Måper av stjerna si avsløring: – Det er sjukt!

3 hours ago 3


– Eg såg veldig opp til Lyn-gutane. Særleg Jan-Derek Sørensen.

Det fortel Caroline Graham Hansen til NRK i forkant av meisterligafinalen mellom Barcelona og Arsenal.

Laurdag spelar Caroline Graham Hansen ei viktig rolle for stjernelaget til Barcelona. Førre sesong vart ho kåra til verdas nest-beste fotballspelar.

Da ho sjølv var ung jente hadde ho ikkje eit jentelag å spele på. Fram til ho var 12 år gamal spelte ho saman med gutane, og førebiletet var ein tidlegare Tyskland-proff frå Romsås i Oslo.

Det overraskar NRK sin fotballekspert stort.

– Kva trur du at ho svarte på kven som var hennar førebilete?

– Eg trur ho svarte ein herrespelar. Ronaldinho, kanskje?, seier Torp.

– Jan-Derek Sørensen!

en fotballspiller smiler på banen

PROFIL: Jan-Derek Sørensen var ein profil i angrepet til Lyn tidleg på 2000-talet.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

– Det er sjukt!, seier Torp og ler.

Fotballpresident Lise Klaveness trekkjer på smilebandet og blir tydeleg overraska når ho får høyre om Hansen sitt førebilete.

– Han var god han altså, men det er jo gøy for Jan-Derek at ein av verdas beste fotballspelarar hadde han som førebilete, seier ein smilande fotballpresident til NRK.

– Ikkje ein idrett for jenter

På slutten av nittitalet spelte Jan-Derek Sørensen for Rosenborg. Der var han med og spelte i meisterligaen og vann Eliteserien tre gonger.

Seinare gjekk han til Borussia Dortmund før han i 2003 kom attande til heimbyen Oslo og signerte for Lyn.

Da var Caroline Graham Hansen åtte år og eit lovande fotballtalent som spelte med gutelaget til Lyn.

en person som sitter ved et bord

MENN: Da Caroline Graham Hansen var ung og lovande fotballspelar, måtte ho ta til takke med mannlege fotballspelarar.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Ho fortel at i tillegg til Jan-Derek Sørensen var Lionel Messi ein kar ho fekk som førebilete da han byrja å slå gjennom.

– Det var det klassiske, at fotball ikkje var nokon idrett for jenter. Eg var jo den einaste som spelte med gutane, fortel Barcelona-proffen.

– Trudde du at fotball var noko du kunne leve av?

– Eg tenkte ikkje på det sånn. I hovudet mitt skulle eg spele for A-laget til Lyn. Det fanst ikkje noko damelag – derfor skulle eg spele for herrane, smiler ho.

Kven tek finaleseieren?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Viktige heltar

Nå er historia ei anna. For da NRK tok turen til Lyn sitt jenter 10-lag og spurde dei kven deira førebilete er, kom svaret kjapt:

– Caroline Graham Hansen!

– Frida Maanum og Ada Hegerberg!

På Lyn-treninga med den kommande generasjonen kvinnelege fotballspelarar er både innsatsen og tempoet høgt for tiåringane.

Det same kan seiast om fotballtrenaren Kim Lönn, leiar for barnefotballen i Lyn.

en mann i treningstøy på en fotballbane

Barnefotballansvarleg i Lyn, Kim Lönn, ser verdien av å ha to store profilar med Lyn-bakgrunn.

Foto: Jørn Tveter / NRK

«Heile tida rørsle», «jobb med førstetouchen», roper han på svorsk under treninga.

Lönn meiner han ser verdien i at klubben har fostra to så store profilar som Graham Hansen og Maanum.

– Alle som vil spele fotball, får vere her. Men vi ser at dei som er ordentleg seriøse, dei har lyst til å bli den nye Graham Hansen eller nye Maanum. Det er folk som reiser langt og trenar hardt. Det er veldig gøy, seier svensken.

to fotballdrakter henger på veggen

SIDE OM SIDE: På veggen på klubbhuset til Lyn henger Barcelona-drakta til Graham Hansen og Arsenal-drakta til Frida Maanum.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Bensin på motivasjonsbålet

Laurdag kveld spelar truleg dei tidlegare Lyn-spelarane Caroline Graham Hansen og Frida Maanum på kvart sitt lag i finalen.

NRK sin fotballekspert meiner at førebilete som liknar på ein sjølv er utruleg viktig for motivasjonen til unge fotballspelarar.

– For unge jenter, at ein ser «oi, viss eg jobbar hardt så er det mogleg å leve av dette». No ser dei ei fullsett finale i Lisboa med norske stjerner i sentrum. Det er jo som å kaste bensin på eit motivasjonsbål, seier Carl-Erik Torp.

to kvinnelige fotballspillere gir hverandre high five på banen

LYN-JENTER: Frida Maanum (til venstre) og Caroline Graham Hansen er kollegaer på landslaget, men i kveldens Meisterligafinale er dei rivalar.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Dei unge spelarane NRK snakkar med er usikker på om dei får lov til å sjå finalen laurdag kveld. For kampen går seint på kvelden får NRK fortalt.

Likevel er dei er fullt klare over historia som ligg i veggene på Kringsjå.

En 10 år gammel jente i fotballtøy.

DRØYMER STORT: Linde Enger Steinsvik (10) speler for Lyn.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Det er veldig gøy å tenke på at dei (Graham Hansen og Maanum) har vore her, for da viser det at vi også kan bli like gode, seier Linde Enger Steinsvik.

Den kampen høyrer du på NRK Sport radio

Scorer fra midtbanen – sammenlignes med Beckham 00:48

Publisert 24.05.2025, kl. 15.48

Read Entire Article