Er det lov å sei at ein vil at ein ynskjer ein partnar som er anten høgare eller lågare enn ein sjølv?
Diskusjonar rundt høgdepreferansar er ikkje noko nytt, men no har dei blussa opp igjen etter at Tinder nyleg la til eit høgdefilter for premiumbrukarane av datingappen.
Meiner det diskriminerer
Det nye filteret har fått ein del kritikk frå mange brukarar på sosiale medium som meiner det diskriminerer menn. Nokre brukarar poengterer at ein ikkje kan gjere noko med høgda si, og fryktar at dette vil gjere at det blir enno vanskelegare for menn på datingappar å treffe kvinner.
Ein brukar skriv blant anna at han aldri hadde møtt kona si, viss dette filteret eksisterte då han var på datingappen.
Medan andre ikkje ser problemet.
Dette er foreløpig berre eit testprosjekt, og Tinder seier til VG at det ikkje er sikkert at dette kjem til å bli ein permanent funksjon.
Til The Independent seier dei at dei høyrer på brukarane sine, og prøver konstant å tilpasse seg behova deira. Så no vil dei teste høgdepreferanse for å sjå om det er noko som gjer brukaropplinga betre.
NRK har kontakta Tinder, som foreløpig ikkje har svart på førespurnadene våre.
Kødder på X
Og som alt som eksisterer på sosiale medium så er det òg mange som ler av filteret og meiner at det no er over for short kings, eller kjem med forslag til korleis ein kan få eit par ekstra centimeter.
Både kvinner og menn opplever høgdediskriminering
Mange meiner at dette filteret i hovudsak kjem til å påverke menn på Tinder, men ei undersøking frå OKCupid viser at det ikkje berre er kvinner som er opptekne av høgda på ein potensiell partnar.
Tal derifrå viser at menn ofte seier dei er fem centimeter høgare enn dei eigentleg er. I tillegg så får kvinner på 163 centimeter 60 fleire meldingar i året enn det kvinner på 183 cm får.
Og til slutt så kan vi jo hugse at det finst mange vakre og kjente noverande eller tidlegare par der kvinna har vore høgare enn mannen.
Publisert 05.06.2025, kl. 10.13