Næringslivet trur på høgre vekst trass i usikkerheit

1 month ago 14


I rapporten har sentralbanken intervjua over 400 bedrifter og organisasjonar om korleis det står til med økonomien.

Resultata kan vere avgjerande for styringsrenta. Dette er siste viktige punkt i kalenderen til Noregs Bank før rentemøtet i neste veke.

Bedriftene ser føre seg stabil vekst i fyrste halvår av 2025, viser undersøkinga.

Ein del bedrifter peikar på at internasjonale handelskonfliktar fører til auka usikkerheit, men få bedrifter trur det vil føre til lågare aktivitet i fyrste halvår.

Bedriftene anslår at lønnsveksten vil bli på 4,4 prosent i 2025 og 3,9 prosent i 2026.

Viktig for renta

Tidlegare i dag blei det klart at Sverige held renta uendra på 2,25 prosent.

Noregs Bank har i månadsvis peika mot møtet 27. mars.

Då viser rentebanen at det ligg an til kutt.

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Prognose Norges bank

Det viste også prognosane til dei fleste økonomar heilt fram til i førre veke.

Då kom SSB med nye tal vi viste at prisane hadde auka 3,6 på eitt år. Noregs Bank har mål om å halde dette talet på 2 prosent.

Etter dette endra fleire bankar prognosane sine. No trur DNB Markets og Nordea Markets at renta blir uendra i mars.

Publisert 20.03.2025, kl. 10.09

Read Entire Article