Myndigheitene tar grep for å lære unge om porno, abort og sexpress

2 hours ago 2


– Det er tydeleg at «Emma» er ukomfortabel. Ho lurer på kva som skjer, seier 16 år gamle Kristine Braathen.

Fem elevar ved Trondheim katedralskole sit saman og testar eit nytt spel på mobilen.

Dei speler karakteren «Emma», som skal få «Chris» til å forstå at ho har ombestemt seg – ho vil ikkje ha sex likevel.

Spelet, som har fått namnet «Skamløs», tar for seg tema som onani, bildedeling, kjønnssjukdommar, kroppspress, porno og gråsoneovergrep.

Og elevane ser ut til å vere positive.

– Det bør gå inn i seksualundervisninga, seier 16 år gamle Magnus Klippenvåg Støen.

Elever spiller Skamløs-spillet. De sitter i en trapp.

Dei fem ungdommane er einige: Spelet bør inn i seksualundervisninga på skolen. Frå venstre: Jardar Rougnø Arentz (16), Julia Boglis (16), Kristine Braathen (16), Ann Helen Eksund Sivertsen (17) og Magnus Klippenvåg Støen (16).

Foto: Mette Vollan / NRK

– Ikkje alltid rett eller sunn informasjon

Spelet viser seks ulike karakterar i scenario med ulike dilemma.

Historiene er baserte på verkelegheita – fortalde av ungdom til helsepersonell.

Undervegs skal ein løyse små oppgåver, og i enkelte situasjonar har ein høve til å påverke skjebnane til karakterane, slik ein gjer i mange andre populære spel.

Martin Sjøly er fagansvarleg i Helsedirektoratet.

Han fortel at målet med appen, som har målgruppa 13-19 år, er å hjelpe ungdom å bli meir klar over eigne val, grenser og kjensler.

– Mange unge får i dag informasjon gjennom sosiale medium, venner eller porno, og dette er ikkje alltid rett eller sunn informasjon, seier han.

Portrettbilde av Martin Sjøly, fagansvarlig i Helsedirektoratet. Han står foran en hvit vegg med hvitt mønster i.

Appen er utvikla av spelselskapet Megapop i samarbeid med Ravn Studios, Helsedirektoratet, eksterne fagpersonar og aktive bidrag frå fokusgrupper, fortel Sjøly.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Nesten meir lærerikt

Elevane ved Trondheim katedralskole seier dei for det meste får informasjon om seksuell helse via internett.

Men dei er kritiske til det dei les og ser, fortel dei.

– Det er mykje ein ikkje burde stole på, men om ein veit kor ein skal leite, så er det jo mykje god info å hente ved eit par tastetrykk, seier 16 år gamle Jardar Rougnø Arentz.

Jardar smiler til kamera.

– Eg vil ikkje seie at porno er ei god læringskjelde, seier Jardar.

Foto: Mette Vollan / NRK

Ingen av elevane trur dei kjem til å bruke appen på fritida.

– Det er ikkje typisk noko ein set seg ned i senga for å spele, seier 17 år gamle Ann Helen Eksund Sivertsen.

Men dei er alle einige om at spelet bør inn i seksualundervisninga på skolen.

– Det er veldig mykje lettare å sitte på ein app aleine eller kvar som helst og gå gjennom sånne forteljingar, enn å bli fortald dei i eit klasserom omringa av alle vennene dine – som veldig ofte fører til litt kleine situasjonar, seier Jardar.

– Det er ein veldig mykje meir underhaldande måte å lære, enn å sitte og høyre på at helsesjukepleiar peikar på tavla og snakkar. Det er nesten meir lærerikt, seier Magnus.

Magnus smiler til kameraet.

– Det er ikkje så kleint på eit spel, men viss helsesjukepleiaren hadde komme til oss og begynt å vise video av korleis penisar blir erigert, hadde det blitt veldig kleint i klasserommet, seier Magnus.

Foto: Mette Vollan / NRK

– Nyttar å sette inn tiltak

Sjøly seier spelet tar ungdom på alvor, og at det gir dei høve til å lære gjennom val og situasjonar dei kan kjenne seg igjen i.

– Ved å gi unge høve til å utforske og reflektere over seksualitet i trygge rammer, håpar vi på å kunne framme sunn seksualitet og samtidig førebygge at problematisk eller skadeleg seksuell åtferd oppstår.

– Kva grunnlag har dykk for å vite om eit spel kan redusere gråsoneovergrep?

– WHO argumenterer for at tidleg og alderstilpassa seksualitetsopplæring kan førebygge skadeleg seksuell åtferd. Det er mellom anna grunnlaget for at spelet legg opp til at ungdommen skal ta val i spelet som får konsekvensar, og reflekterer over det. Me håpar med det grepet at dei får auka sjølvinnsikt og sjølv regulera eiga åtferd.

Spelet kostar myndigheitene mellom 800.000 til 1 million i året.

Sjøly seier appen er ein del av Helsedirektoratets innsats for å førebygge problematisk og skadeleg seksuell åtferd blant barn og unge.

– 30-50 prosent av overgrep mot barn blir gjorde av andre barn og unge. Forskinga viser at det nyttar å sette inn tiltak, og derfor har vi over nokre år utvikla ei digital verktøykasse med tilbod på ulike nivå, seier Sjøly.

  • Vil du lære meir om eigne seksuelle preferansar?

Publisert 25.05.2025, kl. 07.31

Read Entire Article