Melder Equinor til politiet etter alvorleg hending med kreftfarleg kjemikalie

3 days ago 4


For første gong i norsk oljehistorie har det statlege Havindustritilsynet (Havtil) meld eit oljeselskap til politiet.

Hendinga skjedde 29. oktober i år.

Då vart to arbeidarar sette til å frakte opne bøtter i fem timar med den farlege kjemikalien nafta, ifølge VG som skreiv om saka først.

Først 22 dagar seinare vart Havindustritilsynet varsla om saka.

– To personar blei utsett for kjemisk eksponering. Gjennom vår oppfølging har det komme fram at dette er ein svært alvorleg hending, seier pressekontakt Øyvind Midttun i Havtil til NRK.

Oppfølginga har avdekt alvorlege brot på bestemmingar i arbeidsmiljølova, ifølge Havtil.

Et industriområde med høye rørledninger og tårn preger bildet. Flere strukturer, inkludert en høy stålbygning, er synlige. En veitrafikkskilt viser hastighetsgrense på 30 km/t. Himlen er overskyet med noe diffust lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Alvorleg

Equinor seier at dei ser alvorleg på saka.

– Er de einige i at det er snakk om alvorlege brot?

– Vi er einig at det er snakk om ei alvorleg hending, seier talsperson Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor.

Ellen Maria Skjelsbæk pressekontakt hos Equinor forsikrer at de setter sikkerhete fremst.

Ellen Maria Skjelsbæk i Equinor seier dei ser alvorleg på saka, men vil ikkje ta stilling til om det er regelbrot eller ei.

Foto: Arne Reidar Mortensen

Dei granskar hendinga sjølv, noko som kan ta nokre månader.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå fagforeininga Styrke Equinor Mongstad.

Ordknapp om hendinga

– Kven blei sett til å gjere dette arbeidet, og kven gav dei den jobben?

– Det var personell hos oss på anlegget som utførte jobben. Og korleis hendingsforløpet var reint konkret, det må vi komme tilbake til når granskingsrapporten ligg føre, seier Skjelsbæk i Equinor.

Ho er «ikkje kjend med» at dette har skjedd tidlegare.

Ifølge VG var det snakk om så mykje farleg stoff at målarane på staden slutta å virke, fordi gassmengda gjekk over maksgrensa til målarane.

Ifølge Equinor kom dei to tilsette tilbake på jobb kort tid etter hendinga.

Havtil vil ikkje kommentere saka ytterlegare. Politiet skal komme tilbake til NRK med ein kommentar fredag.

Publisert 11.12.2025, kl. 18.52 Oppdatert 11.12.2025, kl. 19.42

Read Entire Article