Tar pengar frå politikarane – gir til elevane

2 months ago 21


Då valfaget i programmering blei føreslått kutta på grunn av stram kommuneøkonomi, tok lokalpolitikarane i Årdal eit noko uvanleg grep.

Kva om politikarane heller kutta litt i deira eiga politikarlønn og bruke pengane for å betale for faget?

Ved å redusere tal på møte og møtedeltakarar, og kutte litt i politikargodtgjersla, klarte kommunen å hoste opp 100.000 kroner til faget.

– Vi er i ein tøff økonomisk situasjon og det handlar om å bidra til innsparingane, seier ordførar Christian Sønstlien (Ap).

Programmering Årdal

Dagens mål er å få roboten til å danse.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

Naudhjelpa betyr at ungdommane i kommunen får programmere i alle fall eitt år til.

Vil fremje teknologiinteresse

Det kvin i robotledda når om lag 20 niandeklassingar ved Farnes og Årdalstangen skule programmerer ein av dei fargerike robotane til å danse.

– Det er interessant og kanskje kan eg jobbe med det i framtida, seier ein av elevane, Iga Kosmala.

Korleis politikarlønna skulle kuttast for å sikre elevane sitt tilbod, blei diskutert fram og tilbake på eit kommunestyremøte, skriv Sogn Avis.

Etter litt om og men, blei politikarane einige om at færre folkevalde skal sitte i utval og at kommunen skal ha to utval i staden for tre.

Dei folkevalde får godtgjersle, altså ein slags lønn, for å delta på møte. Derfor sparar kommunen pengar på færre utvalsmøte og færre møtedeltakarar.

I tillegg kutta politikarane 20.000 kroner i godtgjersla til dei to utvalsleiarane i året.

Valfag i programmering i Årdal

Dagleg leiar Anne Kauppi på Sogn Opplæringskontor hjelper elevane med programmering.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

Vipps hadde kommune spart 150.000 kroner.

100.000 kroner av desse skal gå til programmeringsfaget.

– Vi ønsker å fremme teknologiinteresse blant barn og unge, og vi ser at vi treng fleire ungdom som vel dei retningane, påpeiker ordføraren.

Han erkjenner at kommunen også må finne andre måtar å betale for faget, og håper på eit samarbeid med næringslivet.

Christian Sønstlien, ordførar i Årdal

Ordførar Christian Sønstlien i Årdal kommune seier at kutta i godtgjersla er ein måte å bidra til innsparingane.

Foto: Sondre Dalaker

Kommunen kjøper programmeringsfaget frå Sogn Opplæringskontor.

Administrasjonen i kommunen forslo å kutte alle kjøp og tenester frå opplæringskontoret. Det skulle spare kommunen for over éin million kroner, skriv Sogn Avis.

Store utval

Kjersti Eklund er nyvald utvalsleiar for levekår i kommunen.

Etter endringa har utvalet no ansvar for helsetenesta, eldreomsorg, bu- og miljøtenesta, sosialtenesta og Nav, barnevern, grunnskule, barnehage, PPT og vaksenopplæring.

– Eg reknar med at det blir meir arbeid, sidan utvalet er så stort, seier ho.

Årdalstangen, Årdal kommune

Årdal kommune ligg mellom bratte fjell.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Trass fleire ansvarsområde får utvalsleiaren 20.000 kroner mindre i året enn før.

Eklund meiner likevel det er riktig å gjere endringar i strukturen, sidan kommunen har måtte kutte så mange stader i budsjettet.

– Eg har litt betre samvit når vi òg kuttar på politiske utgifter.

Populært fag

Politikarane sin redningsoperasjon gler den største hjørnesteinsbedrifta i kommunen.

Fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik ved Hydro Aluminium håper at faget på sikt kan bidra til rekrutteringa til bedrifta.

Fabrikksjefen på hydro står utanfor Hydrobygget i Årdal

Fabrikksjef på Hydro Anveig Bjordal Halkjelsvik seier politikarane i Årdal har tatt eit modig val.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

– Å gi ungdommane i Årdal moglegheita til å bli kjent med teknologi, er ei kjempestor fordel med tanke på rekruttering.

I klasserommet i Øvre Årdal har koreografien til robotane begynt å ta form.

– Eg synest det er veldig gøy. Du får lære deg forskjellige ting og korleis programmere, seier Iga Kosmala.

Valfag i programmering, Årdal

Valfaget i programmering er det nest mest populære valfaget på ungdomsskulen.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde

Også veninna Vlada Kosiuk liker faget.

– Kanskje eg skal jobbe med programmering i framtida.

Publisert 20.02.2025, kl. 19.24

Read Entire Article