale kinoar blei føreslått lagd ned i fjor, ifølgje bransjeorganisasjonen Film og Kino.
– Vi kjenner ikkje til nokon andre kulturutøvarar som blir skattlagd med ei særavgift på den måten, seier leiar i Film og Kino, Espen Lundberg Pedersen.
– Vi skulle jo veldig gjerne ønska å sleppe denne kinoavgifta, seier Gøril Eidhammer, leiar i Kinoforbundet.
– Samstundes hadde det ikkje vore så vondt å betale den om den gjekk direkte til bransjeorganisasjonen Film og kino.
– Eg trur det er ein gjengs oppfatning i bransjen at vi har blitt nedprioritert, meiner kinosjef i Kongsberg kino, Even Thunes Jensen.
Klarer ikkje hente seg inn
Norske kinoar slit framleis med låge besøkstal etter pandemien. I løpet av 2019 hadde norske kinoar 12 millionar besøk, medan besøket i fjor var på om lag 8 millionar.
I tillegg til færre selde billettar har leigeprisar, løn og andre utgifter auka. Dessutan er tida inne for mange til å skifte ut slitne projektorar, som er sjølve livsnerven i kinoen. Ingen projektor – ingen film.
Men ein ny projektor kostar om lag ein halv million kroner, som for dei aller fleste er ei for stor investering utan hjelp utanifrå.
– Ein må konkurrere med skule, helse og omsorg, og då er det lett å bli nedprioritert, seier Gøril Eidhammer, leiar i Kinoforbundet.
Ei betydeleg utgift for mindre kinoar
I 2024 vedtok politikarane i Kongsberg å vurdere om den lokale kinoen skulle leggast ned, eller om ein skulle sjå på andre driftsformer. Kinoen overlevde vurderinga.
Kongsberg kino, som er ein middels stor kommunal kino, opererer med små marginar. Og for kinoen åleine utgjer kinoavgifta årleg 200 000 kroner.
Når kinosjef Even Thunes Jensen går igjennom neste års budsjett for å prøve å finne rom til å investere i ein laserprojektor, som er nødvendig for drifta, gjer han ei oppdaging.
– Eg ser at det vi betalar inn i kinoavgift, det er eigentleg nok til å dekke lån og avdrag på ein stykk laserprojektor.
– Korleis kjennest det å måtte betale denne avgifta?
– Det opplevast urettferdig at vi må betale ein ekstra skatt i tillegg til moms for vårt kulturtilbod. Kino er det kulturtilbodet som flest menneske nyttar, seier Thunes Jensen.
Kongsberg kino blei vurdert nedlagt i 2024, men overlevde vurderinga.
Foto: Mecanoo Architecture– Byråkratiske ordningar
Trass i utfordringane i kinobransjen har regjeringa førebels ingen planar om å fjerne kinoavgifta. Og statssekretær i kulturdepartementet Trude Storheim meiner kinoane blir prioritert.
– Kinoavgifta er ei inntekt til statskassa på 30 millionar, men vi bruker det dobbelte på ulike filmformidlingstiltak og bygdekinoar kvart år. Dette er veldig viktig for oss. Vi ønskjer jo kino og film av høg kvalitet i heile landet, framover òg, seier Storheim.
Statssekretær i kulturdepartementet, Trude Storheim, meiner dei prioriterer kinobransjen.
Foto: © Ilja C. HendelStorheim peikar blant anna på pengar regjeringa løyver til Norsk filminstitutt, som skal gå til filmformidlingstiltak. Men ifølge bransjen er ikkje desse pengane øyremerkte, og søkeprosessen er komplisert og tidkrevjande.
– Det finst ordningar i NFI vi kan søke på. Men vi ser at det har blitt litt vel byråkratisk og ikkje tilpassa behova ute i Kino-Noreg, seier Thunes Jensen.
Ifølge statssekretæren jobbar kulturdepartementet med å få på plass ein strategi kalla «behovsprøvd innskot til innkjøp av kinoteknisk utstyr og oppgradering av kinoinventar».
– Dette er igjen eit budsjettspørsmål som vi ikkje har klart å prioritere nå. Men det betyr ikkje at det ikkje er viktig, seier Storheim.
Sidan 2015 har kinobransjen jobba for å fjerne kinoavgifta. Utan hell.
Og sjølv om dei blir mødt med forståing frå politikarane, har det vore lite handling, fortel Lundberg Pedersen i Film og Kino.
– Responsen blant politikarar er at det er ei urettferdig avgift, og dei støttar synet vårt. Men det er ingen som har ønska å ta vår sak og prioritere å få avgifta avskaffa, seier Lundberg Pedersen.
Publisert 16.12.2025, kl. 09.54


















English (US)