Direktørane på dei fem universitetssjukehusa har snakka saman.
Dei meiner debatten om ventetid og behandlingskø må få eit nytt element.
Kva skal sjukehusa gjere mindre av? Kven skal ikkje lenger få eit tilbod på norske sjukehus?
– Dette kan vere ein kontroversiell debatt, innrømmer Eivind Hansen, direktør i Helse Bergen.
– Både vi og politikarane har skapt store forventingar til tenestene. Men vi er nøydd til å diskutere korleis vi bruker ressursane på ein best mogeleg måte. Vi treng denne debatten inn mot valkampen.
Eivind Hansen viser at dei behandlar fleire enn tidlegare i Helse Bergen.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK– Unngåeleg debatt
Direktør Bjørn Atle Bjørnbeth på Oslo Universitetssykehus er samd med kollegaen i vest.
– Denne debatten er uunngåeleg. Det er viktig at vi tek den tidleg og bredt. Ikkje berre mellom oss leiarar og i helsevesenet, men mellom politikarar og samfunnet elles, meiner Bjørnbeth.
Sjukehusdirektørane på Stavanger universitetssjukehus og Universtitetssykehuset Nord-Norge støtter og bodskapen.
Bjørn Atle Lein Bjørnbeth meiner det heilt naudsynt å diskutere korleis sjukehusa skal prioritere.
Foto: Christian Ziegler Remme / NRK– For UNN handlar det om å prioritere det som er viktigast innanfor rammene våre. Det betyr ikkje at vi tek bort noko som ikkje er bra, men vi må prioritere noko anna fordi det er viktigare, seier direktør David Johansen.
Mindre av det som ikkje er kritisk
På plastikkirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus er det travelt.
Ventelistene er stadig aukande, som tilfellet er i store deler av sjukehusdrifta.
Avdelingsleiar Hans Chr. Sylvester-Jensen seier dei må avvise stadig fleire av pasientane som vert tilvist til dei.
– Det er nok ei forventning om at det offentlege skal hjelpe med alle plager og problem. Og det har vi dessverre ikkje ressursar til, seier Sylvester-Jensen
For få år sidan vart berre eit få prosent av pasientane avvist. No er det nesten 15 prosent som vert vurdert til «ikkje rett til behandling».
På avdelinga som behandlar alt frå brannskadar til rekonstruksjonar etter ulukker må dei no velje vekk behandling.
– Det kan vere brystreduksjonar, det kan vere brystasymmetri, det kan vere bukplastikk. Eller det kan vere små godartede kuler som ikkje gje funksjonelle plagar, men kanskje er eit kosmetisk problem for pasienten, seier avdelingssjefen.
Hans Chr. Sylvester-Jensen seier dei allereie har måtte avvise mange som vert tilvist frå sine fastlegar.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKAldri behandla fleire
Ventetida på behandling på Haukeland universitetssjukehus har auka jamt og trutt dei siste åra.
Det skjer trass i ulike krafttak for å få den ned.
Og at sjukehuset behandlar stadig fleire.
I juni 2019 var nesten 107.000 pasientar i eit behandlingsløp i Helse Bergen. Fem år seinare var talet kring 124.000.
I same tidsperiodet har ventelista på behandling stige med over 3000.
Nesten 20.000 står på venteliste i Helse Bergen. Andre stader i landet er køen enno lengre.
Tendensen er den same ved dei andre store sjukehusa.
Direktør Hansen viser til at dei får stadig fleire pasientar som krev ein meir kompleks behandling, og at dei får stadig nye mogelegheiter til å behandle.
Direktørane ved dei fem universitetssjukehusa snakkar ofte saman. Dette er UNN i Tromsø.
Foto: Erik Waagbø / NRK– Det seier kanskje noko om demografien i samfunnet og, at det vert stadig fleire eldre. Det gjer debatten enno meir aktuell.
Vestre meiner det ikkje trengs meir debatt
Helseminister Jan Christian Vestre seier han forventar at helsekøane går ned, og peiker på at det er løyvd pengar til dette.
I helsetalen for 2025 peikte han på at å få ned ventetida til sjukehusbehandling er ei viktig oppgåve.
Helseministeren forventer at helsekøane vert reduserte i løpet av året.
Foto: Alexander Nordby / NRK– Vi har klare prioriteringskriterier i dag. Det handler om alvorsgrad, om kva nytte behandlinga gjev og ressursbruk. Dette er vurderingar helsepersonell gjer heile tida.
– Er dette ein debatt samfunnet må ta del i, kva sjukehusa skal prioritere vekk?
– Forventingane til sjukehusa er klare. Dei skal gje god og rask helsehjelp til befolkninga. Det vil alltid vere ein debatt om prioriteringar.
– Skaper politikarane press på helsetenestene med stadig nye løfter og krav utan at ein tek nok hensyn til ressurssituasjonen?
– Ho har vi sørga for rekordløyvinger til sjukehusa. Det er mellom anna gjort fordi vi vil at ventetidene skal gå ned. Eg forventer at sjukehusa auker aktiviteten og kapasiteten,
Publisert 14.02.2025, kl. 15.02