24. juli tar Rosenborg imot Manchester United til showkamp på Lerkendal.
Da den engelske storklubben kom til Trondheim i 2024, blei billettane rivne bort på halvanna døgn.
I år har ikkje salet gått like fort.
– Det er seld omtrent 4000 billettar til kampen, fortel Merete Prestkvern, dagleg leiar i Scandsports som arrangerer kampen.
Det betyr at over 17.000 sete på Lerkendal enno står ledige.
Lerkendal har plass til over 21.400 tilskodarar.
Foto: Skjermdump / rbk.noOpp mot 1500 kroner per billett
Prisen på billettane til kampen varierer ut ifrå kor på stadionen ein sit.
Øvst på kortsidene finn ein dei billigaste billettane som kostar 945 kroner.
For plass midt på langsida må ein ut med 1495 kroner per billett, uavhengig av alder.
Ein familie på fire må dermed ut med nesten 6000 kroner for disse plassane.
På ein vanleg heimekamp må den same familien ut med 1320 kroner for dei same plassane, viser klubben sin heimeside.
Prisane har fått fleire til å reagere i sosiale medium.
«Latterlege priser», skriv ein brukar under klubben sitt innlegg på Facebook, mens ein annan kallar kampen for ein «klovnekamp».
«1500 fer å sjå C-laget t United e jo tidenes kupp», skriv ein annan ironisk.
Fleire reagerer på billettprisane i sosiale medium.
Foto: Skjermdump / Facebook– Ein jobb å gjere med marknadsføring
NRK har gjort fleire forsøk på å få ein kommentar frå Rosenborg om showkampen og kva sviktande billettsal kan ha å seie for klubben.
Leiar for publikum og arrangement i Rosenborg, Pernille Grut Sørlie, viser til Scandsports som arrangerer kampen.
Merete Prestkvern i Scandsports fortel at dei gjerne skulle ha selt fleire billettar.
– Vi har fått tilbakemelding frå fleire om at dei ikkje veit om kampen. Der har vi ein jobb å gjere med marknadsføring, og det er vi godt i gang med saman med gode samarbeidspartnarar, skriv Prestkvern i ein e-post til NRK.
– Med to månader til kamp er det framleis mange dagar igjen å selje billettar på.
Da Rosenborg spelte mot Manchester United i 2024 var det framfor eit fullsett Lerkendal.
Foto: Ole Martin Wold / NTBHo peiker på at mange fans truleg kjente på meir hastverk for å skaffe seg billett til kampen i 2024.
– Denne sommaren er det fire kampar med Manchester United i Norden. Dette gjer at dei har betre tid til å vurdere kor dei vil reise for å sjå laget spele.
Prestkvern peiker på at det er kostbart å hente dei største laga til Noreg for å spele privatkampar.
– Likevel vil det vere enklare og billigare for mange å sjå Manchester United i Trondheim, samanlikna med å få tak i billettar og måtte reise for å sjå kamp på Old Trafford.
– Kanskje har vi blitt for godt vant
– Da dei kom for to år sidan var det første gong nokosinne at dei kom til Trondheim.
Det seiar leier i Manchester United sin skandinaviske supportergruppe, Madelene Stolpe.
Ho peiker på at det engelske storlaget har vore på besøk i Noreg fleire gongar dei siste åra.
– Vi har vore kjempeheldige og hatt United på besøk kvart år over mange år.
– Men kanskje har vi blitt for godt vant også.
Rosenborg vann sist oppgjer mellom laga 1–0 etter skåring av Noah Holm.
Foto: Ole Martin Wold / NTBStolpe peiker på at billettsalet til storlaget sine kampar i Sverige går langt betre enn i Noreg.
I tillegg peiker ho på at både fly og hotell har blitt dyrare. Også billettprisen skjønner ho opplevast som dyr.
– Her skal begge klubbene ha sin del av pengane og arrangøren skal også ha sin del av kaka.
– Men eg skjønner jo veldig godt at det opplevast som dyrt for ein treningskamp.
Stolpe håper billettsalet tar seg opp i månadane fram mot kampen. Eit halvfullt Lerkendal er ho redd kan gjere det vanskelegare å få storklubben tilbake til Noreg.
– Eg trur det hadde vore synd med tanke på lysten for United til å kome tilbake til Noreg.
Madelene Stolpe håpar billettsalet tar seg opp.
Foto: PrivatFlyttar seriekamp
For å spele kampen mot Manchester United har Rosenborg sin kamp mot Fredrikstad blitt flytta frå søndag 26. juli til etterfølgande måndag.
Det har fått supportarar frå både Fredrikstad og Rosenborg til å reagere.
– Eg synest det er ei trist prioritering. Eg synest at ein skal prioritere serien heime før ein showkamp, sa leiar i Plankehaugen, Sandra Solheim Kjelsås til NRK da flyttinga blei klar.
Leiar i Kjernen, Inge Braa, har ikkje svart på NRK sine førespurnadar tysdag eller onsdag.
– Det er veldig dumt at vi må flytte eliteseriekampar for å kunne spele ein showkamp. Det er veldig uheldig for Fredrikstad-supporterane, som må på tur ein måndag i staden for ein søndag, fortalde Braa til TV 2.
«Tribunens ofres for UTD's timeplan – hvem er det da som betaler prisen for økonomi i ustand», stod det på eit banner nokre Rosenborg-supportarar heldt opp under Rosenborg sin kamp mot Sarpsborg.
Foto: Henning Levold / NRKDa Manchester United gjesta Lerkendal for to år sidan var fleire Rosenborg-supporterar misfornøgde.
– Vi frå ståstaden vår er prinsipielt imot denne typen showkampar som berre har eit kommersielt formål, sa daverande Kjernen-leiar Bjørn Skar da.
Publisert 13.05.2026, kl. 14.46 Oppdatert 13.05.2026, kl. 14.57















English (US)