Årsaka er at prisveksten i Noreg har lege rundt 3 prosent i lang tid. Langt unna målet til Noregs Bank, som er på 2 prosent.
Då USA og Israel gjekk til angrep på Iran ved månadsskiftet til mars, gjekk energiprisane i taket. Det legg enda større press på prisane, då enten straum eller bensin må til for å enten lage eller frakte dei fleste varer og tenester.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
Prognose Norges bank
Det førte til at sentralbanksjef Ida Wolden Bache rykka ut og gav mange med bustadlån ein skikkeleg kalddusj: ein må vente seg eitt eller kanskje to rentehopp i år.
Og i dag kom rentehevinga.
OPP: Sentralbanksjef Ida Wolden Bache gjorde som varsla - heva renta til 4,25 prosent.
Foto: Krister Sørbø / NRK– Komiteen meinte det var riktig å sette renta opp nå. Prisveksten er for høg og har lege over målet i fleire år, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
– Det er prisane på det vi produserer her i Noreg som stig raskast, seier sentralbanksjefen.
KASTAR SEG OVER: Akkurat på slaget 10 er det tradisjon at journalistane som er på plass hos Noregs Bank kastar seg over renteavgjerda som er lagt fram på ark på eit bord.
Foto: Krister Sørbø / NRKSentralbanksjefen understrekar at det er stor usikkerheit om den vidare økonomiske utviklinga, og peiker igjen på korleis krigen i Midtausten slår inn over norsk økonomi.
– Det vil truleg føre til at også den importerte prisveksten blir høgare framover, seier Wolden Bache.
Kronehopp
– Det vi må rekne med no, er at bustadlånsrentene blir sett opp og at krona kan styrke seg noko i tida framover, seier sjeføkonom i Eika Gruppen Jan Ludvig Andreassen til NRK.
Og sistnemnde ser vi allereie. Krona styrker seg både mot euro og dollar like etter av renteavgjerda.
Sara Midtgaard
- Senior makro- og rentestrateg i Nordea
Seniorstrateg Sara Midtgaard i Nordea Markets er ikkje overraska over utfallet.
– Dei hadde planar om å heve renta i næraste tid, så det er inga overrasking. Eg synst dei argumenterer godt for avgjerda, seier Midtgaard, og viser til pressemeldinga til Noregs Bank.
Se hvor mye du må betale når renta settes ned. Vi tar utgangspunkt i en nominell rente på 4,99 prosent.
Ditt lån
Nedbetalingstid nå
Månedlige utgifter 18 244 kr
Endrede utgifter 724 kr
Det vil si en total utgift på 18 244 kroner i måneden. Altså en endring på 724 kroner i renteutgifter.
Klokka 10.30 held sentralbanksjef Wolden Bache pressekonferanse, kor ho går meir i detalj kring vurderingane dei har gjort.
Kanskje vil ho lette på sløret om det kan kome fleire rentehopp i år.
Bård Nafstad / NRK
Huseierne: Burde ikkje heve renta
- Dette er ei renteheving Noregs Bank ikkje burde tatt no, seier Carsten Pihl i Huseierne.
Pihl seier at ein familie med tre millionar kroner i bustadlån vil få 6000 kroner i auka renteutgifter i året etter dagens renteheving.
- Det er på toppen av at ein vanleg familie allereie brukar over 30 prosent av inntekta etter skatt på bukostnader, seier Pihl.
Torstein Bøe / NTB
Norges Eiendomsmeglerforbund: – Svært urovekkande
– Det er svært urovekkande at Noregs Bank set opp styringsrenta. Det er berre månader sidan renta blei kutta – no er rentebildet snudd på hovudet. Det er dårleg nytt for eigedomsmarknaden, seier Carl O. Geving
Han er administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund.
Terje Haugnes / NRK
NHO Byggenæringen: – Eit hardt slag for bustadbygginga
– Rentehoppet i dag er nok ei dårleg nyheit for ei hardt prøvd næring og eit hardt slag for boligbygginga, seier Nina Solli, adm. direktør i NHO Byggenæringen.
– Det er akkurat fire år sidan nedturen starta i mai 2022 og sidan den gong har mange tusen fagfolk forsvunne frå næringa. I tillegg har vi hatt mange og store konkursar. Bustadbygginga er halvert, mange prosjekt er sette på vent.
