Nytt prisoverslag blåser liv i håpet om ein skipstunnel

2 hours ago 2


Kystverket melder at det er mogleg å kutte kostnaden til Stad skipstunnel med «fleire hundre millionar kroner».

I ei pressemelding seier Kystverket at dei har fått nye og rimelegare prisoverslag frå tre tilbydarar, og at dei gjennomfører ein ny forhandlingsrunde før jul.

Stad skipstunnel

Meldinga frå Kystverket er i tråd med tidlegare signal i Teknisk Ukeblad om at det går an å redusere kostnadene med «store summar».

Grafikk: Kystverket/Snøhetta

Transportetaten skriv vidare at dei tar sikte på å levere eit endeleg tilbod til regjeringa «i god tid før revidert statsbudsjett» (i mai), og at bygginga av den første skipstunnelen i verda kan begynne året etter – om regjeringa og dei folkevalde vil.

Frank Sve (Frp) i transportkomiteen på Stortinget er blant dei som vil:

No er det på tide at Austlandet unner Vestlandet eit større investeringsprosjekt, seier han.

Stad skipstunnel

Skipstunnelen er greia ut 20 gongar sidan 1990. Berre sidan 2021 har Kystverket brukt 290 millionar kroner på grunnerverv, geologiske undersøkingar og prosjektering.

Illustrasjon: Måløy vekst

Veldig glad for at Stortinget overkøyrde regjeringa

Støre-regjeringa valde i sommar å stanse forhandlingane med tilvising til at det siste prisanslaget (9,4 milliardar kroner) låg utanfor den vedtekne kostnadsramma (5,3 milliardar kroner) med god margin.

Då Stortinget var gjort kjend med «den hemmelege stopp-ordren», svarte eit fleirtal med å instruere regjeringa til å fortsette forhandlingane likevel.

Regjeringa måtte derfor gjere retrett og gi Kystverket beskjed om å gjenopprette dialogen med tilbydarane.

Eg er veldig glad for at fleirtalet på Stortinget overkøyrde Arbeidarpartiet, slik at vi får vite den endelegen prisen, seier stortingsrepresentant for Høgre, Anne Kristine Linnestad.

No ser det ut til at dette arbeidet kan resultere i store kostnadskutt.

to menn på en båt

– Vi har store oppgåver vi skal løyse innanfor forsvar, helse og kommuneøkonomi. Vi må snu på kvar krone for å bruke pengane så effektivt som mogleg. Derfor seier vi nei til dette prosjektet, som vi meiner ikkje forsvarer så stor pengebruk, seier Jonas Gahr Støre.

Foto: Javad Parsa / NTB

Det er likevel ikkje snakk om milliardar

Om dei nye forhandlingane leier fram til eit prisoverslag som er politisk akseptabelt, er likevel ikkje gitt.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) seier til NRK at kutt i hundremillionersklassen er for lite i den store samanhengen.

Det er likevel ikkje snakk om milliardar. Og det er jo det som er saka her.

– Har du ei helsing til dei som trur og håpar at skipstunnelen blir verkelegheit?

– At vi no får høve til å sjå endeleg pris, og at det er fullt og heilt opp til Stortinget å vurdere om det er forsvarleg å gå vidare.

Samfunnsnytta blir ikkje godt nok fanga opp

Fleire rapportar har sett spørsmålsteikn ved samfunnsnytta til tunnelen, og i hovudstadspressa er prosjektet framstilt som eit monument over «manglande budsjettdisiplin», «offentleg sløsing» og «økonomisk irrasjonalitet».

På den andre sida har ei rekke prosjekt med lågare samfunnsøkonomisk nytte enn skipstunnelen fått klarsignal (sjå regjeringa si eiga oversikt her.)

Om skipstunnelen skal vere eit symbol på noko, så må det vere kva ein heilskapleg kystpolitikk kan oppnå når staten satsar, seier Elisabeth Hatlenes, som er leiar i den nye Innsatsgruppa for Stad skipstunnel.

Ho legg til løypemeldinga frå Kystverket «skaper ny glød».

Skipstunnelen har mykje å seie for dei som har havet som arbeidsstad. Den samfunnsnytta blir ikkje godt nok fanga opp i dagens modellar.

  • Judith Kvåle

    Judith Kvåle (Ap), ordførar i Stad kommune

    Det er gledeleg at ei så stor kostnadsredusering er mogleg, og eg tek det for gitt at sparing i 100-millionarklassen gjer inntrykk på dei fleste – også Stortinget og regjeringa.

