Mathilde og Therese (19) vart redda ned frå Skålabu: – Ikkje ver redd for å snu

5 hours ago 4


Med ei veke fri bestemte drammensarane Mathilde Lahaug Johansen og Therese Hagerup Straume seg denne veka for å reise til Stryn, «for å få ein dose natur».

Med soveposane pakka skulle dei opp fjellet Skåla og overnatte på hytta Skålabu, 1843 meter over havet.

Dei høyrte om turen same dag, og bestemte seg for å legge ut på vandring litt før klokka sju om kvelden onsdag kveld.

Begge har gått på fjellturar før, og er godt kjend med Gaustatoppen i Telemark.

Men turen opp fjellet Skåla er noko heilt anna.

Turen opp til hytta blir kalla for «Noregs brattaste motbakke».

Soveposene blei ikkje rulla ut på Skålabua som planlagt, men kom godt til nytte likevel.

Akte ned til redningsmannskapet

Etter kvart mørkna det. Og så kom snøbyene.

Kring halv eitt på natta innser dei at dei ikkje er godt nok førebudd til turen. Og turen skal bli endå brattare før dei er oppe ved hytta.

1500 meter over havet, med litt over 300 høgdemeter igjen, bestemmer dei seg for å ringe naudnummeret.

– Det er eit punkt der, då me står på alle fire i den brattaste isveggen, og Mathilde snur seg og seier: «Therese, eg trur ikkje dette går. Me må ringe etter hjelp.»

Skålabu

Hytta Skålabu ligg 1842 meter over havet frå Stryn Nordfjord. Turen opp er bratt og lang og blir beskrive som ein samanhengande oppoverbakke.

Foto: Sindre Heggebø / Sindre Heggebø

Sju personar frå Olden og Stryn Røde Kors vart kalla ut på natta for å hjelpe kvinnene ned frå fjellet.

– På det tidspunktet er me så reduserte og slitne, og begynner å bli kalde, seier Johansen.

Då kom soveposane godt med – på fleire vis.

Etter nokre timar i soveposane for å halde varmen, begynner dei å gå, eller snarare ake, redningsmannskapet frå Raude Kors i møte.

– Me var så sjukt kalde, så me gjekk med soveposane rundt oss. Me var litt redde for å falle, og hadde litt dårleg finmotorikk, kan ein vel seie.

Då kom tanken om at dei kunne spare på kreftene ved å ake ned «Noregs brattaste motbakke».

– Det funka jo veldig bra! Det var jo gøy, til og med, seier Straume.

Kan ikkje planlegge for alt

Torsdag morgon kring klokka 03.30 møtte dei redningsmannskapa frå Raude Kors.

Då var det berre om lag ni timar sidan dei hadde starta på turen.

Operativ leiar Johnny Rustøen i Stryn Røde Kors Hjelpekorps var ei av dei deltok i redningsaksjonen. Han beskriv turen som « ein samanhengande oppoverbakke».

– Vi vart møtt av to jenter som var godt kledde og hadde med utstyr. Vêret snudde og gjorde dei utrygge. Då gjorde dei det einaste rette: Å ringe naudnummeret, seier han.

Han oppmodar folk om å ha med vindsekk og godt med lys når dei legg ut på krevjande turar. I tillegg er powerbank, mat og gode klede viktig.

Sjå vêrmeldinga, ta med førstehjelpsutstyr og les fjellvettreglane, er andre råd han har.

– Det er også lurt å berekne god tid. Men du kan ikkje planlegge for alt, uansett. Ting snur, seier han.

Sjølv om han vart kalle ut om natta og ikkje får betalt for jobben, er han ikkje bitter:

– Dette kan skje alle. Vi får ikkje betalt i kroner og øre, men får bidra til fellesskapet. Vi skal vere glade for at vi har det sånn, seier Rusøten.

Operativ leiar Johnny Rustøen i Stryn Røde Kors Hjelpekorps

Johnny Rustøen i Stryn Røde Kors meiner at venninnene som vart redda hadde bra klede og godt utstyr. – Du kan ikkje planlegge for alt, uansett. Ting snur, seier han.

Foto: Privat / NRK

– Mange erfaringar rikare

At det var vel seint å starte på ein så lang og krevjande tur har ikkje nittenåringane noko problem med å innrømme no.

– Me har blitt veldig mange erfaringar rikare, seier Straume.

– Hadde me gjort betre research i forkant hadde me visst kor mykje snø det var, og ikkje minst starta mykje tidlegare. Eg hadde også tatt på meg fjellsko, legg ho til.

No oppmodar andre med fjellhøge ambisjonar om å førebu seg godt før dei set i veg opp fjellet.

– Start tidleg, og ikkje ver redd for å snu, seier Straume.

Slitne og kalde, men glad for å ha kvarandre. – Det er ingen andre enn Therese eg kunne gjort dette med, seier Johansen.

Publisert 23.05.2025, kl. 17.53

Read Entire Article