– Og så litt egg ved sidan av om det røyner på. Det kjennast som du ikkje har ete etterpå. Det er ikkje heilt bra.
24-åringen frå Naustdal i Sunnfjord ser ved første augekast ut som ein mann du helst ikkje vil møte i ei mørk bakgate. Men i det den smittsame latteren og smilet kjem fram skjønar du raskt at han eigentleg berre er ein stor «bamse».
Å vere Noregs sterkaste vektløftar krev enorme mengder med kaloriar og protein.
– På ein god dag så har eg vel 1,2 kilo med kjøttdeig. Og ja, sikkert ein kilo med cottage cheese og forskjellig anna, seier Holme.
Han løftar i +110 kilo-klassa.
I helgene flottar han seg gjerne med egg til frukost. Det er ikkje uvanleg at det går med 12 egg. Favoritten er likevel sambuaren sine kjøttkaker og taco.
– Eg ete no til det er tomt. Men det er sikkert 12–13. Heimelaga då, så dei er litt størr enn dei du får til vanleg.
KJØTKAKER: Sambuaren sine kjøtkaker går ned på høg kant.
Foto: Frode Søreide / NRKOg då er det bra med ein frue som er glad i å lage mat.
– Ho er flink til å lage mat og dulla godt med meg. Eg kan enkle ting. Taco og kjøttdeig.
– Men eg tek ein pakke kjøttdeig og ost aleine, då, forklarar sunnfjordingen og vedgår at salaten overlèt han mest til sambuaren.
Kan vere helseskadeleg for vanlege folk
Stian Grimseth, president i Norges Vektløfterforbund, inspirator og tidlegare vektløftar, sukkar når han høyrer om dietten til sambygdingen.
– Eg kjenner meg igjen og er veldig glad for at eg ikkje er der lenger. Dette er ein fæl jobb. Og eg hugsar det ikkje med glede. Det var ein stor jobb å få i seg nok mat, rett og slett. Mykje meir enn det ein hadde lyst på.
VM-GENERAL: Stian Grimseth er sjef for VM i Førde og tidlegare vektløftar.
Foto: Frode Søreide / NRKTil liks med Holme var også Grimseth glad i kjøttkaker. På det meste vog «bamsen» frå Naustdal 160 kilo.
– Eg trur eg var oppe i 18 poteter ein gang, så da trur eg er persen på poteter.
Ernæringsfysiolog Ina Garthe i Olympiatoppen seier dette ikkje er uvanleg i idrettar som vektløfting, der energibehovet er stort. Men understrekar at det er viktig å oppretthalde eit variert kosthald.
– Eit einsidig kosthald med overvekt av enkelte matvaregrupper, som raudt kjøt og farseprodukt, og samtidig lågt inntak av grønsaker, kornprodukt og fiberrike matvarer, kan over tid gi negative konsekvensar for mellom anna hjarte- og karhelse og fordøyelsesfunksjon.
SKADELEG: Fagansvarleg i Olympiatoppen tilrår ikkje Holme sin diett for vanlege folk.
Foto: OlympiatoppenFor vanlege folk kan eit slikt matinntak vere direkte helseskadeleg.
– Hjå personar utan tilsvarande energiforbruk og muskelmasse ville eit slikt matinntak raskt ført til betydeleg vektauke, auka feittmasse og risiko for livsstilsrelaterte sjukdommar som overvekt, type 2-diabetes og hjarte- og karsjukdommar.
Blitt dyrare
Sjølv om Holme er glad i mat og ikkje har noko problem med å få i seg dei store mengdene, så har det ei stor hake.
– Maten er blitt dyr, det merker eg. Når du skal ha tre pakkar kjøttdeig kvar dag, så merker du at det er dyrt.
– Har du peiling på kor mykje du brukar på mat?
– Nei, det kan vi ikkje offentleggjere i NRK, då tru eg mange blir sjokkert.
– Du har eit familiebudsjett aleine?
– Litt til. Meir enn eit familiebudsjett. Så det er mykje. Men vi får mykje ut av det når vi skal løfte etterpå, trøystar han seg med.
Hemmeleg «superdiett» skapar reaksjonar
Men Holme har også appetitt for ein matrett som kan få mange til å rynke på nasen.
– Eg har jo tørrfisk og gamalost som er ei stor proteinkjelde. Ja, eg ete mykje gamalost. Eg hadde ein bestefar som lærte meg det frå eg var liten.
Han vedgår at akkurat den retten skapar ein del reaksjonar.
– Om du skal bli sterk, så lyt du finne det som inneheld protein. Gamalost er jævla bra. Og det er jo ein type medisin eller antibiotika i osten. Så det er fleire som er byrja å ete det, reklamerer naustedølen.
TUNGE LØFT: Vektløftaren frå Naustdal treng påfyll av protein og tyr gjerne til gamalost.
Foto: Frode Søreide / NRKEin som derimot rynkar på nasen er førebilete Grimseth. Han har sjølv ei fortid med den berømte osten frå Vik i Sogn.
– Det er eit veldig spesielt forhold. Eg skulle jo bli sponsa av gammalost frå Vik, så eg var jo så stolt og glad, og så fekk eg tilsendt ei flott øskje i tre med inngravert logo.
Dette var den tid Grimseth budde i Oslo. Men trass ei tjukk skive og gamalosten pakka inn i store mengder smør på alle kantar klarte ikkje naustedølen å få skiva ned.
– Eg måtte rett og slett ringe og sei at eg har frykteleg lyst til å ha dei som sponsor, men eg klarer ikkje å ete det. Så det blei ingen avtale. Rett og slett.
MYKJE MAT: Ragnar Holme må få i seg store mengder mat kvar einaste dag.
Foto: PrivatTapte veddemål
Holme er utdanna røyrleggjar. Men har måtte redusert arbeidet inn mot VM på heimebane i Førde. To økter med vekter tre dagar i veka er oppskrifta. I tillegg til at han trenar alt frå svømming til langrenn dei andre dagane. På ei god veke løftar han opp mot 30 tonn.
Det gjere at restitusjon også er blitt ein viktig del av kvardagen. Og det finn han ein køyretur på 40 minutta frå heimbygda Naustdal.
– Det starta med eit veddemål eg tapte, så eg måtte isbade.
ISBAD: Holme køyrer 40 minutt kvar veg for å isbade på vinteren.
Naustedølen vil ikkje avsløre kva veddemålet gjekk ut på og meiner det ikkje høver seg på trykk for NRK sine lesarar. Men det tapte veddemålet gav han ikkje berre kuldesjokk.
– Eg kjende jo på kroppen etter på at dette faktisk gjorde godt. Og då starta min karriere som isbadar. Tre gonger i veka på vinterstid.
Men han har eit krav og som er årsaka til at han køyrer i 40 minutt for å isbade.
– Eg bada berre i ferskvatn. Det er så mykje dyr nede i saltvant som eg ikkje vil kome borti.
VM i vektløfting kan du sjå og høyre på NRK frå torsdag 9. oktober klokka 17:00. Holme skal i aksjon fredag.
VM: Ragnar Holme gler seg over VM på heimebane i Førde.
Foto: Frode Søreide / NRKPublisert 10.10.2025, kl. 11.58 Oppdatert 10.10.2025, kl. 12.55