– Marknaden legg til grunn at renta kjem til å bli auka tre gonger i år, seier valutastrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets.
Dane Cekov
- valutastrateg i Sparebank 1 Markets
Kyrre Knudsen er sjeføkonom i Sparebank 1 Sør-Noreg. Han meiner det er heilt ope om det vil kome enda ei renteheving i næraste framtid.
– Det er framleis rundt femti-femti om det kjem enda ei renteheving i juni, seier Knudsen.
Det kjem heilt an på korleis prisveksten utviklar seg framover, seier Knudsen.
– No er det berre å krysse fingrane for at dei to neste inflasjonsmålingane innan rentemøtet i juni, viser lågare inflasjon.
Kyrre Knudsen
- Sjeføkonom, Sparebank 1 Sør-Norge
Ved siste måling låg prisveksten på 3,6 prosent, medan kjerneinflasjonen – som Noregs Bank ser på – var på 3 prosent.
Bitter rentestrid
Dei varsla moglegheitene for renteheving har ført til ein opprivande rentedebatt i vår.
Sidan lønnsoppgjeret i industrien akkurat var kome i hamn, meinte LO-leiar Kine Asper Vistnes at sentralbanken ville motarbeide lønnsoppgjeret om renta vert sett opp.
Det førte til refs både frå Frp-leiar Sylvi Listhaug og Norsk Industri-sjef Harald Solberg, som reagerte kraftig på Vistnes si innblanding i rentepolitikken.
Sentralbanksjef Wolden Bache adresserer under pressekonferansen alle som har stilt spørsmål ved om det er rett å heve renta no – når alt no blir dyrare.
SVARER: Sentralbanksjefen adresserer debatten som har gått om renta i vår.
Foto: NRK– At vi meiner det er naudsynt å heve renta, skuldast ikkje berre krigen i Midtausten, og at prisane på olje og andre råvarer har auka.
– Ein viktig grunn til at prisveksten held seg høg, er at lønene har auka mykje dei siste åra.
Ho påpeiker at lønnsveksten er på veg ned, og at den ikkje er høg samanlikna med lønnsemda i industrien. Men:
– Lønnsveksten gir auka kostnader for bedriftene, og det vil i neste omgang bidra til å halde prisveksten oppe.
Ida Wolden Backe redegjør for hvorfor renten økes
Og ballen kan rulle vidare. Ein av dei største næringane i Noreg, olje- og gassindustrien, tener store pengar som følgje av energikrisa som er skapt i kjølvatnet av krigen i Midtausten.
– Auka prisar på varer Noreg eksporterer, kan også gi auka lønnsemd i delar av industrien. Og i sin tur i auka lønnsvekst, seier Wolden Bache.
Kvifor er det så annleis i Sverige?
Berre ein halvtime før renteavgjerda i Noreg, har svenskane fått sin fasit.
Der blir styringsrenta ståande på 1,75 prosent.
Økonomikommentator Cecilie Langum Becker om uendra rente i Sverige
Det er fleire ting som skil den svenske og den norske økonomien, som gjer at styringsrentene er så langt frå kvarandre:
- Prisvekst: I Sverige er prisveksten under målet på 2 prosent. Det betyr at ein kanskje må ha ei lågare rente for å gi meir fart på økonomien. Noreg og Sverige måler også prisveksten noko ulikt – for eksempel er bustadutgifter ein større del av prisvekst-målinga i Noreg enn i Sverige.
- Arbeidsløyse: I Sverige er det høgare arbeidsløyse enn i Noreg.
- Bustadmarknad: I Sverige er bustadmarknaden svakare enn i Noreg, kor det held seg ganske sterkt.
- Lønnsvekst: Lønnsveksten i Noreg har vore sterkare enn i Sverige i fleire år. I Sverige fall reallønna mykje etter lønnsoppgjeret i 2022.
- Ulik vektlegging av sysselsetting: Den svenske sentralbanken, Riksbanken, sende renta hardare opp frå 2022 og kan ha vektlagt sysselsetting mindre enn Noregs Bank, viser analysar frå sentralbanken sjølv.
Publisert 07.05.2026, kl. 09.38 Oppdatert 07.05.2026, kl. 10.59










English (US)