Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Større inntak av protein kan bidra til å bremse aldringsprosessar, viser ny forsking.
Tor Hansen har vore aktiv heile livet, men ikkje vore spesielt nøye på kosthaldet. Etter at han var med på forskingsprosjekt på NIH har han lagt til langt meir protein i måltida sine. (Foto: Privat)
– Kosthaldet mitt har vore veldig karbohydratrikt og eg har vore mest opptatt av å bli mett. Da eg blei med i dette prosjektet skjønte eg at eg kanskje hadde bomma litt, fortel Tor Hansen.
73-åringen frå Sandefjord skildrar seg som ein frå «fiskebollar i kvit-saus-generasjonen».
Testa proteinrike matvarer
Han har alltid vore aktiv, og er opptatt av å kunne halde fram med interesser som ski og trening, også som pensjonist.
Ikkje minst å kunne vere ein sprek bestefar.
Men protein har han ikkje tenkt på at har vore spesielt viktig i kosthaldet.
Da han blei med i forskingsprosjektet om protein og eldre og fekk testa spesielt proteinrike matvarer, merka han store effektar.
– Absolutt. Den største effekten er kanskje på tarmsystemet. Vi som er seniorar har ofte problem med å gå på do. Biola og yoghurt som eg får i meg meir av nå, er som julaftan for tarmane, seier Tor.
Eldre bygger færre nye protein
Underernæring er eit problem for mange eldre. Feil og dårleg ernæring kan mellom anna framskunde aldringsprosessen og føre til redusert kroppsvekt, dårlegare muskelstyrke og auka risiko for infeksjonar.
For mange blir appetitten ofte dårlegare og fordøyingssystemet endrar seg når dei blir eldre.
Kroppen klarer ikkje å utnytte næringa like effektivt.
– Når vi blir eldre skjer det endringar som fører til at det blir bygd færre nye protein. Kroppens respons på det du et, blir dårlegare. Samtidig held nedbrytinga fram som før. Viss nedbrytinga over tid er mykje større enn oppbygginga, blir det ein negativ ubalanse, forklarer NIH-forskar Elise Lander.
Derfor anbefalar ho at eldre bør få i seg meir protein enn det dei har vore vant med.
– Eldre har utfordringar med fordøyingssystemet, som eksempelvis lågare spyttproduksjon og færre enzym i magesekken til å bryte ned protein, forklarar forskaren.

Elise Lander forskar på protein og eldre i sin doktorgrad på Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. (Foto: NIH)
Lander legg også til at tennene kan vere svakare, og ein del medisiner som eldre tek kan påvirke fordøyinga. Dette er flaskehalsar som gjer at det proteinet du et, ikkje kjem fram like effektivt, forklarer forskaren.
Målet er å motverke underernæring
Dei siste åra har ho forska på kva som skjer med eldre om dei får i seg meir protein. I forskingsprosjektet har deltakarane testa tre forskjellige proteinrike, nyutvikla produkt.
Deltakarane i prosjektet fekk teste ein smøreost, ein yoghurt og ein modifisert biff som har blitt lagt til meir protein og blitt tilpasa slik at han skal vere enklare å ete.
Målet med prosjektet var å finne strategiar for å motverke underernæring hos eldre. Og bidra til at fleire eldre får eit betre kosthald og dermed kan klare seg sjølv lengre.
– Dei optimaliserte produkta førte til raskare opptak av aminosyrer hos dei eldre. Vi såg at dei eldre hadde eit like godt opptak som dei unge, noko som var veldig spennande.
Eldre responderer like bra på styrketrening
I prosjektet var det nemleg like mange unge mellom 20-40 år, som eldre over 70 år.
Forskaren presiserer at deltakarane i prosjektet var aktive og trena meir enn gjennomsnittet i befolkninga. I andre studiar har ein sett at når eldre får i seg nok protein, så responderer dei like godt på styrketrening som unge.
– Det viser at evna til å bygge musklar definitivt er til stades. Noko som er veldig gunstig for å oppretthalde funksjon, fortel ho.
Dette bør eldre over 70 år få i seg kvar dag
Korleis bør eldre over 70 år ete for å få i seg nok protein?

For Tor Hansen er det viktig å halde fram den aktive livsstilen i pensjoniståra, og ikkje minst vere ein sprek bestefar. Da trur han kosthaldet kan ha mykje å seie. (Foto: Privat)
– Det aller viktigaste er å prøve å nå ett gram protein per kilo kroppsvekt som eit minimum. Viss du veg 60 kilo, prøv å få i deg 60 gram protein kvar dag.
Forskaren nemner egg, kjøt, mjølk, fisk og planteprotein som soya og mandler som gode proteinkjelder. Eit enkelt eksempel er at 100 gram kylling er cirka 20 gram protein.
Men om du ikkje vil ta deg bryet om å vege maten du skal ete, har ho ein enkel hugseregel.
– Om du et fire måltid om dagen og passar på at du alltid har ei proteinkjelde, kjem du veldig langt. Kanskje spesielt tenk på frukosten, der vi ofte får i oss mindre protein enn til middag.
Yoghurt til kvart måltid
Måltida til Tor ser heilt annleis ut etter at han var med i forskingsprosjektet på NIH. Yoghurt hadde han aldri ete noko særleg av før i livet.
– Eg har forandra meg veldig. Vanane mine har vore karbohydrat til frukost, lønsj og kvelds, medan middagen har vore proteinrik. Nå et eg youghurt eller eggerøre til frukost og har eigentleg lagt til yoghurtprodukt til alle måltid. Det har vore veldig gunstig for meg.
NIH-forskar Lander håpar at forskinga kan bidra til at fleire får kunnskap om kor viktig protein er når vi blir eldre.
– Vi håpar å kunne bidra med kunnskap om ein del av puslespelet om kvifor responsen på protein er dårlegare hos eldre. Samtidig ynskjer vi å fremje fokuset på protein for eldre, slik at kunnskapen når ut til dei som treng det og jobbar med eldre. Slik kan vi potensielt auke livskvaliteten deira, seier Lander.
Podcast: Om protein, ernæring og aldring
I denne episoden av NIH-podden fortel Tor Hansen om korleis han har lagt om kosthaldet. Forskar Elise Lander kjem med konkrete anbefalingar om protein.