Lågaste kakaoprisen på fleire år – Nora håper på billigare sjokolade

12 hours ago 4


Eg kjøper eigentleg berre sjokolade når det er på tilbod, seier Nora Kristiansen.

Når NRK treff ho på butikken har priskrigen før påske allereie starta.

Eg synest prisen til vanleg er for dyr.

Dei siste åra har kakaoprisen vore svært høg, men er no på veg ned igjen. Om det gir lågare sjokoladeprisar for forbrukarane er ikkje Kristiansen sikker på.

Min erfaring er vel eigentleg at når priser først har stige, så er det sjeldan at dei senkar prisane tilbake til den opphavelege prisen.

– Men eg håper!

Å fylle handlevogna med sjokolade har vore dyrt dei siste åra.

VIDEO: Morten Waagø/NRK

Lågaste pris sidan 2023

Prisen på kakao blir sett på verda sine råvarebørsar.

I dag må ein ut med omtrent 2900 amerikanske dollar for eit tonn med kakao.

Det er ein pris som er meir enn 60 prosent lågare enn på same tid i fjor og nesten 75 prosent lågare enn da prisen var på sitt høgaste i april 2024.

Graf som viser prisen på kakao

Dei siste åra har kakaoprisen vore høg. No er prisen tilbake til same pris som i 2023.

Foto: Skjermdump / TradingEconomics.com

Mellom anna Orkla har peikt på dei høge prisane på kakao som årsaka til at laurdagskosen har blitt dyrare dei siste åra:

Dei som håper billigare kakao skal gje billigare sjokolade for forbrukarane kan derimot kanskje bli skuffa.

– Eg trur ikkje dei skal vere så forhåpningsfulle, seier Are Oust.

Han er professor i finansiell økonomi ved NTNU Handelshøgskulen

Det kjem nok ein kampanje knytt til påska, men så blir det nok normale priser igjen etterpå.

Are Oust, professor ved NTNU Handelshøgskolen

Are Oust er ikkje sikker på at heile prisnedgangen kjem til å komme forbrukarane til gode.

Foto: Sony A7iv / NRK

Oust fortel at kakaoprisen dei siste åra har vore unormalt høg, men at han no er tilbake til der han var.

Prisnedgangen i kakao burde føre til at sjokolade blir billigare i butikken, seier han.

– Det korte svaret er at ja, det bør føre til lågare prisar.

– Så er det litt lengre svaret at det er enklare å synkronisere ein prisoppgang enn å få prisane ned igjen.

  • Sofia Olsen på Coop i Trondheim held opp ein sjokoladeplate

    Morten Waagø / NRK

    Sofia Olsen

    – Det er litt for dyrt synest eg, seier Olsen om sjokoladeprisen når det ikkje er tilbod.

    Ho fortel at prisen er viktig for om ho vel å kjøpe sjokolade eller ikkje.

    – Han er ganske viktig.

    – Når det er så billig som no så kan det hende at eg «stacker opp» litt.

    Ho håper sjokoladeprisane blir lågare.

    – Samstundes er det jo litt bra at det ikkje er kjempebillig, så ein ikkje eter alt for mykje av det.

  • Astrid Kopseng på Coop Extra i Trondheim fortel om sjokoladeprisen. Sjokolade i bakgrunnen

    Morten Waagø / NRK

    Astrid Kopseng:

    – Han er veldig viktig. Det er fattige tilstandar som student, seier Kopseng om prisen på sjokolade.

    Ho synest prisane har blitt veldig høge dei siste åra.

    – Eg prøver å følgje med på om det er tilbod.

    Kopseng fortel at ho no håper at prisane kjem til å gå ned.

    – Eg håper jo det. Eg skjønner jo kvifor prisane har stige, men det er jo litt kjipt.

  • Lou Brandtsegg på Coop Extra i Trondheim. Sjokoladehylla bak

    Morten Waagø / NRK

    Lou Brandtsegg

    – Ein kan kanskje seie at han har vore absurd høg, seier Brandtsegg om prisane på sjokolade dei siste åra.

    Han fortel at han forsøker å følgje med på når det er tilbod.

    – Eg har prata med både familie og venner om tida da ein fekk fire plater for 100 kronar.

    – No får ein kanskje tre for 100 om ein er heldig.

    Han fortel at han neste aldri kjøper sjokolade med mindre det er tilbod.

  • Gudrun Vikstad på coop Extra i Trondheim. Ho fortel om sitt forhold til sjokoladeprisar

    Morten Waagø / NRK

    Gudrun Vikestad

    – Ja, eg et litt sjokolade, fortel Vikestad.

    – Men berre mørk sjokolade. Helst med marsipan.

    Ho fortel at ho følgjer med på prisane, men kjøper sjokolade sjølv om prisen har stige dei siste åra.

    – Eg kjøper det lell.

    Men eg et ikkje så mykje, det er berre som laurdagsgodter.

    Sjølv om ho håpar på lågare priser trur ho ikkje det kjem til å skje.

    – Det har eg lita tru på. Alle prisar går jo opp no.

Professoren peiker også på at kakao berre er ein av fleire råvarer som må til for å produsere sjokolade.

Ein vanleg plate med mjølkesjokolade består av omkring 30 prosent kakao.

– I tillegg kjem arbeidskrafta, marknadsføring og alt mogleg anna som utgjer totalen av prisen produsenten tar når dei sel sjokoladen til butikkane.

– Så sjølve råvara kakao er nok berre ein liten del av totalprisen på ei plate sjokolade.

Kor viktig er prisen på sjokolade for deg?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Professoren peiker mellom anna på at det er lite konkurranse i sjokolademarknaden.

