Tollkrig i USA: Colombia snudde etter Trump-trugsel

3 months ago 22


Etter at to militærfly med colombianske innvandrar måtte returnere til USA då det landa i Colombia, innførte Donald Trump fleire straffereaksjonar.

I eit innlegg på Truth Social skreiv han at dette truga nasjonal tryggleik og innførte umiddelbart fleire tiltak;

  • 25 prosent toll på varer til USA. Innan ei veke blei han auka til 50 prosent.
  • Innreiseforbod og visum-restriksjonar for colombianske regjeringsmedlem, allierte og familiemedlem.
  • Auka toll- og grensekontroll for colombianarar.

Og dette var berre byrjinga, ifølge han sjølv.

Amerikanske ambassaden i Colombia

Den amerikanske ambassaden i Bogota, Colombia.

Foto: PABLO VERA / AFP

Den venstreorienterte presidenten Gustavo Petro svara raskt med same mynt, og innførte 25 prosent toll på varer frå USA, og at denne også ville auke.

– Trump, eg liker eigentleg ikkje å reise til USA. Det er litt kjedeleg, skreiv Petro på X.

Colombia snudde

Donald Trump blei innsett som president måndag førre veke, og same dag erklærte han nasjonalkrise ved grensa i sør. «Massedeportasjonen» skulle byrje.

Søndag sa Petro at han ikkje ville godta deportasjonen før Trump-administrasjonen behandla colombianske innvandrarar med verdigheit og respekt.

Men no har Petro godtatt deportasjonen. Det kvite hus kom med ein uttale om at Colombia hadde godt med på vilkåra, og at tollen og sanksjonane blei sett på vent.

Like etterpå kom Colombias utanriksdepartement med ein uttale om at regjering a ville godta deportasjonen dersom USA kunne garantere verdige forhold om bord.

Petro sa tidlegare at han kunne ta imot colombianarar på sivile fly, utan at dei blei behandle dei som kriminelle.

Ein tenestemann frå Det kvite hus uttalte at problemet var at innvandrarane blei deporterte med militærfly, ifølge The New York Times.

Innvandring troner øvst på Trump prioriteringsliste, ifølge Det kvite hus. Torsdag førre veke blei 538 perrsonar pågripne, skriv USAs føderale immigrasjonsmyndighet (ICE) i ei melding på X.

Publisert 27.01.2025, kl. 07.00 Oppdatert 27.01.2025, kl. 07.26

Read Entire Article