– Eg har stor forståing for at kronprinsparet er i ein krevjande situasjon, og synest det er bra at dei saman stiller opp for å svare på spørsmål, skriv statsminister Jonas Gahr Støre til NRK.
– Det er viktig for å vareta tilliten i samfunnet vårt.
Fredag morgon publiserte NRK eit intervju med kronprinsesse Mette-Marit om forholdet hennar til Jeffrey Epstein. Også kronprins Haakon var til stades og svarte på spørsmål.
Statsminister Jonas Gahr Støre har purra på at kronprinsessa skulle svare på spørsmål frå pressa fleire gonger.
Foto: Truls Skram Lerø / NRK– Det er viktig at kronprinsessa svarer på spørsmål om relasjonen sin med Jeffrey Epstein. I intervjuet kjem det fram at ho angrar på kontakten med han og at ho er oppriktig lei seg. Ho tar ansvar for at ho ikkje sjekka bakgrunnen hans nøyare.
Dagbladet omtalte svaret frå Støre først.
Reaksjonane haglar
Etter at NRK publiserte intervjuet fredag morgon, har fleire norske politikarar kommentert intervjuet:
Hallgeir Aunan / NRK
Ine Eriksen Søreide, leiar i Høgre
Søreide meiner det er nødvendig at kronprinsessa har byrja å svare på spørsmål om relasjonen sin til Epstein.
– Har tilliten til dømmekrafta hennar blitt styrka av dette intervjuet?
– Det får andre vurdere. Det viktige er at ho no svarer på spørsmål.
Intervjuet til Mette-Marit var ein viktig milepæl, meiner Høgre-leiaren, som understrekar at tilliten må bli bygd opp over tid.
Tord Magnus Håland Dyrkorn / NRK
Dag-Inge Ulstein, leiar Kristeleg Folkeparti
– Sanning, nåde og miskunn er grunnleggande verdiar i samfunnet vårt. Det er verdiar som må prege korleis vi møter denne saka, skriv Ulstein til NRK.
Han skriv at KrF er glade i Kongehuset og vernar om monarkiet. Ulstein kommenterer intervjuet med kronprinsessa på KrF sitt landsstyremøte i dag.
– Samtidig er det heilt riktig å løfte fram dei verkelege offera for maktmisbruket til Epstein.
Amanda Pedersen Giske / NTB
Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet
– Vi må vise meir nåde.
Vedum seier ein må berre tru på at det kronprinsessa seier, er sant.
– Eg opplever at Mette-Marit ønsker å ta litt ansvar og ikkje skyve andre framfor seg, som Slottet eller utanriksdepartementet, seier han.
Han legg vekt på at det er vanskeleg å hugse kva ein googla for 15 år sidan.
– Vi må ha litt meir romslegheit med kronprinsessa, særleg med tanke på helsa hennar.
William Jobling / NRK
Guri Melby, leiar i Venstre
Melby meiner Mette-Marit tek ansvar for handlingane sine i intervjuet og angrar.
– Ho gir eit svar. Det får vere opp til folk som ser intervjuet å vurdere om svaret er godt nok eller ikkje.
Melby meiner det er viktig at Kongehuset held fram openheita til allmenta.
– Vi må legge til grunn at prinsessa har gjeve ærlege svar, seier Melby.
Aurora Ytreberg Meløe / NRK
Eivind Trædal, MDG-politikar
Trædal reagerer på at kronprinsessa ikkje ville seie kven som introduserte henne for Epstein, for å verne om hennar eigen integritet.
– Det viktigaste for den komande dronninga vår er å ikkje «snitche» på lyssky venner? Og dette meiner ho styrkar integriteten hennar?
Han skriv at kronprinsessa ikkje gjev nordmenn grunn til å «tilgi og gå vidare».
Frode Meskau / NRK
Omar Svendsen-Yagci, leiar i Unge Venstre
- Vi må kunne forvente tidlegare og tydlegare svar frå dei som skal representere Noreg og vårt øvste statsoverhovud, skriv Svendsen-Yagci til NRK.
Han meiner det er bra at kronprinsessa svarer på spørsmål men at intervjuet bygger opp om argumenta for å avskaffe monarkiet.
- Det er påfallande for meg korleis monarkiet ikke berre er udemokratisk, men også kan være brutalt for kongefamilien.
I januar blei 3 millionar filer i Epstein-saka gjort offentleg. Då kom det fram feire detaljar rundt relasjonen kronprinsessa hadde med Epstein, mellom anna at ho braut kontakten med han i 2014.
– Openbert prega
– Ho svarer ikkje konkret på eit par av dei vanskelegaste spørsmåla, kjernespørsmåla, og då tenker eg spesielt på denne e-posten der ho har googla han og skriv at «det ser ikkje bra ut», seier Harald Stanghelle.
Harald Stanghelle
- Kommentator i Aftenposten
- Forfattar
- Kongehuskommentator
– Vi ser ei kronprinsesse openbert prega og lei seg. Det er ei kronprinsesse som gjennom det ho forklarer argumenterer for sin eigen dom over seg sjølv, nemleg mangel på dømmekraft, meiner Stanghelle.