– Det er eit såkalla duopol, seier Oust og peiker på at Nidaros og Freia (Mondelez) er dei to store aktørane i marknaden, spesielt når det gjeld sjokoladeplater.

Han peiker på at prisane steig raskt da prisen på kakao steig.

– Men eg trur ikkje dei har det like travelt med å få prisane ned igjen.

Eit prissjokk som vi har hatt kan bli brukt til å koordinere prisane opp til eit nytt nivå.

Oust trur ein kan vente noko av den same dynamikken som hos bankane når renta går opp.

Det er litt det same som med bankar – dei er kjappe når rentene går opp, men ikkje like kjappe nå rentene skal ned, seier Oust.

stratos boble

Dei siste åra har sjokoladeprisane vore høge.

Foto: Emma Lorin Havend / NRK

– Til jula 2026 ser det lovande ut

Christian Anton Smedhaug er dagleg leiar for Agri analyse.

Han fortel at også andre ingrediensar i sjokolade, som for eksempel mjølk har blitt billigare, samstundes som straumprisane har stabilisert seg.

Så alt skulle tilseie at vi over tid vil sjå lågare priser.

Han fortel at produsentane som regel kjøper kakao på lengre kontraktar

Det blir kjøpt på kontraktar på seks og tolv månader. Så framleis er det eit stort etterslep.

Dette trur Smedshaug vil gjere at det tar tid før prisane blir lågare for forbrukarane.

Dersom kakaoavlinga blir god i dei største eksportlanda, er sjansen god for at prisen på sjokolade blir lågare i løpet av året, trur Smedshaug.

Til jula 2026 ser det lovande ut.

Priskrig på sjokoloade på Coop i Trondheim

Priskrigen før påske er allereie i gang hos lågpriskjedene.

Foto: Morten Waagø / NRK

Peiker på daglegvarekjedene

– Vi synest professor Oust sin samanlikning med finansnæringa er noko underleg, seier Øyvind Olufsen.

Han er kommunikasjonssjef i Mondelez i Noreg og Danmark.

– Bankane er i direkte priskonkurranse mot kvarandre mot forbrukar. Dette gjeld ikkje i daglegvaremarknaden.

– Våre kundar er butikkjedene, og det er butikkjedene sjølv som sett hylleprisane og som vel sin marginstrategi. Vi konkurrerer dermed ikkje direkte på pris til forbrukar.

Det er daglegvarekjedene som er riktig mottakar for slike spørsmål, seier Olufsen.

Nidar produksjon av bamsemums

Kakao er ein av fleire ingrediensar som må til for å produsere sjokolade.

Foto: Bjørn Wad / Orkla Snacks

Olufsen peiker også på at dei kjøper kakao på langtidskontraktar.

– Spotprisen frå dag til dag er dermed ikkje det mest relevante.

Også Nidar peiker på dei kjøper kakao på langtidskontraktar.

– Endringar i råvaremarknaden slår derfor ikkje nødvendigvis ut med ein gong, fortel kommunikasjonsdirektør i Orkla Snacks, Elisabeth Aandstad Ekheim.

– Vi har dessverre ikkje anledning til å gå inn på framtidige priser eller prisane vi gir våre kundar. Det er daglegvarekjedene som sett prisane i butikk.

– Tregleik i verdikjeda

– Påstanden om at vi ikkje har det travelt med å sette ned prisane, må stå for Oust si rekning, seier Knut Lutnæs i Coop Noreg.

NRK har vore i kontakt med Coop, Rema og Norgesgruppen som eig kjedene Kiwi, Spar, Meny, Joker og Nærbutikken.

Fleire av dei peiker på at det kan ta tid før forbrukarane får billigare sjokolade:

  • et skilt på ein bygning

    Audun Braastad / NTB

    Rema 1000

    Det håper vi varer, slik at det også kan merkes i butikk framover, Hege Rognlien, i Rema, om fallet i kakaopris.

    Ho peiker på at prisen på kakao er ein av fleire ting som påverkar prisen på sjokolade.

    Frå ei råvare blir kjøpt inn og til den same råvara finst i butikkhylla som eit ferdig produkt, vil det ta tid, avhengig av produkt.

    Det gjeld både når råvareprisane går opp og når dei går ned.

  • Matvarekjede, COOP butikk, mørketid, Logo, Parkerte bilar

    Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

    Coop:

    Ei rekke sjokoladeprodukt har blitt redusert i pris den siste tida, seier Knut Lutnæs.

    Coop kjøper ikkje råvarer direkte, men ferdige produkt frå våre leverandørar. Det er derfor leverandørane som i første omgang blir påverka av endringar i råvareprisar.

    Han peiker på at det også er mykje anna som påverkar prisen på sjokolade.

    Av konkurranseomsyn kan vi ikkje kommentere framtidige priser.

  • Logo til daglegvarekjeda Kiwi.

    Audun Braastad / NTB

    Norgesgruppen:

    Ulike geografiske område råvara kjem frå, kva kvalitet det er snakk om og lengda på kontraktar på volum vil påverke innkjøpsprisane og også utsalspris i butikk.

    Det fortel Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen.

    Av omsyn til konkurranselovgivningen kan vi ikkje seie noko om framtidige prisar, utover at vi alltid skal vere konkurransedyktige både på sortiment og pris til forbrukar.

– Vi ser at råvareprisen på kakao fell og vi forventar at det vil påverke prisane vi får frå leverandørane framover.

Det fortel Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen.

– Det er ein tregleik i verdikjeda på når prisendringar treff oss og når dei treff forbrukarane.

Søyland fortel at dei alltid er i dialog med leverandørane når dei ser at råvareprisar fell. På grunn av konkurranselovgjeving kan ho ikkje seie noko om prisane i framtida, seier ho.

Publisert 10.03.2026, kl. 06.00

Read Entire Article