Teatersjef fekk millionsluttpakke etter konflikt. Tilsette fortel om detaljstyring og hersketeknikk.

2 months ago 16


I januar sa Cecilie Lundsholt opp stillinga si og slutta brått som teatersjef ved Teater Vestland.

Teateret har base i Nynorskhuset i Førde, men har heile Vestland som turneområde.

I starten vart det berre formidla at «Lundsholt ønsker nye utfordringar», men så kom det meir informasjon rundt avgangen.

Fylkesordførar Jon Askeland, som representerer den største eigaren, sa nokre dagar seinare at han «konstaterer at det har vore ein del krevjande situasjonar i arbeidsmiljøet».

Så langt har ikkje nokon av dei tilsette sagt noko om arbeidsmiljøet ved teateret, men no tek ein av dei bladet frå munnen.

Reidun Støfring har vore tilsett på teateret i 24 år, hovudsakleg som inspisient. No er ho konstituert produksjonssjef til ein ny startar i april.

Ho meiner det så langt har blitt underkommunisert kva saka eigentleg handlar om.

Reidun Støfring som er tilsett ved Teater Vestland

Reidun Støfring har jobba ved Teater Vestland i 24 år. Ho kritiserer teatersjefen på fleire område.

Foto: Teater Vestland

– Hersketeknikk

Støfring beskriv ein arbeidssituasjon der teatersjefen styrte ut frå dei store linjene, samstundes som ho har «detaljstyrt heilt ned på dei nedste utførande nivå» for å oppnå sitt repertoar.

– Og så opplevde vi ein leiarmodell der ein slags hersketeknikk var ein del av verkemidla for å leie.

Ho utdjupar og seier hersketeknikk kan vere alt frå skjennepreike til å vri om på ting som ein seier.

Dei fire tillitsvaldorganisasjonane ved teateret – Fagforbundet Teater og Scene, Creo, Norsk Skuespillerforbund og Norsk Tjenestemannslag (NTL) – har fått sett gjennom utspela frå Støfring og stiller seg bak kritikken.

Teatersjefen har også fått lest gjennom utspela frå Støfring, men ønsker ikkje å kommentere.

Det som skulle vise seg å bli ei stor utfordring, ifølge Støfring, var at informasjon som teatersjefen kom med ikkje var forankra i drift eller budsjett.

Ho viser til eksempel der tilsette kunne få beskjed frå Lundsholt om at det var doble prøver ein bestemt dag, men at det så viste seg å ikkje vere forankra i resten av organisasjonen.

Det førte til stor frustrasjon og ei oppleving av usikkerheit.

– Altså vi driv med kunst. Og eit prosjekt treng å bli planlagt og ha sine rammer. Vi kjenner på at det har vore veldig mangelfullt.

Vestland teater holder til i Nynorskhuset i Førde

Teater Vestland held til i Nynorskhuset i Førde sentrum.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Påverka arbeidsmiljøet

Det har kome to varsel mot teaterleiinga i perioden Lundsholt har vore teatersjef.

Ifølge Støfring handlar dette nettopp om brot på tariff og arbeidsmiljølov, utan at ho vil gå i detalj.

Ho opplever ikkje at det var ein god kultur ved teateret for å gi tilbakemeldingar til teatersjefen, og kallar det eit «utrygt miljø».

– Det arbeidstakar ønsker seg mest, er ein leiar som er tydeleg i tilbakemeldingane, som tek til seg meldingar som leiaren får, og som heilt oppriktig prøver å gjere noko med det til det beste for arbeidsmiljøet på teateret.

Støfring seier enkelte forhold var betre utover hausten, men meiner det hovudsakleg skuldast grep som direktør Aud Marie Åsen ved teateret gjorde.

Det handla mellom anna om å gjennomføre ei arbeidsmiljøkartlegging og å «formalisere korleis vårt tillitsvalgtssystem skulle fungere».

– Då kjente vi at vi vart meir sett og høyrd, og at nokon tok tak.

Ho meiner også styret og styreleiar Rasmus Mo tok tak i utfordringane i perioden før teatersjefen gjekk av.

– Det var han og styret som hjelpte oss med å få det betre.

Rasmus Mo

Rasmus Mo er styreleiar ved Teater Vestland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Erkjenner utfordringar med arbeidsmiljø

Teatersjef Cecilie Lundsholt viser sjølv til arbeidsmiljøutfordringane ved teateret i eit innlegg i Firda, der ho skriv at «det skal ikkje leggast skjul på at ikkje alle har vore einige i retning og tiltak».

Ho peikar på at det vart gjennomført arbeidsmiljøkartlegging våren 2024.

«Vi tok alle innspel på største alvor og arbeidsmiljøet betra seg hausten 2024, noko som vart stadfesta til meg av bedriftshelsetenesta i slutten av november.»

I det same innlegget trekker ho fram årsaka til at ho slutta.

«Eg vart difor overraska då styret utan forvarsel i desember vedtok å endre organisasjonsforma og samtidig tok frå teatersjefen ein betydeleg del av ansvaret som låg til stillinga.»

Då teatersjefen slutta fekk ho med seg ein millionsluttpakke som svarar til løn i 14 månader, ifølge BT.

Fra Mødrevariasjonar ved Teater Vestland

Ein av fleire oppsettingar ved Teater Vestland. «Mødrevariasjonar» frå 2023.

Foto: Espen Nyttingnes

Betring

Tillitsvald Marion Wie, som representerer NTL ved teateret, stadfestar at det har vore eit tøft år. Ho skriv at arbeidskonflikten med den tidlegare teatersjefen har vore krevjande, men at forholda no er betre.

Dei tilsette er nok meir bekymra for uroa arbeidskonflikten har skapt enn noko anna. Vi opplever no ein trygg og god arbeidskvardag.

Styreleiar Rasmus Mo sa til NRK før helga at det blir viktig å halde fokus på arbeidsmiljøet, også dei neste månadene.

– Vi skal jobbe kontinuerleg med å betre dette framover. Dette er ikkje eit arbeid som avsluttar, det er et arbeid som er i prosess.

Publisert 17.02.2025, kl. 18.57

Read Entire Article