Det kom først eit angrep som var retta mot taket av Nasser-sjukehuset, der fleire fotografar og journalistar var samla, ifølge Al Jazeera.
Fire journalistar som jobba for Al Jazeera og nyheitsbyrået Reuters blei drepne i angrepet, ifølge palestinske helsestyresmakter.
Reuters stadfestar at ein frilansfotograf som arbeidde for dei er blant dei drepne. I tillegg er ein annan frilansfotograf såra.
Angrepet skal ha utført med ei sjølvmordsdrone som ifølge Al Jazeera retta seg mot dei øvste delane av sjukehuset, blant anna taket der det var fleire journalistar.
Nytt angrep
Då helsearbeidarar prøvde å hjelpe ofra, kom det eit nytt angrep mot sjukehuset, ifølge augevitne.
I tillegg til dei drepne, skal det vere mange skadde etter angrepa.
Verken det israelske forsvaret eller kontoret til statsminister Benjamin Netanyahu ønsker å kommentere angrepet, melder Reuters.
Helsedepartementet i Gaza er styrt av Hamas, og tala derfrå er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.
Samtidig har fleire internasjonale hjelpeorganisasjonar trekt ut tilsette frå området på grunn av den alvorlege sikkerheitssituasjonen.
Publisert 25.08.2025, kl. 10.52 Oppdatert 25.08.2025, kl. 10.59