Stanghelle er berre éin av mange kommentatorar og kongehusekspertar som reagerer på intervjuet med kronprinsessa i dag:
Milana Knezevic / NRK
Sigrid Hvidsten, kommentator i Dagbladet
– Ho er nok ærlig, men det betyr ikkje at ho fortel alt ho kunne ha fortalt, seier Hvidsten.
– Eg saknar informasjon om e-postutvekslinga, kva informasjon ho hadde om Epstein. Ho seier at ho ikkje hugsar å ha googla han. Det er litt rart.
E-postkorrespondansen skjedde for 15 år sidan.
– At ein sit igjen med mange spørsmål er eit problem etter denne orienteringa, seier ho.
Tobias Myklebust
Svein Tore Bergstuen, kommunikasjonsrådgjevar
Bergstuen meiner fleire av svara til kronprinsessa skaper fleire spørsmål.
– Kjernespørsmåla rundt kva vurderingar ho gjorde veit vi jo framleis ikkje. Det trur eg er det mest krevjande. Ho ber jo om å bli trudd på at om ho hadde visst så hadde ho brote kontakten. Men vi veit jo ikkje kva ho visste.
Amanda Iversen Orlich
Kjetil Alstadheim, politisk redaktør i Aftenposten
Alstadheim peikar på at kongelege har rett til privatliv, og det er eit forståeleg ønske.
– Men då ho vart involvert i ei sak av den dimensjonen som Epstein-skandalen var, spelar det inga rolle at dette var ein privat relasjon.
Per-Kåre Sandbakk
Vidar Udjus, politisk redaktør i Fædrelandsvennen
Udjus fortel om ein todelt reaksjon etter å ha høyrt intervjuet.
– På det menneskelege og medmenneskelege plan, syns eg det gjorde et veldig sterkt inntrykk å sjå kronprinsessa sitte og svare på dette i ein ekstremt vanskeleg fase av sitt liv med helsesituasjonen og den nyleg avslutta rettssaka.
-Når det gjeld innhaldet i intervjuet, så syns eg fleire av spørsmåla var betre enn svara.
NRK
Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen, kongehusekspert i TV 2
Schulsrud-Hansen seier det er gitt svar, men at dei ikkje er fullstendige.
-Når du har sagt A så må du seie B, så blir det ikkje gitt noko meir. Det er eit ganske stort fokus på privatliv og eige ansvar, noko eg meiner ligg til kronprinsessa sjølv. Ho seier at UD og Det kongelege hoff ikkje har kjennskap til kven dei omgåst med i det private. Om det er tilfellet, då kjem dette til å skje igjen.
På spørsmål frå NRK om kvifor ho ikkje fortalde meir den gongen, svarer Mette-Marit at det er viktig for henne å verne om privatlivet sitt.
Slik reagerer ekspertane på kronprinsesse Mette-Marit sitt intervju til NRK.
Skuldkjensle
I intervjuet skildrar kronprinsessa forholdet sitt til Epstein som venskapleg, men seier at ho skulle ønske at ho aldri blei kjent med han når ho ser tilbake på det.
Ho seier også at det er berre ho sjølv som kan vere ansvarleg for at ho ikkje sjekka bakgrunnen til den overgrepsdømde Epstein medan dei hadde kontakt.
Torsdag gjorde NRK eit intervju med kronprinsparet. Fredag morgon blei det publisert.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKFleire gonger fortel ho om skuldkjensla ho har overfor offera i saka. Jeffrey Epstein var dømt for seksuelle overgrep mot born og menneskehandel. Han tok sitt eige liv i fengsel i 2019.
Også på gata i Oslo er det ulike reaksjonar på kronprinsesse Mette-Marit sine svar:
Hallgeir Braastad / NRK
Geir Andersen
«Hun virket ikke ærlig. Hun var ikke åpen om forholdet til Epstein. Det er noe som skurrer der.»
Hallgeir Braastad / NRK
Tore Aagaard
«Jeg tenker i mitt stille sinn at det kommer en vår og at dette går litt stille over. Hun har vært uheldig. Men hun må gå i seg selv også.»
Hallgeir Braastad / NRK
Åse Birgitte Eldøy
«Det blir litt mye. Jeg synes det er bra at hun gjør et statement. Det er bedre sent enn aldri. Det er rart alt som skjer i kongefamilien nå.»
Kjenner seg manipulert og lurt
I intervjuet fortel kronprinsessa om eit vennskapleg forhold til Epstein, men at i etterkant har ho innsett kor manipulert og lurt ho eigentleg var.
Ho håpar ho ikkje har legitimert han og fortel at ho angrar på at ho ikkje har åtvara andre mot han.
Det er sju veker sidan Epstein-dokumenta blei delt av det amerikanske justisdepartementet. Kronprinsessa seier at rettssaka mot sonen hennar, Marius Borg Høiby, og helsetilstanden hennar er grunnar til at det har teke tid for henne å svare på spørsmåla knytt til forholdet hennar til Epstein.
Sjå heile intervjuet her:
Publisert 20.03.2026, kl. 07.33 Oppdatert 20.03.2026, kl. 13.58












English (US)