– Det å tru at meir atomvåpen og satsing på atomvåpen er noko Noregs trygging kan kvila på, det er eit historisk feilgrep. Verda treng mindre atomvåpen, ikkje meir.
Det seier Kirsti Bergstø, leiar av Sosialistisk Venstreparti (SV).
Ho reagerer på at Noreg inngår ei forsvarsavtale med Frankrike.
Som ein del av avtala skal Noreg diskutera korleis franske atomvåpen kan brukast avskrekkande for å trygga Europa.
Frankrike er nemleg eitt av berre ni land i verda med atomvåpen, ifølge FN.
– Viss ein skal avskrekka med atomvåpen, krev det at dei ein skal avskrekka, trur at ein er gal nok til å faktisk ta dei i bruk, seier Bergstø.
SV-leiar Kirsti Bergstø meiner Noreg ikkje bør inngå noko atomvåpensamarbeid med Frankrike.
Foto: Daniil Thorkild Ryvænge / NRKHo meiner Noreg heller må styrka eiga forsvarsevne på andre måtar, mellom anna med meir samarbeid med andre land i Europa.
Fleire negative
SV-leiaren får støtte frå både Raudt og Miljøpartiet dei grøne.
– Dette er feil veg å gå. Regjeringa kan ikkje vera med på å legitimera ei ny bylgje av atomopprusting i Europa. Å svara på Russlands sabelrasling med å utvida atomavskrekkinga aukar berre risikoen for ei katastrofal eskalering, skriv partileiar Arild Hermstad (MDG) i ei pressemelding.
Bjørnar Moxnes (R), på si side, kallar det «en ekstremt dårlig idé, av flere grunner».
– Macron har gjort det klart at Frankrike selv vil ha suveren kontroll over atomknappen. Ingen fransk president vil ofre Paris for noen norsk by (selv ikke for Nordens Paris). Ei slik atomvåpengaranti er derfor ingen reell garanti, skriv han på Facebook.
Bjørnar Moxnes i Raudt meiner det er fleire grunnar til at Noreg ikkje bør ha noko atomvåpensamarbeid med Frankrike.
Foto: Christian Breidlid / NRKRøde Kors reagerer òg på nyheita.
– Vi trenger et oppgjør med forestillinga om at atomvåpen skaper trygghet, uttalar generalsekretær Grete Herlofson i ei pressemelding.
Ho påpeikar at det er umogleg å skilja mellom sivile og stridande viss ein brukar atomvåpen.
– Dette er ikke defensive våpen. De representerer en eksistensiell trussel vi ikke kan kontrollere, uttalar Herlofson.
Ikkje aktuelt å bidra med pengar
Avtala inneber ikkje ei endring i Noregs syn på atomvåpen, ifølge statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
– Det kjem ikkje atomvåpen på norsk jord i fredstid. Me jobbar framleis for nedrusting, nedrustingskontroll og ikkje-spreiing av atomvåpen. Det er veldig viktig, seier Støre til NRK.
Det var god tone mellom Jonas Gahr Støre (Ap) og den franske presidenten Emmanuel Macron under det offisielle besøket hans til Noreg i juni 2025.
Foto: Frida Wattne Lindland / NRK– Har Noreg vorte bedt om å bidra med pengar til det franske atomprogrammet?
– Nei, det har me ikkje. Det er heller ikkje aktuelt, svarar Støre.
Høgre positive
Høgre, på si side, rosar avtala regjeringa no har inngått med Frankrike.
– Det innebærer at vi i Europa gjør mer for vår egen sikkerhet når flere europeiske land deltar i det franske initiativet. Dette initiativet kommer tillegg til USAs atomparaply, og det endrer heller ikke norsk atompolitikk.
Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide er positiv til avtala.
Foto: Jane Rasmussen / NRKDet uttalar Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding.
Ho meiner me må tenka nytt rundt avskrekking i Europa.
– Samarbeid er alltid bedre enn alenegang – og denne avtalen er et vitkig steg for tettere samarbeid, seier Søreide.
Tre avtaler på eit halvt år
Avtala med Frankrike er ikkje den fyrste forsvarsavtala Noreg har inngått nyleg.
Sidan desember har forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) skrive under to andre slike avtaler: ei med Storbritannia og ei med Tyskland.
I tillegg har Noreg mellom anna auka samarbeidet med dei nordiske og baltiske landa, samt Polen.
Den franske trikoloren flagra i vinden ved sidan av det norske flagget då den franske presidenten besøkte Oslo i juni 2025.
Foto: Frida Wattne Lindland / NRKDet siste tilskotet har fått namnet Narvikavtala.
– Samla etablerer dei tre avtalene ein formalisert relasjon med Vest-Europas tre største militærmakter. Desse avtalene gjer kort og godt Noreg tryggare, seier forsvarsministeren i ei pressemelding.
Publisert 27.05.2026, kl. 19.31 Oppdatert 27.05.2026, kl. 19.50

















English (US)