Liberale Lee Jae-myung har leia på meiningsmålingane gjennom valkampen, men konservative Kim Moon-soo har knappast innpå mot slutten.
Ifølgje målingane ser Lee ut til å få 50,6 prosent, medan motkandidaten i det sørkoreanske presidentvalet har 39,4 prosent.
Sør-Koreas demokratiske parti seier folket har gitt ein glødande dom av opprørsregimet.
Med skotsikker vest og skotsikre vindauge, talar Lee Jae-myung til folket. Han har teke imot fleire dødstrugslar gjennom valkampen.
Foto: ANTHONY WALLACE / AFP / NTBValkampsjefen til People Power Party (PPP) har og reagert på målinga. Han seier dei er sjokkert over valdagsmålinga.
Trur han veit kven som vinnar
Det har vore noko annleis med valkampen i Sør-Korea i år.
Presidentkandidat Lee Jae-myung gjekk på talarstolen med skotsikker vest. Rundt han er skotsikre vindauge.
Sidan desember har det aust-asiatiske landet vore utan ein demokratisk vald president.
Tysdag hadde landet valet mellom to vidt forskjellige kandidatar.
PPP stiller med høgre-kandidat Kom Moon-soo som vil vidareføre PPP-tradisjonen med ei streng tilnærming til Nord-Korea.
Kim Moon-soo har framleis tette band med den avsette og dømde tidlegare presidenten Yoon Suk-yeol.
Foto: Lee Jin-man / AP / NTBLee Jae-myung frå det demokratiske partiet er venta å vinne valet trass skuldingar om maktmisbruk og korrupsjon.
Dette treng du å vite om valet i Sør-Korea
- Kven er Lee Jae–myung?
Det var nokså utenkeleg at 61-åringen frå den sør-koreanske bygda skulle bli presidentkandidat.
Han har hatt fleire rettsaker å handtere, han var tiltalt for korrupsjon og misbruk av makt. Han var også dømd for å kome med usanne utsegn då han stilte som presidentkandidat under valet i 2022. Han blir kritisert for å vere aggresiv av opposisjonspartiet PPP.
Men statskuppet i 2024 endra alt.
Berre timar etter at militærlova blei kunngjort av president Yoon, gjekk Lee på offentleg TV og oppmoda folket om å protestere. Han blei sjølv med i protestane og var ein sentral figur for å få ein slutt på militærlova.
I dag står han som presidentkandidat for det demokratiske partiet og leiar på meiningsmålingane.
- Kven er Kim Moon-Soo?
Kim Moon-Soo er høgresida sin presidentkandidat og representerer People Power Party (PPP). For å ha ein sjanse for å vinne presidentvalet, har han også appellert til sentrums-veljarar.
73-åringen kunngjorde at han ville stille som presidentkandidat i april, men har vore politisk engasjert heile livet. Då han var ung var han aktivist på venstresida. Gjennom valkampen har han brukt reisa frå det politiske venstre til høgre som ein styrke.
"For å gå frå venstre til høgre må ein gjennom sentrum", sa han i april.
Han kjem frå den sør-koreanske bygda sør i landet og utdanna seg innan juss ved det prestisjetunget Seoul Nasjonale Universitet. Der blei han utvist for å ha drive med aktivisme.
Han har vore guvernør i Sør-Koreas mest folkerike provins, Gyeonggi, nær Seoul. Der har han blitt hylla for sitt skarpe administrative pågangsmot og politiske instinkt.
- Kvifor er dette valet så spesielt?
Sør-Korea har sidan 1980-talet bygd seg opp til å bli den strake motsetninga til sine naboar i nord - demokratisk, utovervendt og med ein solid økonomisk vekst.
Den 3. desember 2024 blei demokratiet sett på prøve. Då erklærte den dåverande presidenten Yoon Suk Yeol militærlov og førskte å sette nasjonalforsamlingen til side. Han grunngav dette med at det var trugslar frå Nord-Korea.
Men dette stemde ikkje og folk tok til gatene. Dei kravde at han blei einstemmig avsett av åtte dommarar og dømd på fem punkt, inkludert brot på grunnlova.
Yoon har sidan den gong beklaga seg og sagt at han er "knust" over at han ikkje klarte å møte forventingane frå folket.
Sør-Korea har ikkje hatt ein demokratisk vald president sidan 14. desember i fjor og mange håpar at valet i år kan bli ein ny start for demokratiet i Sør-Korea.
Klokka 11.00 lokal tid tysdag hadde rett over 18 prosent stemt ved over 14.000 stemmelokale i landet, ifølge den nasjonale valkommisjonen. Det er venta at mange kjem til å stemme i løpet av dagen.
Tysdag står folk i kø for å stemme under presidentvalet. Her i hovudstaden Seoul.
Foto: Kim Hong-Ji / Reuters / NTBStemmelokala skal vere opne til klokka 20.00 lokal tid.
Lee fekk luft under vengene etter protestane. Som ein aktiv deltakar av protestane, fekk han mykje støtte frå det sørkoreanske folk.
Vladimir Tikhonov er professor ved Universitet i Oslo
Foto: Olaf ChristensenDet er i alle fall slik Vladimir Tikhonov ser på det. Han er professor ved Universitet i Oslo.
– Han presenterte eit håp om stabilitet og normalitet for Sør-Korea, seier Tikhonov.
Han har tru på at det blir liberale Lee Jae-myung som stikk av med sigeren i dag.
Intens valkamp
Begge presidentkandidatane har kome med krass kritikk til motparten. Lee skuldar Kim for å støtte den tidlegare presidenten. Kim har skulda Lee for å vere kommunistisk spion for sine koreanske naboar i nord og Kina.
Valkampanjen har vore synleg i gatene.
Foto: ANTHONY WALLACE / AFP / NTBValet skjer i eit spent politisk klima.
Det er akkurat eit halvt år sidan president Yoon Suk-yeol innførte militær unntakstilstand og forsøkte å sette nasjonalforsamlinga til side. Han sa dette var på grunn av at det hadde kome trugslar frå Nord-Korea.
Men det var ingenting som tydde på at dette var sant.
Folk tok til gatene. Dei meinte at demokratiet stod i fare.
Store protestar braut ut i etterkant av at Yoon innførte militær unntakstilstand. Her frå 14. desember i fjor.
Foto: JUNG YEON-JE / AFP / NTBDen 14. desember blei Yoon suspendert frå rolla som president. 4. april blei han samrøystes avsett av åtte dommarar i nasjonalforsamlinga og dømd på fem punkt, inkludert brot på grunnlova.
For mange blei dette sett på ein siger for demokratiet.
Etter sørkoreansk lov må landet då velje ein ny leiar innan 60 dagar. Difor er det val akkurat i dag, 3. juni.
Ein ny start for Sør-Korea
– Eit utanrikspolitisk vegskilje.
Det er orda Sør-Korea-vitar og utanriksjournalist i Klassekampen, Gustav Gillund, skildrar valet med i dag.
Gustav Gillund er utanriksjournalist i Klassekampen.
Foto: Frida Wattne Lindland / NRKHan peikar på at Sør-Korea er eit skjørt og ungt demokrati. Berre sidan 1988 har Sør-Korea offisielt vore eit demokrati.
Mange håpar valet i dag kan markere ein ny politisk start i landet. For det har vore eit dramatisk halvår i sørkoreansk politikk.
– At valet i dag går greitt, vil vere utruleg viktig for å sette punktum for landet, seier Gillund.
Interessert i meir frå utanriks? Høyr podkasten vår her:
Publisert 03.06.2025, kl. 13.12 Oppdatert 03.06.2025, kl. 13.33