Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Med grunnlova kom trykkefridomen, og med trykkefridomen kom stadig nye aviser.
Tidningsänglarne: Partiagitasjon vart rekna som politisk ukultur gjennom store delar av 1800-talet. Motviljen mot partipressa og agitasjon i pressa kjem til uttrykk i denne karikaturen frå vittigheitsbladet Söndags-Nisse frå 1872. (Illustrasjon: Brukt med tillatelse av Kungliga biblioteket)
Det kom ein syndflod av nye blad, slo dei fast i ei avis tidleg på 1800-talet.
At redaksjonen kalla veksten ein «syndflod», understreka at det var noko uvisst med dei nye blada.
Kva ville dei eigentleg?
– Dei ville ha makt. Samfunnsrolla til pressa var på denne tida svært uavklart. Avisene arbeidde med å finne rolla si og definere oppdraget sitt. Men det er ingen tvil om at redaktørane i avisene søkte politisk innflytelse, seier Niri Ragnvald Johnsen.
Niri Ragnvald Johnsen viser korleis pressa i Sverige og Noreg fekk politisk makt tidleg på 1800-talet. (Foto: UiA)
Dei skrev nesten berre om pressa
Johnsen har forska på korleis politiske grupperingar i Sverige og Noreg i første halvdel av 1800-talet arbeidde for å påverke samfunnsutviklinga.
Ei avisutgåve på den tida kunne vere fire sider lang. Ho var gjerne fylt frå ende til annan av filosofiske betraktningar om samfunnsoppdraget til pressa, fortel han.
– Litt spissformulert kan du seie at du som journalist tidleg på 1800-talet nesten berre skreiv om pressa, seier Johnsen.
Det vi i dag kallar aviser, kalla dei den gongen gjerne blad eller periodiske skrifter.
Grunnlova og trykkefridomen
Hovudårsaka til veksten av nye blad er innføringa av grunnlovene i Sverige 1809 og Noreg 1814.
– Med grunnlovene kom det også nye lover om trykkefridom i begge landa. Trykkefridomen opna for ei ny offentlegheit med aviser og journalistar som kunne diskutere politikk og samfunn, seier Johnsen.
Han har hovudsakleg studert to pressemiljø: dei borgarlege opposisjonsblada på 1810- og 1820-talet og dei radikale arbeidarblada i tida rundt 1848.
Desse miljøa fanst både i Sverige og Noreg.
Trompeten: Trompeten var eitt av fleire politiske blad redigerte av den svenske pressemannen Carl August Grevesmöhlen. Han vart i 1816 dømd for ærekrenkjande ytringar og landsforvist. (Foto: Niri Ragnvald Johnsen)
Journalistane definerte samfunnet
I våre dagar veit politiske rådgjevarar og andre kommunikasjonsfolk kor viktig det er å ramme inn ordskiftet med ord og vendingar som gjer at deira perspektiv på saka vinn fram.
Det forstod også journalistane på 1800-talet.
Johnsen viser til dømes korleis uglesette omgrep som «opposisjon» og «partipresse» vart omdefinerte og etter kvart fekk ny meining.
Dei vart gradvis forma om til nøytrale og etter kvart positivt ladde omgrep. Det skjedde i takt med at opposisjon og partiorganisering vart meir aksepterte som politiske praksisar.
– Med språket vart ulike forhold definerte. På den måten vart politikk og samfunn forma av dei språklege formuleringane. Samtidig var dei språklege formuleringane forma av samfunnsforholda på den tida, seier Johnsen.
Allmänna Opinionens Organ: Politiske aviser tidleg på 1800-talet hadde gjerne meiningssterke titlar som uttrykte sjølvforståinga til blada. Allmänna Opinionens Organ vekte oppsikt då det i 1810 lanserte seg sjølv som talerøyr for den allmenne opinionen. (Foto: Niri Ragnvald Johnsen)
Nye ord for ei ny tid
I forskinga si viser han korleis omgrep som «den offentlige mening», «folkeviljen», «opposisjon» og «den fjerde statsmakt» for alvor vart tekne i bruk og knytte til samfunnsrolla til pressa i perioden 1809–1848.
Samtidig viser han korleis idear og omgrep knytte til pressa vart importerte og utveksla mellom land i Europa og Skandinavia.
Pressehistoria har tradisjonelt vore svært nasjonalt avgrensa, men Johnsen har målretta leita etter kontakt og påverknad på tvers av landegrensene.
Nye impulsar kom like gjerne frå Frankrike som Storbritannia. Det er eit nytt funn i studien til Johnsen.
– I sum bidrar studien med innsikt i opphavet til vår tids førestillingar om den politiske oppgåva pressa har, seier Johnsen.
Folkets lektyr: I tida kring 1848 voks det fram ei radikal arbeidarpressa som vende seg til og hevda å representere folket. Karikaturteikning av arbeidarbladet Söndagsbladet og lesarane deira, slik dei vart framstilte i det samtidige bladet Synglaset i 1849. (Illustrasjon: Brukt med tillatelse av Kungliga biblioteket)
Ei overgangstid
I tida etter grunnlovene stod ideen om nasjonen sterkt. Men utover på 1800-talet vaks erkjenninga av at ulike grupper i samfunnet hadde ulike interesser.
Det tidlege 1800-talet var prega av idealet om at den politiske debatten burde vere einskapleg, objektiv og rasjonell.
– Men etter kvart må ein gradvis ta inn over seg at politikken hadde vorten, og kanskje alltid hadde vore, ein interessekamp mellom ulike grupper som bønder, arbeidarar og embetsmenn, seier Johnsen.
Dermed fekk ein også i 1880-åra dei første politiske partia i Sverige og Noreg, og samtidig ei eiga partipresse.
Det hadde vore nesten heilt utenkjeleg berre femti år tidlegare.
Tidlause spørsmål om pressas rolle
I debattane om samfunnsoppdraget til pressa den gongen finn vi også spørsmål som gir gjenklang i dag.
Korleis skal ein orientere seg i eit veksande mylder av utgivingar og stemmer? Kan ein stole på media? Bidrar dei til samfunnsopplysing – eller er dei samfunnsoppløysande?
Johnsen minner om at det framleis finst eit utal aviser og tidsskrift frå det tidlege 1800-talet som knapt har vore studerte av historikarar.
Medan han arbeidde med studien, fann han sjølv fleire ukjende og lite utforska aviser, tidsskrift og brev.
– Heilt sentrale omgrep i det politiske vokabularet vårt er framleis understuderte. Det gjeld sentrale ord som «demokrati», «folket» og ikkje minst «politikk», seier Johnsen, som no held fram som forskar ved Syddansk Universitet.
Referanse:
Niri Ragnvald Johnsen: Meningsbærerne. Pressemakt og politisk innflytelse i Sverige og Norge, ca 1809-1848. Doktoravhandling, Universitetet i Agder, 2026.

22 hours ago
1











English (US)