– Dette er kanskje den mest krevjande saka kommunestyret har behandla.
Det sa ordførar Geir-Inge Sivertsen (H) i Senja frå talarstolen.
På tilhøyrarbenken var det fullt, da kommunestyret vedtok å legge ned 5 av 6 sjukeheimar.
Alle sjukeheimane i distriktet blir omgjorde til omsorgsbustader.
Med berre ein sjukeheim igjen i kommunen med nærare 15.000 innbyggarar, blir også talet på sjukeheimsplassar halverte.
Årsaka er at kommunen dei tre neste året må kutte 100 millionar kroner.
Forslaget blei vedtatt med 18 mot 13 stemmer.
Mange følgde budsjettdebatten i Senja kommune.
Foto: Malin Straumsnes / NRK- Les også: Må spare 100 mill.: Fryktar kroken på døra for bygda.
Opprørt og skuffa
I nærare eit halvt år har aksjonsgruppa Sykehjemspprøret i Senja jobba for å bevare sjukeheimane i distriktet.
– Det her er forferdeleg trist.
Det seier talsperson for aksjonistane, Herbjørg Valvåg.
– Vi synest skrivebordsarbeidet her har vore dårleg. Det er ikkje gjort økonomiske utgreiingar av kva sjukeheimane betyr for distrikta. Og så har det blitt kommunisert dårleg med befolkninga, seier ho.
Aksjonist i Sykehjemspprøret i Senja, Herbjørg Valvåg.
Foto: Malin Straumsnes / NRKAksjonisten er frå Stonglandseidet, ei av bygdene som nå mistar sjukeheimen. Det skjer også i Sifjord, Gryllefjord, Skaland og Rossfjord.
Berre sjukeheimen i kommunesenteret Finnsnes består.
Etter kommunestyret var Valvåg og dei andre aksjonistane opprørte og skuffa.
– Det har vore eit opplegg frå toppen og ned. Sist er det politikarane som har vunne fram, også har kommunisert utruleg dårleg med folket her ute.
Sifjord er ei av bygdene kor sjukeheimen blir omsorgsbustadar.
Foto: Malin Straumsnes / NRKLes meir: Senja kommune skal spare 100 millionar kroner: Musikar-Moddi og innbyggarane gjer opprør.
Fryktar knipe i framtida
SV-politikar Kay-Erling Ludvigsen la fram eit anna forslag til vedtak, der fleire sjukeheimsplassar i distrikta fekk bestå.
Men forslaget nådde ikkje opp.
No er han bekymra.
– Vi går frå 182 sjukeheimsplassar til 90. Eg er redd for at vi kjem til å stå i ei knipe i framtida. Ei knipe med for få plassar som kan gi hjelp til dei som treng det mest, seier SV-politikaren.
Lokalpolitikar for SV, Kay-Erling Ludvigsen.
Foto: Malin Straumsnes / NRKOrdføraren seier derimot at dei nye omsorgssentera i distrikta er framtidsretta.
Han meiner det også kan bidra til rekruttering av tilsette.
– Dette vil vere ein av framtidas måtar å kunne drifte desse tenestene ute i distriktet. Det er moglegheita kommunen har til å gi tenester på dette omsorgsnivået i distrikta, seier Sivertsen.
Ordførar i Senja kommune, Geir-Inge Sivertsen (H).
Foto: Malin Straumsnes / NRKSenja-ordføraren meiner det også kan bidra til rekruttering av tilsette.
Sjukepleiarstudent Hanna Margrethe Teigen Olsen er ikkje av same oppfatning.
– Eg er bekymra for at det ikkje er bruk for arbeidskrafta mi lenger her i distriktet.
Det sa ho til NRK tidlegare i veka.
Hanna Margrethe Teigen Olsen er sjukepleiarstudent og vil framleis bu på Flakstadvåg på Senja. Men ho er redd kroken på døra for sjukeheimen ho jobbar på, kan gjere at bygda døyr ut.
Foto: Malin Straumsnes / NRKKommunestyret skulle også ta stilling til om legekontora ute i distrikta også skulle leggast ned. Politikarane valde foreløpig å behalde dei.
Publisert 18.12.2025, kl. 21.35 Oppdatert 18.12.2025, kl. 21.49



















English (US)