Tysdag blei det rørsle i det som har vore karakterisert som ein «beredskapsmessig verkebyll» og eit bilete på «den norske beredskaps-naiviteten»:
Den særnorske regelen om at det held med 20 dagar beredskapslagring av diesel og flydrivstoff.
I ein dobbeltmanøver bad Stortinget om at regjeringa må greie ut alternativ for å sikre mellom 61 og 90 dagar lagringskapasitet.
Same dag svarte regjeringa med å setje av 4 millionar kroner i revidert statsbudsjett til å planleggje utvidinga.
Dermed kan auka lagringskapasitet bli ein realitet allereie neste år.
– Eit gigantisk paradoks
– Det er eit gigantisk paradoks at ein oljeproduserande nasjon som Noreg ikkje klarer å produsere nok kritisk drivstoff til eigen beredskap, eller å ha tilstrekkelege lager, seier Kristoffer Sivertsen (Frp) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
– No hastar det å rydde opp, seier Kristoffer Sivertsen (Frp).
Foto: Carina Johansen / NTBDet var Senterpartiet som fremja forslaget om å utvide lagringskapasiteten.
Bakgrunnen er at Noreg berre har eitt attverande raffineri (Mongstad), og at ein svikt i forsyninga raskt vil få alvorlege konsekvensar for både den operative evna til Forsvaret og kritiske samfunnsfunksjonar.
– Dette er viktig fordi Noreg har eit for dårleg lager i ei tid der verda har blitt farlegare, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).
– Det er faktisk litt skammeleg at Noreg ligg så langt bak, og derfor er det bra at Stortinget no er så tydeleg på at vi skal styrke drivstoffberedskapen, seier Pollestad.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTBFrå marknad til tryggleik
Til grunn for den tverrpolitiske marsjordren ligg tilrådingane frå Totalberedskapskommisjonen, ein ny rapport frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) og ei felles forståing for at ei farlegare verd krev nye svar.
Det som tidlegare blei sett på som ei unødvendig kostnad i ein fri marknad, blir i 2026 betrakta som ein nødvendig «forsikringspremie».
– Er dette ei utviding du helst skulle vore forutan, Pollestad?
– Ja, sjølvsagt. Men samtidig meiner eg at vi burde vore enda flinkare til å tenkje beredskap også i dei meir fredelege dagane. Den dagen det «smell», er det for seint å tenkje på beredskap.
– No er det viktig at vi raskt får på plass lagring av diesel og flydrivstoff. Vi har allereie innført beredskapslagring av korn, og vi må sjå på økt lagring av mat framover. Satsinga på beredskap vil berre bli viktigare i åra som kjem.
Stortinget ber regjeringa snarest etablere ei betre ordning for beredskapslagring av diesel og flydrivstoff i Noreg. Målet er å sikre forsyningssikkerheita i alle landsdelar i 90 dagar, i tråd med krava som finst i naboland som Sverige og Finland.
Foto: Marit Hommedal / NTBTryggleik i heile landet
Også Sofie Marhaug, medlem av energi- og miljøkomiteen for Raudt, er glad for å vere med på å sikre fleirtal for forslaget.
– Det handlar ikkje om å forbruke meir, men om å vere betre førebudd i møte med ein krisesituasjon, seier ho.
– Vi treng beredskap i heile landet og i meir enn berre 20 dagar. Det handlar om tryggleik, seier Marhaug.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKValentina Baisotti
Tor Ivar Strømmen, Sjøkrigsskolen / Forsvarets høgskole
Dei norske beredskapslagra svarar i dag til om lag tjue dagars forbruk. Når så grunne reservar i tillegg delvis er samla i store og sårbare anlegg, er dette ikkje lenger eit administrativt spørsmål. Då er det eit strategisk problem. I klårtekst er det ei alvorleg svikt i den nasjonale beredskapen.
Ole Berg-Rusten / NTB
Mahmoud Farahmand (H), medlem i justiskomiteen på Stortinget
Vi er i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen. Det må reflekterast i korleis vi organiserer oss, og korleis vi førebur oss. Ord og handling må henge saman, og da treng vi leiarskap og handlekraft. Norske drivstofflager er openbert ikkje store og gode nok, og vi støttar NHO heilhjarta i at det må takast grep for å auke beredskapen og dei norske drivstofflagera.
William Jobling / NRK
Ingrid Fiskaa, næringspolitisk talsperson i SV
Den djupe avhengigheita av import må ta slutt. Norsk politikk har i fleire tiår vore naiv og kortsiktig, og basert seg på at globale forsyningskjeder skal fungera knirkefritt. Det fungerer ikkje. No må dette snu, og då treng me større og fleire lager av matkorn, medisinar, gjødsel og drivstoff. I tillegg må me produsera meir av det me treng sjølv, og korta ned forsyningskjedene.
PRIVAT
Geir Jørgensen (R), medlem i næringskomiteen på Stortinget
Raudt har lenge meint at den sivile beredskapen er for dårleg, og har ønsket ei oppbygging av lager for kritiske varer som drivstoff. At Noreg – ein oljenasjon – berre har drivstoff nok til 20 dagar, mot nabolandas 90, er rett og slett ikkje haldbart. Vi er glade for at regjeringa nå tar grep, og vi vil jobbe for at nye reglar kjem raskt på plass.
NRK
Bernt G. Apeland, administrerande direktør i Virke
Det er bra at regjeringa vurderer å oppgradere førehandslagringa av drivstoff, og vi er einige i at det bør skje raskast mogleg, men det må skapast større tryggleik rundt heile verdikjeda for lagring og distribusjon av drivstoff dersom dette skal ha verdi. Her må myndigheiter og næringsliv samarbeide tettare om ein langt betre beredskap.
Lise Åserud / NTB
Bjarne Schieldrop, sjefanalytikar for råvarer i SEB
Det blir ein sånn «hoarding»-mentalitet som gjer at krisa blir mykje verre enn det ein trudde.
Publisert 12.05.2026, kl. 14.17














English (US)