Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8b9eef9e70b45d9d5119f191ae2c2ff4, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Lancet: Noreg større auke i forventa levealder enn andre land i Europa - NorwayToday

Lancet: Noreg større auke i forventa levealder enn andre land i Europa

5 months ago 33


NRK RETTAR: I ein tidlegare versjon av denne saka frå NTB stod det at Noreg er einaste av 20 land i Europa kor forventa levealder aukar. Det rette er at alle dei undersøkte landa har ein auke, men at auken er mindre i perioden 2011–2019 enn i 1990–2011 i alle landa bortsett frå Noreg. Saka vart oppdatert 21.02.25 klokka 08.50.

Studien er gjennomført i 20 vesteuropeiske land.

Den tek for seg forventa levealder ved fødsel mellom 1990 og 2021.

– Alle land i denne studien, bortsett frå Noreg, opplevde ein nedgang i auken av forventa levealder etter 2011, heiter det i studien, skriv The Lancet.

Nedgang før korona

Stillstanden i dei andre landa kom lenge før koronapandemien i 2020.

Trenden er den same i alle landa som har vorte undersøkt – med Noreg som det einaste unntaket.

Den største skilnaden finn ein på Dei britiske øyane med England øvst, etterfylgt av Nord-Irland, Wales og Skottland.

Dei siste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at forventa levealder i Noreg var 81,4 år for menn og 84,6 år for kvinner i 2023.

Publisert 21.02.2025, kl. 08.36 Oppdatert 21.02.2025, kl. 08.55

Read Entire Article