Ville du ha budd i denne stova?
Hatt dette som soverom?
Eller klør det i fingrane etter å pusse opp?
– Ein del av bustadprisveksten vi ser i Noreg over tid, kjem rett og slett av oppussing, seier sjeføkonom.
Bustadprisane har stige 6,1 prosent i Noreg hittil i år, men prisforskjellane rundt om i landet er store.
I område der mange vil bu, blir prisane pressa oppover.
Men kan også den store oppussingsiveren i dette landet ha noko med saka å gjere?
– Ein del av bustadprisveksten vi ser i Noreg over tid, kjem rett og slett av oppussing og av at bustadane stadig får høgare standard.
Nejra Macic er sjeføkonom i Prognosesenteret.
Foto: Truls Alnes Antonsen / Truls Alnes Antonsen / NRKDet seier sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret, som har følgt bustadmarknaden tett.
Faktisk brukar vi 117 milliardar kroner på oppgraderingar i hus og heim i år, ifølgje tal frå Prognosesenteret. Det er meir enn i fjor, då vi brukte 112,7 milliardar kroner.
Det er ikkje reint lite: I snitt brukar kvart hushald 137.000 kroner på oppussing i år.
Skal pusse opp 103 kvadrat
To som vil bruke ein del pengar på nettopp oppussing framover er Vytis Degutis og Maria Camila Duque Gomez.
Dei er dei heldige eigarane av leilegheita du såg bilete av i starten av saka.
Vytis Degutis og Maria Camila Duque Gomez har nyleg kjøpt seg leiligheit ved Alexander Kiellands plass.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRKDen ligg like ved Alexander Kiellands plass i Oslo, og er på 103 kvadratmeter. Det er som å vandre inn i ei tidsmaskin når ein går inne i leilegheita.
Den førre eigaren hadde budd der i 40 år.
– Den har mange klassiske detaljar, som vi tenker har mykje potensial. Så vi ønskjer å behalde mest mogleg av det klassiske, men samstundes oppgradere den til dagens standard, seier Degutis.
Vi pussar og pussar
Mykje av oppussinga nordmenn gjer, er av det naudsynte slaget. Kring 60 prosent er naudsynt vedlikehald.
Men:
– Den meir lystprega renoveringa står for kring 30 prosent, seier Macic i Prognosesenteret, og legg til at ombyggingar og naturskadereparasjonar står for dei siste 10 prosentane.
– Det er ofte snakk om høg bustadprisvekst i Oslo. Om vi hadde pussa opp mindre, kunne bustadprisveksten og bustadprisane i Oslo vore lågare då, trur du?
– Ja, det trur eg. Det er betalingsvilje for denne standardhevinga, vi ønskjer bustader av høg kvalitet. Men veldig mykje av oppussinga er kosmetisk. Det har vi frå ulike datakjelder, seier Macic.
Til samanlikning er det i større grad energieffektiviseringstiltak dei brukar oppussingspengar på i andre europeiske land, fortel Macic.
– Er folk som flippar bustader med på å drive prisane opp?
– Ja, det kan ein seie. Det fører jo til auka standard og kvalitet på bustadmassen, så det er jo ikkje negativt, slik sett. Men dersom dei ikkje hadde gjort det, kunne jo dei same bustadane blitt selt til nokon som hadde tenkt å bu der, til ein lågare pris, og som kanskje ville ha godteke at standarden ikkje var topp moderne, seier Macic.
Får oppussingsråd
Paret på Alexander Kiellands har planar om å bli buande i leilegheita både medan dei pussar opp og etter.
– Vi tenker at det hadde vore litt vanskeleg å få kjøpt ei ferdig pussa opp leilegheit med eigenkapital og lån. Dessutan er dette ei kjempemoglegheit til å innreie ei leilegheit slik vi ønskjer, samstundes som vi skapar verdi, seier Degutis.
Sjå Degutis si omvisning av leiligheita:
No har dei hyra inn bustadflippar Emilie Willioch Frøyland for å få råd i prosessen.
Hennar veg inn i eigedomsbransjen var også hennar veg inn i bustadmarknaden i Oslo for nokre år sidan. Eit oppussingsobjekt som hadde lege lenge i marknaden var det ho hadde råd til.
– Så fann eg ut at å tilføye verdi til noko som ingen andre ville ha, ved å legge ned alt det arbeidet, også var spennande, seier Frøyland.
Frøyland og Degutis diskuterer fargar og material dei skal bruke for å pusse opp leiligheita.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK– Alltid bustader som ikkje blir selde
Sidan har det balla på seg. Ho sa opp finansjobben, og no har ho og sambuaren «flippa» fleire leilegheiter.
– Vi har valt å renovere leilegheiter som har lege veldig lenge på marknaden, og vi likar oppussing.
– Trass i at bustadprisveksten har vore sterk, så er det jo alltid bustader som ikkje blir selde fordi folk ikkje ønskjer å gjere det arbeidet sjølv. Mange ønskjer jo å berre å vri om nøkkelen og flytte rett inn, seier Frøyland.
Emilie Willoch Frøyland tener pengar på å flippe bustader og gi folk råd om korleis gjere det.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRK– Prognosesenteret meiner at oppussing og flipping bidreg til bustadprisvekst. Kva tenker du om det?
– Det er mange drivarar til auka prisvekst i marknaden, kor den største er at det er mangel på bustader i dei store byane. At nokon kjøper gamle bygg og aukar standarden på denne bustadmassen, tenker eg er fint, seier Frøyland.
Ho snur heller på det og synst det er snodig at så mange ikkje vel å tenke litt meir strategisk når dei skal gjere kanskje den største transaksjonen i livet.
– Ein tenker det er sunt at når ein skal gjere ei så stor investering, så må ein ha litt meir investor-mindset og tenke kor ein kan legge til verdi. På den måten kan ein auke eigenkapitalen sin. Eg veit godt kor lang tid det tek å spare 100.000 kroner om ein skal få det til gjennom ei vanleg lønnsinntekt.
Publisert 26.12.2025, kl. 19.30



















English (US)