Masseskytinga i Örebro: Politiet avbraut skytinga

2 months ago 19


Dryge to veker etter den verste masseskytinga i Sveriges historie, har politiet kome med ny informasjon.

På ein pressekonferanse torsdag seier dei at berre to skot vart fyrte av etter at politiet oppretta kontakt med gjerningspersonen.

Eitt av desse var eit haglskot som ikkje trefte nokon.

– Me kan konstatera at dei fyrste patruljane på staden har avbrote den pågåande, dødelege valden, seier Niclas Hallgren.

Rickard Andersson (35) er sikta for å ha drepe ti menneske, for så å drepa seg sjølv.

Slik var tidslinja

Politiet gjekk inn på skulen klokka 12.40.

Politi på staden vart skotne mot klokka 12.43. Då hadde dei ikkje moglegheit til å skyta tilbake, ifølge politiet.

– Politiet kunne ikkje fyra av skot på ein trygg måte og med moglegheit for å treffa den mistenkte, seier Emelie Bodegrim på pressekonferansen.

Ho ber folk ha i mente at politiet på dette tidspunktet ikkje visste om det var fleire gjerningspersonar. I tillegg peiker ho på at skulen er stor og har fleire utgangar, noko som gjorde søkearbeidet vanskeleg.

Berre to minutt etter tok gjerningspersonen Rickard Andersson sitt eige liv, klokka 12.45.

– Me trur at fleire ville ha vorte drepne om ikkje politiet hadde kome til staden så fort, seier assisterande etterforskingsleiar Emelie Bodegrim.

Det vart funne 70 tomhylser inne på skulen, ifølge politiet. I tillegg fann dei over 100 ubrukte patroner.

Andersson kom til staden med buss klokka 07.47 same morgon. Dei veit ikkje kva han gjorde mellom då og klokka 11.30.

Har bede om bistand frå utlandet

Tidlegare torsdag opplyste svensk politi at dei har vore i kontakt med politi utanlands for å danna seg eit bilete av gjerningspersonen og bakgrunnen hans.

Dei vil ikkje seia noko meir om kva land dei har teke kontakt med, eller kva informasjon dei har bede om.

Vil koma tilbake til motiv

Før pressekonferansen varsla svensk politi at dei ville koma med ny informasjon om hendinga.

– Me har kome vidare i etterforskinga og kan no snakka om ting me ikkje har kunne uttala oss om, seier pressetalsperson Mats Öhman i svensk politi til SVT.

Under pressekonferansen seier politiet at dei vil koma tilbake til motivet for skytinga, men at det ikkje vil skje no.

– Det er stort fokus på å få svar og gi svar. Me skjønar at det er mange som vil ha svar. Me forstår at samfunnet har fleire spørsmål, seier Bodegrim.

Rickard Andersson (35) er sikta for å ha skote og drepe ti menneske på vaksenopplæringa ved Campus Risbergska, for så å drepa seg sjølv.

Skytinga har vorte skildra som den verste masseskytinga i Sveriges historie.

Publisert 20.02.2025, kl. 11.05 Oppdatert 20.02.2025, kl. 11.34

Read Entire Article