Meiner samtykkelov kunne gitt anna utfall i gruppevaldtektssaka i Bergen

1 month ago 16


– Eg tenker at det er på høg tid at me får på plass ei samtykkelov som slår fast at sex utan samtykke er valdtekt, seier Bertine Vågenes.

Ho var den fornærma i den såkalla gruppevaldtektssaka i Bergen, som blei mykje omtalt.

Tre menn i 20-åra blei frifunne strafferettsleg i lagmannsretten fordi bevisa ikkje heldt til domfelling. To av dei blei likevel sivilrettsleg dømt til å betale erstatning på 240.000 kvar til kvinna.

– For min del gjekk kroppen min i ein fullstendig frys-reaksjon, der eg verken klarte å bevege meg eller seie noko som helst, seier Bertine Vågenes.

Visepresidenten i Juristforbundet, Benedicte Gram-Knudsen, meiner ei samtykkelov vil flytte ansvaret meir tydeleg over på den mest aktive parten.

– Da er det den som tek initiativ til ein seksuell handling som må avklare situasjonen ved å forhøyre seg eller vere obs på signal, seier Gram-Knutsen.

Regjeringa varslar lov før påske

Noreg er det einaste landet i Norden som ikkje har ei samtykkelov, men no vil regjeringa legge fram ei ny slik lov før påske.

Bertine Vågenes ser ut vinduet.

Bertine Vågenes har etterlyst at Noreg får ei samtykkelov.

Foto: Therese G.Pisani

Vågenes trur ei slik lov kunne hjelpt ho då hennar sak var i rettssystemet.

– Viss me hadde hatt ei samtykkelov på det tidspunktet, så trur eg at saka mi ville hatt eit anna utfall, seier Vågenes.

Det er ikkje motparten einig i. Forsvararane til dei to av dei frifunne mennene uttalar i ei felles utsegn at ei samtykkelov ikkje ville gjort nokon forskjell i denne saka.

Seksuell omgang utan samtykke er straffbart allereie i dag etter straffelovens paragraf 297, og retten fann at denne bestemminga ikkje var broten, skriv John Christian Elden og Maria Hessen Jacobsen i Elden advokatfirma til NRK.

Forsvararen til den tredje ønsker ikkje å kommentere utspelet.

– Altfor teknisk

Både Vågenes og mange blant dei fleire tusen som stilte opp i demonstrasjonar har etterlyst nettopp ei samtykkelov.

– Eg trur det vil bidra til ei tryggleikskjensle, og eg trur det også vil bidra til at fleire torer å melde sakene, seier Vågenes.

Ei samtykkelov trur Vågenes ville hjelpt andre enn ho sjølv også.

– Med ei samtykkelov som er basert på at berre ja er ja, og at sex utan samtykke er valdtekt, så tenker eg at det vil hjelpe i ein del andre saker også, seier Vågenes.

Mette Yvonne Larsen

Advokat Mette Yvonne Larsen.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Advokat Mette Yvonne Larsen er leiar i forsvarargruppa i Advokatforeningen og ho trur ikkje at ei samtykkelov er vegen å gå.

– At berre ja er ja, og manglande ja er nei, det blir altfor teknisk. Det er ikkje slik folk agerer, det er ikkje slik situasjonar er. Og det er ikkje slik dei sakene eg har hatt, og det er ganske mange, fungerer.

Trur på oppdragande effekt

Juristforbundet og deira nær 24.000 medlemmer støttar innføringa av ein samtykkelov.

Visepresident Gram-Knutsen vedgår at valdtektssaker vil vere vanskelege bevismessig også etter innføringa av ein eventuell samtykkelov, men meiner den likevel vil vere viktig og potensielt avgjerande.

Benedicte Gram-Knutsen, visepresident i juristforbundet

Visepresident Gram-Knutsen i Juristforbundet.

Foto: Anna Rut Tørressen / NRK

– Det vil framleis vere påstand mot påstand. Men vi kan ikkje forme et lovverk ut frå om det er vanskeleg å bevise noko. I tillegg til å legge ansvar på den aktive, vil ein samtykkelov også vere normgivande og ha oppdragande effekt, seier Gram-Knutsen.

– Sjå berre på me too-debatten og kva den gjorde med måten man oppførte seg på, og det utan at det førte til nokon lovendring.

Meiner Noreg er på overtid

Advokat Kristin F. Hammervik er leiar av Bistandsadvokatutvalget (BAU) i Advokatforeningen.

Ho meiner Noreg «er skikkeleg på overtid», og peikar på at både Sverige, Danmark, Island og Finland har innført samtykkelov.

Advokat Kristin Fagerheim Hammervik står i en rettsal. Hun har kappe på. I hånden holder hun et dokument som hun leser.

Advokat Kristin Fagerheim Hammervik.

Foto: André Bendixen / NRK

Landa har valt ulik ordlyd. Felles for desse er at ordlyden tar utgangspunkt i at det definerande elementet i kva ei valdtekt er, er at offeret ikkje aktivt har gitt uttrykk for frivilligheit eller samtykke til den seksuelle omgang – altså ein «berre ja er ja»-bestemming, seier Hammervik.

Det er ingen grunn til at Noreg skal tilby sine borgarar eit svakare rettsvern og beskyttelse enn våre naboland.

Ho meiner ein må slutte å problematisere kva som i praksis ligg i ein «berre ja er ja»-bestemming.

– Alle veit at ein i praksis samtykker gjennom lydar, handling, ord, blikk, bevegelsar med meir. Det er jo den måten dei aller fleste har sex på, seier ho.

Lovforslaget må leggast fram innan utgangen av april for at dette skal kunne bli behandla av Stortinget før sommaren.

Bertine Vågenes meiner bestemt at samtykkelov er eit steg i riktig retning:

– Men, eg er framleis litt avventande, til me får vite ordlyden i den samtykkelova.

Ta kontakt

Hei!

Har du meiningar om saka eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? 
Send meg gjerne ein e-post.   

Publisert 11.03.2025, kl. 05.29

Read Entire Article