  • Frank Willy Djuvik

    Håvard Nyhus

    Frank Willy Djuvik, dagleg leiar i Måløy vekst

    Det er positivt at Kystverket no melder om moglegheiter for betydelege kostnadskutt. Det viser at prosjektet kan optimaliserast utan å svekkje kvaliteten. Men Stad skipstunnel står støtt uansett, behovet er udiskutabelt. Å kalle tunnelen «offentleg sløsing» er misvisande. Kystflåten, kapteinar og sjøfolk peikar på prosjektet som avgjerande for tryggleik og føreseieleg transport av folk og varer.

  • Einar Lie

    NRK

    Einar Lie, professor i økonomisk historie ved Universitetet i Oslo (UiO)

    Om nokre tiår er eg sikker på at prosjektet vil bli ståande som sjølve symbolet på det ein kunne ta seg råd til på 2020-talet. Skulle sivilisasjonen vår bryte fullstendig saman, vil arkeologane om tusen år framleis kunne studere dette digre holet og lage seg forklaringar på dets tilbliing, som truleg vil overgå dagens forsøk på å forstå Stonehenge og andre merkverdighetar.

    Sitert i Aftenposten.

  • Elisabeth Birkeland Hatlenes

    NRK

    Elisabeth Birkeland Hatlenes, leiar i Innsatsgruppa for Stad skipstunnel

    Meldinga frå Kystverket er svært positiv. Det viktigaste no er at førehandlingane blir fullførte på ein grundig og transparent måte, og at Kystverket får levere sitt endelege forslag til regjeringa i god tid før revidert statsbudsjett. Det er først då slaget om Stad står, når vi får det faktiske avgjerdsgrunnlaget på bordet.

  • en mann som står på en bro

    Dag Ulvedal

    Alfred Bjørlo, Venstre

    Dei nye tala syner at det var rett av stortingsfleirtalet å tvinge regjeringa til å gå ei ny runde med forhandlingar, og at regjeringa gjorde ein stor feil då dei gav opp heile prosjektet i framlegget sitt til statsbudsjett i haust. Om denne innsparingsmoglegheita er stor nok til å få Ap på betre tankar står att å sjå, men det er i alle fall naudsynt med ein ny gjennomgang frå regjeringas side.

  • Anne Kristine Linnestad

    Anne Kristine Linnestad (H), medlem av transportkomiteen på Stortinget

    Eg er veldig glad for at fleirtalet på Stortinget overkøyrde Arbeidarpartiet, slik at anbodsforhandlingane, arbeidd med kostnadsreduserande tiltak held fram og at Stortinget får vite den endelegen prisen. Eg besøkte sjølv næringsliv, lokalbefolkning og sjøfolk på Stad i slutten av november, og utfordrar alle til å gjere det same før Stortinget skal ta endeleg avgjerd.

  • Frank Sve

    Tore Ellingseter

    Frank Sve (Frp), medlem av transportkomiteen på Stortinget

    Dette bekreftar det vi heile tida har sagt: At dette prosjektet er mogleg å bygge billigare og at kostnadane kan reduserast. Her er ganske sikkert også store klima- og miljøtiltak som kan kuttast ytterlegare, slik som bruken av nullutslepps anleggsmaskiner. No er det på tide at Austlandet unner Vestlandet eit større investeringsprosjekt.

  • Hans Sande, administrerende direktør i Norsk Sjøoffisersforbund

    NRK

    Hans Sande, administrerande direktør i Norsk Sjøoffisersforbund

    Dette prosjektet handlar om tryggleik for sjøfolk og kystnær transport. Stad er eit av dei mest krevjande og vêrutsette farvatna vi har. Vi forventar at Stortinget ser verdien av prosjektet og at det blir realisert.

Dette er viktige glør til bålet

Ifølge Kystverket har det vore 3 «relevante ulykker» på Stadhavet i perioden 2000–2021 (og 10 i perioden 1981-2000).

Dette er ei bekrefting på at det var rett å fullføre anbodsprosessen, seier Britt Giske Andersen i Maritimt Forum Nordvest

Ho seier at slaget om Stad skipstunnel «er langt frå tapt» og dei nye prissignala er «viktige glør til bålet».

No skal vi arbeide for å få fram mest mogleg kunnskap om prosjektet, slik at totalverdien er godt kjent for dei som til slutt skal ta den endelege avgjerda.

Publisert 06.12.2025, kl. 08.59

Read Entire Article