Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_23c9df0c99db9f7f903faaadb175c9ab, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nå kan det bli enklare å ta seg ein utepils - NorwayToday

Nå kan det bli enklare å ta seg ein utepils

1 month ago 23


– Dei aller fleste restaurantane som har moglegheit til å ha eit bord på utsida vil nok sette pris på dette, for byråkratiet tar si tid.

Det seier Giancarlo Buoso, som er styreleiar ved restauranten Blomster og vin på Bakklandet i Trondheim.

Han viser til at den nye «Trondheimsmeteren» blir innført.

Det betyr at kafear og restaurantar kan sette ut bord og stoler éin meter frå husveggen, utan å spørje om «lov».

Gleder du deg til utepils (med eller utan alkohol)? 🍻

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Litt klønete

Venninnegjengen Marthe Ødegaard (20), Julie Fleten (20) og Selma Johansen (20) synest det høyrdest tungvint å møtte søke for å sette ut stolar rett utanfor døra.

– Det er litt klønete, seier Marthe som seier mange er fort ute å vil ha noko å drikke når sola kikkar fram.

Tre personer står sammen på et offentlig torg med snø på bakken. De er kledd i svarte og brune ytterjakker. I bakgrunnen sees bygninger og andre personer som passerer. Værforholdene er grå og kjølige. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Selma Johansen, Marthe Ødegaard og Julie Fleten er positive til den nye meteren.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

Dei er positive til den nye ordninga med meteren.

– Det blir fint med ei sånn ordning, særleg når det er fullt på dei stadene som allereie har uteservering, seier Julie.

Dei tre fortel at dei er av dei som er raskt ute med ein utepils når vêret tillèt det.

Fleire dagar med uteservering

Giancarlo Buoso seier at dei vanlegvis får brukt uteserveringa om sommaren, men mykje uvêr i Trondheim gjer at det ikkje alltid er så hyggeleg å sitte ute.

– Trondheim er jo ikkje kjent for å ha det beste vêret i verda. Denne forenklinga vil nok vere velkomme for dei aller fleste som driv restaurant i ein eller annan samanheng, seier Buoso.

Med denne ordninga kan ein potensielt få fleire dagar med uteservering.

To personer som sitter ved et bord (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Før måtte det sendast planteikning for å få på plass ei slik uteservering. No blir det forsøk gjort med «Trondheimsmeteren» i Trondheim.

Foto: Qader Faraji / NRK

– Bere hive ut stolane

– Viss sola skin kan ein berre hive ut stolane og sette i gang utan å søke til kommunen og utan å betale avgift, seier Erling Moe (V), varaordførar i Trondheim.

Moe seier at dette handlar om avbyråkratisering og betre vilkår for næringslivet.

– Det er mindre byråkrati, det er meir og betre byliv, seier Moe.

En person som sitter på en krakk og holder et målebånd (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Varaordførar Erling Moe seier det er fritt fram for å hive ut stolane når sola kikkar fram.

Foto: Qader Faraji / NRK

NHO Reiseliv, ein næringslivs- og arbeidsgivarorganisasjon for reiseliv i Noreg, er også fornøgde med den nye «meteren».

– Spesielt for små aktørar så kan det å søke om uteservering krevje ganske mykje tid, pengar og ressursar, seier Tobias Strandskog-Christensen.

Han er politisk rådgivar i NHO reiseliv.

– Ein må sende inn planteikningar til kommunen, berre fordi ein vil sette opp eit par bord og stolar. Tanken om at det skal vere gratis og utan søknad er kjempebra, seier Tobias Strandskog-Christensen.

en person som smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

NHO Reiseliv vil at fleire byar skal følge Trondheim sitt eksempel.

Foto: NHO Reiseliv

Vil ha «meteren» til fleire byar

Strandskog-Christensen seier at serveringsbransjen slit med små marginar, så alt som kan bidra til at fleire bruker byen er kjempepositivt.

– Så håpar vi at fleire følger Trondheim sitt eksempel og innfører meteren.

Varaordføraren forklarer at det heiter «Trondheimsmeteren» fordi dei var først ute.

– No ser eg at både Oslo og Bergen tenker sånn, men vi var først. Så det er ei trondheimsoppfinning, seier Moe.

Strandskog-Christensen i NHO Reiseliv forklarer at det er prosessar i gang i fleire norske storbyar:

  • Oslo: Saka er til utgreiing.
  • Bergen: Der er «Bergensmeteren» innført.
  • Stavanger: Venstre har fremja eit forslag.
  • Kristiansand: Det blir diskutert i Høgre.

Et par personer som går nedover en snødekt gate (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kanskje dette vil bli enklare å få til i fleire norske byar?

Foto: Qader Faraji / NRK

– Ansvarleg næringsdrivande

I forkant av at «Trondheimsmeteren» blei innført blei omsynet til personar med funksjonsnedsettingar diskutert i bystyret, altså korleis ein sikrar at ikkje nokon blir hindra frå å passere.

Det passar næringslivet på. Vi har ansvarleg næringsdrivande i Trondheim som passar på det. I tillegg kontrollerer kommunen at det er passasje. Så det trur eg løyser seg reint praktisk frå gong til gong, seier varaordførar Moe.

Men kva med fyll og fanteri?

– Nei, nei, nei. Vi har ansvarleg næringsdrivande i Trondheim. Det fiksar dei fint. No problem. Dette skaper byliv og det gjer det enklare for næringslivet og sånn vil vi ha det.

Publisert 11.03.2026, kl. 05.19

Read Entire Article