– Dette er ein alvorleg tiltale for det vi meiner er eit grov brot av dyrevelferdsloven, seier politiadvokat Knut Wold.
Det var i oktober i 2023 at dyreforholda i leilegheita til mannen og kvinna i Vest-Oppland vart oppdaga.
Der vart 14 hundar og 4 katter funne som Mattilsynet meiner var avmagra. Som følge av dette avliva dei 14 hundar og 1 katt av dyrevelferdsmessige årsaker.
- Utan brørne Holmlund kunne rømlingseventyret til Zavannah (6) enda tragisk:
– Avmagra og sjuke
– Hundane og kattene var avmagra og sjuke. Det er ikkje gjeve tilstrekkeleg fôr til dyra, seier Wold.
I tillegg til at dyra var avmagra kjem det fram i tiltalen at det vart funne store mengder avføring og urin i opphaldsromma til dyra.
Dei skal også ha latt vere å fjerne avføring frå eit hundebur slik at ein hund vart liggjande i dette.
Det er sett av to dagar til rettssaka i Vestre Innlandet tingrett. Saka startar til veka.
14 hundar måtte avlivast etter at Mattilsynet kom på besøk.
Foto: Politiet– Er ein del saker
Sidan det har teke over eit år å få behandla saka i rettssystemet kan dette få betydning for straffeutmålinga. Grovt brot av dyrevelferdslova kan straffast med fengsel i inntil 3 år.
– Kor uvanleg er slike saker i Innlandet?
– Det har eg ikkje oversikt over, men i Innlandet politidistrikt er det ein del saker for brot på dyrevelferdsloven, seier Wold.
Snorre testar hundanes mentalitet:
Forsvarer: – Ingen kommentar
NRK har vore i kontakt med forsvarer til kvinna, advokat Heidi Christine Munkebye Birkeland.
– Korleis stiller din klient seg til tiltalen?
– Det har eg ikkje noko kommentar til, seier Birkeland.
Ho vil heller ikkje gje nokon andre kommentarar til saka.
NRK har prøvd å kome i kontakt med forsvarer til mannen, Hanne Lilleby, utan å lykkes.
Publisert 14.02.2025, kl. 14.13 Oppdatert 14.02.2025, kl. 14.13