Dei siste vekene har det vore mange hendingar på øvste nivå der vaksne menn og kvinner luggar kvarandre.
– I Premier League skjer det jo nesten i annankvar kamp, seier Sebastian Holm Mathisen til NRK.
Mathisen spelar fotball for Sandefjord, og viser stolt fram dei gylne krøllane sine.
KRØLLTOPP: Sebastian Holm Mathisen i Sandefjord.
Foto: Trond R. Teigen / NTBForeløpig har Mathisen sine lokkar fått vere i fred, men han har lagt merke til trenden som spreier seg som ein pandemi i fotballen:
Lugging har blitt eit stort problem.
GODT TAK: Lisandro Martínez nappa godt i den vesle hestehalen til Leeds-spelaren.
Foto: Phil Noble / Reuters / NTBBLIR STRAFFA: Dommaren ser bilda av lugging på videodømmingsskjermen, og viser seinare ut Martínez. Han fekk tre kampar med karantene.
Foto: PAUL ELLIS / AFP / NTBNYLUGGA: Sunderlands Daniel Ballard (blå drakt) nappar i fletta til Wolverhamptons Tolu Arokodare. Han blei dermed foreløpig siste luggesyndar i engelsk fotball.
Foto: Mike Egerton / AP / NTBFØRSTEMANN: Michael Keane (i blå drakt til venstre) mottar her raudt kort for lugging, som førstemann i Premier League denne sesongen.
Foto: Peter Powell / Reuters / NTB
Det har vore fleire episodar i engelsk fotball og Meisterligaen for kvinner.
Laurdag kveld skjedde det igjen. Da sat superstjerna Wayne Rooney i fotballstudio til BBC og sa oppgitt:
– Eg kan ikkje tru at eg sit her og snakkar om at spelarar blir utviste for lugging. Det er latterleg. Reglane må endrast, seier Rooney ifølge BBC.
Kva synest du om lugging på fotballbanen?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Springskalle og lugging blir straffa likt
Så langt er dei fleste luggerane straffa med raudt kort. Det går under nemninga «valdeleg framferd» saman med slag og nedskalling.
Det får fleire til å reagere.
Manchester United-manager Michael Carrick meiner blant anna at eit raudt kort for lugging var «det verste han hadde sett».
Sidan har det engelske fotballforbundet (FA) vore knallharde i sin dom: Lugging er valdeleg oppførsel.
– Andre typar valdeleg framferd utset motspelaren for større fare. Men i fotballen si interesse kan ikkje lugging aksepterast, og må derfor straffast strengt, seier FA i ei fråsegn ifølge BBC.
Beate Oma Dahle / NTB
Hans Erik Ødegaard, Lillestrøm-trenar
– Det er slik ein gjer når ein er under ti år.
Geir Olsen / NTB
Thomas Myhre, HamKam-trenar og tidlegare landslagsspelar
– Det er lov til ganske mykje, men å lugge høyrer ikkje heime på toppnivå. For å få det bort må det bli straffa hardt.
Frederik Ringnes / NTB
Amund Skiri, trenar for Kristiansund
– Dette høyrer ikkje heime i fotballen i det heile tatt.
Beate Oma Dahle / NTB
Jo Inge Berget, Sarpsborg 08
– Det er smålege ting ein skal halde seg unna.
Frederik Ringnes / NTB
Ethan Amundsen-Day, HamKam
– Det er veldig spesielt at det har blitt ein ting. Det er ikkje bra, det gjer jo dritvondt. Eg synest ikkje noko om det.
Beate Oma Dahle / NTB
Gustav Nyheim, Lillestrøm
– Det er jo berre rart å sjå på. Det er ting som ikkje høyrer heime i fotballen.
Fleire tvilsame situasjonar
Her heime i Noreg er det også ueinigheit.
Fleire spelarar påpeikar at det går an å ta tak i drakta, og i staden ende opp med å bli ein luggande syndar.
– Om du ser at det er med vilje, så synest eg det er greitt med raudt kort. Men er du uheldig, og ein situasjon som ikkje er med vilje, så er det noko anna, seier Lillestrøms Gustav Nyheim.
– Litt lugging er ikkje så farleg. Gult kort er greitt. Raudt er hardt, seier Kristiansunds Leander Alvheim.
IKKJE REDD FOR LUGGING: Kristiansunds Leander Alvheim.
Foto: Frederik Ringnes / NTB– Om du luggar ein spelar, så skal det vere raudt. Så er det nokon tvilsame situasjonar. Det er skjønn, dommarane må vurdere det, seier Sebastian Holm Mathisen i Sandefjord.
Han meiner bevisst lugging må straffast hardt.
– Då bør det bli fleire kampar med karantene.
Undervegs i intervjuet med NRK klekker han ut ein lur plan.
Nå skal håret gro for å freiste motstandarar til å nappe han i krøllane.
– Kanskje eg blir lugga etter kvart, seier han med eit smil.
LUGGA: Også i Meisterligaen for kvinner har det vore episodar med lugging.
Publisert 07.05.2026, kl. 16.08












English (US)