Spekulasjonar om lekkasje av fredspris­vinnaren: – Veldig mistenkeleg

1 week ago 12


Fredag blei det klart at Maria Corina Machado får Nobels fredspris for sitt arbeid for demokratiske rettar for folket i Venezuela.

Det var Jørgen Watne Frydnes, leiar av Nobelkomiteen, som presenterte vinnaren.

Nobelkomiteen har halde korta tett til brystet når det gjeld årets vinnar.

Men etter at Machado blei storfavoritt på bettingnettsida Polymarket natta før utdelinga, har det blitt spekulert i om vinnaren kan ha blitt leke.

– Må ha fått vite at Machado kjem til å vinne

Machado låg lenge på rundt 3 prosent på bettingnettsider for å motta prisen.

Like før annonseringa av vinnaren gjorde Machado eit hopp på Polymarket til nær 70 prosent.

– Du ser normalt ikkje det i bettingmarknaden. Det er veldig mistenkeleg, seier Robert Næss, investeringsdirektør i Nordea, til NRK.

en mann i dress

Investeringsdirektør i Nordea, Robert Næss, trur det kan vere snakk om at fredsprisvinnaren er leke.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Næss forklarar at ein nystarta brukar på Polymarket har tent rundt ein halv million kroner på å vedde på fredsprisvinnaren.

– Vedkommande må ha fått vite at Machado kjem til å vinne. Kvifor velje Nobels fredspris, akkurat denne kandidaten og sette inn så mykje pengar midt på natta?

– Det luktar at du har fått ein eller anna form for informasjon frå nokon han eller ho har tillit til, legg Næss til.

Ifølgje Næss er det vanskeleg å spore kven som kan stå bak den nyoppretta kontoen, som går under namnet 6741.

Trur ikkje det er snakk om lekkasje

Frydnes har ikkje tru på at det kan vere snakk om ein lekkasje.

– Eg trur aldri i prisen si historie at det har vore nokon lekkasjar. Så det kan eg aldri tenke meg, seier leiaren i Nobelkomiteen til NTB.

en person som står på et podium

Jørgen Watne Frydnes trur ikkje det er snakk om ein lekkasje.

Foto: Tom Little / Reuters / NTB

Investeringsdirektøren er ueinig med Frydnes.

– Vi såg volumet. Handelsaktiviteten tok seg kraftig opp, så det er nokon som har leke det, seier Næss.

– Du kan jo finne ei nål i ein høystakk, men det er ikkje ofte, legg han til.

Publisert 10.10.2025, kl. 14.53

Read Entire Article