Meghan Trainor endra sangtekst om å vere stolt og stor

1 week ago 16


Under ein konsert i 2025 song Trainor ikkje den opphavlege linja:

– Yeah, it’s pretty clear, I ain’t no size two

(Det er temmeleg klart at eg ikkje er ein storleik 2 - ein veldig liten amerikanske storleik på klede)

I staden song ho:

– Yeah, it’s pretty clear, I got some new boobs

(Det er temmeleg klart, eg har fått nye puppar)

Endringa var ei tydeleg referanse til brystoperasjonen ho nyleg har gjennomført.

Trainor har òg vore open om bruk av diabetesmedisin for vektnedgang etter fødsel.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg.

Nokre meiner ho undergrev bodskapen i den opphavlege låta, som handla om kroppsaksept. Andre forsvarar henne:

– Ho laga songen for at du ikkje skulle skamme deg over vekta di. Viss ho føler seg betre og sunnare av å gå ned i vekt, så er det hennar val, blir det skrive i sosiale medium.

Meghan Trainor på en scene

Meghan Trainor på scena i 2019.

Foto: VALERIE MACON / AFP / NTB

– Nedslåande

Trainor sjølv uttrykte frustrasjon over fokuset:

– Det er litt nedslåande at så mange av spørsmåla (og kommentarane) handlar om kroppen min i staden for musikken, lidenskapen min, eller dei ti åra med hardt arbeid som har ført meg hit.

Men Trainor er langt frå den einaste artisten som har gått tilbake og justert eigne songar – av ulike grunnar.

Her er fleire døme på artistar som har endra songtekstar – av alt frå politiske til personlege grunnar:

Taylor Swift – «Better Than Revenge» (2023):

en kvinne som synger inn i en mikrofon

Foto: MICHAEL TRAN / AFP / NTB

Taylor Swift endra teksten i songen «Better Than Revenge» då ho spelte inn albumet Speak Now (Taylor’s Version). Den opphavlege linja:

«She’s better known for the things that she does on the mattress»

Ho blei kritisert for å «slutshame» ei anna kvinne, og mange meinte ho la skulda på henne for å ha «tatt» kjærasten hennar.

I eit intervju med The Guardian i 2014 forklarte Swift:

– Eg var 18 då eg skreiv det. Det er den alderen der du trur at nokon faktisk kan ta kjærasten din. Når du blir eldre, forstår du at ingen kan ta noko frå deg dersom det ikkje vil bli teke.

I den nye versjonen av songen har ho bytt ut linja med:

«He was a moth to the flame, she was holding the matches»

Lizzo – «Grrrls» (2022):

Lizzo iført en rød kjole og smiler til kameraet

Artisten Lizzo

Foto: Charles Sykes / AP / NTB

Lizzo svarte raskt og tydeleg på kritikken ho fekk etter utgivinga av låta Grrrls, der ho i den opphavlege teksten brukte ordet spaz.

Eit uttrykk mange oppfattar som eit ableistisk slengord, særleg i Storbritannia og blant funksjonshemma.

I ei melding på sosiale medium skreiv ho:

– Det har blitt gjort meg merksam på at det finst eit skadeleg ord i den nye songen min «Grrrls». La meg vere heilt klar: Eg ønskjer aldri å fremje nedsetjande språk.

Lizzo spelte raskt inn ein ny versjon av songen med endra tekst, og sa ho var stolt over å ha lytta og teke grep:

– Eg er dedikert til å vere ein del av den endringa eg sjølv har venta på å sjå i verda.

Eminem – «Fall» (2018)

Eminem på scena

Foto: Carlos Osorio / AP / NTB

Maskerte homofobisk sleng etter kritikk frå fans og artistar.

Green Day – «American Idiot» (2025)

Billie Joe Armstrong spiller gitar på Tons of Rock i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Endra teksten live for å kritisere Donald Trump. Dei endra frå «I'm not a part of a redneck agenda» med «I'm not a part of the MAGA agenda».

The Kinks – «Lola» (1970)

Ray Davies holder en mikrofon og står på en scene

Ray Davies var frontfiguren i The Kinks. Her frå avslutningsseremonien for OL i London i 2012.

Foto: Charlie Riedel / AP / NTB

Endra «Coca-Cola» til «Cherry Cola» for å unngå BBC-sensur.

Michael Jackson – «They Don’t Care About Us» (1995)

Michael Jacson på scena

Michael Jackson på scena i 1997.

Foto: PASCAL GEORGE / AFP / NTB

Fjerna antisemittiske uttrykk etter kritikk frå jødiske organisasjonar.

Publisert 10.10.2025, kl. 14.39 Oppdatert 10.10.2025, kl. 14.40

Read Entire Article