Om statsråden trur lokalpolitikarane opplever at ting blir betre eller vanskelegare når det gjeld arealpolitikk under denne regjeringa.
Datert: 29.04.2026
Besvart: 29.04.2026 av kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran

Spørsmål
Helge André Njåstad (FrP): Kommunalministeren, som er den femte i rekka i Støre-regjeringa, kan bli ståande. Eg skal òg stilla spørsmål om bustadbygging.
Eg registrerer at statsråden har vorte kritisert for ikkje å ha gjort så masse i denne perioden. Han har stort sett utgreidd, sett ned utval og slikt. Noko har likevel denne regjeringa gjort – det skal eg ærleg innrømma – men det er ting som har gått i feil retning:
Så når det gjeld det som regjeringa har gjort, har det gått i feil retning med tanke på å leggja til rette for meir bustadbygging og å nå regjeringa sitt eige mål. Det som trekkjer i riktig retning, har ein vanskeleg for å innføra – ein skal utgreia og sjå nærmare på det. Det som har kome så langt, er ganske tannlaust. Det vil ikkje bidra til å gjera ting verken raskare eller meir effektivt. Me ventar framleis på konkrete forslag som faktisk vil verka, og som gjer at lokalpolitikarar rundt omkring i Noreg kan sjå at tempoet går opp når det gjeld å regulera og å sikra nok bustadar.
Både statsråden og eg har lang erfaring som lokalpolitikarar, og me har stort sett alltid vore einige med alle lokalpolitikarar i at ting blir verre og verre når det gjeld arealpolitikk. Mitt spørsmål er ganske enkelt og greitt:
Kva trur statsråden lokalpolitikarane tenkjer om denne statsråden og denne regjeringa? Opplever dei at ting blir betre eller vanskelegare når det gjeld arealpolitikk?












English (US)