Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_ef16ff7647caef635a1438ddd242c892, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Trefte land i Trondheim: Har vore involvert i fleire hendingar dei siste åra - NorwayToday

Trefte land i Trondheim: Har vore involvert i fleire hendingar dei siste åra

5 hours ago 4


Det var tidleg torsdag morgon at skipet dundra inn i land, berre meter unna eit bustadhus på Byneset i Trondheim.

Men det 135 meter lange skipet har også tidlegare vore involvert i hendingar til sjøs.

– Vi har registrert tre tidlegare hendingar i vårt system, fortel Kristin Ballantine i Kystverket.

To av hendingane blei forårsaka av teknisk svikt, mens éin blei forårsaka av menneskeleg svikt.

Også Adresseavisen har omtalt dei tidlegare hendingane.

Et skip på vannet

Laurdag kveld gjekk det eit nytt skred like ved skipet.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Menneskeleg svikt

Ei av hendingane fann stad i Ålesund i april 2024. Da skipet skulle legge til kai grunnstøytte det og fekk skadar.

Skipet fekk ei seks meter lang flenge, fortel Ballantine til NRK.

Ho seier hendinga ikkje førte til akutt forureining.

Administrerande direktør i reiarlaget North Sea Container Line (NCL), Bente Hetland, fortel at hendinga blei forårsaka av menneskeleg svikt.

Ho ønsker ikkje å seie kva det var som skjedde.

Det vil eg ikkje gå inn på, men det har blitt utbetra, seier Hetland til NRK.

et stort lasteskip som frakter containere

Laurdag blei det gjort geologiske undersøkingar rundt skipet.

Foto: Bjarte M. Johannesen/NRK

Fekk «Black-out» i 2023

Berre eit halvt år før hendinga i Ålesund gjekk containerskipet på grunn i Hadsel kommune i Nordland.

Den gongen gjekk skipet på grunn, men kom seg av garde igjen for eigen maskin.

Hetland fortel at denne hendinga var forårsaka av ein teknisk svikt der motoren fekk såkalla «black-out» og mista framdrift.

Ingen blei skadd i hendinga og skipet tok ikkje inn vann.

– Skipet fekk motorkrafta tilbake og kom seg løys av seg sjølv, fortel Hetland.

Også denne tekniske feilen har blitt utbetra, seiar ho.

Ei tredje hending fann stad utanfor Stavanger i januar 2023. Også den gongen mista skipet motorkraft og begynte å drifte.

Ifølge ein rapport frå Kystverket blei det skifta eit drivstoffrøyr og etter fem timar kunne skipet fortsette.

Båt på grunn i Trondheimsfjorden

Skipet var meter unna å treffe eit bustadhus på Byneset i Trondheim

Foto: Ole Jørgen Finnes / NRK

– Det er hyppige kontroller

– Det er ingen indikasjonar på noko samanheng mellom hendingane, fortel Hetland.

Ho seier skipet blir undersøkt med jamne mellomrom.

– Det er hyppige kontroller av skipet, både internt og eksternt, mellom anna frå klasseselskapet.

Hetland fortel at skipet seinast blei underlangt ekstern kontroll i februar.

– Det er ingen indikasjonar på tekniske problem ved skipet.

Bente Hetland i North Sea Container Line

Administrerande direktør i reiarlaget NCL, Bente Hetland, fortel dei er svært glad ingen blei skadd da skipet trefte land torsdag.

Foto: North Sea Container Line

Seglar under kypriotisk flagg

Arbeidet med å få fjerna skipet er i gang. Når skipet blir tatt med til hamn vil Sjøfartsdirektoratet gjere undersøkingar om bord før skipet kan segle vidare.

– Vi har registrert at det har vore nokre hendingar med det, seier kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus om skipet.

Han presiserer at Sjøfartsdirektoratet ikkje har sett på historikken til NCL Salten eller har undersøkt skipet.

– Eg skal vere forsiktig med å seie at det er høg frekvens, seier Aarhus.

– Men det er iallfall ikkje normalen at skip har så pass mange hendingar på så få år.

Kystverket

NCL Salten var på veg til Orkanger da det trefte land.

Foto: Kystverket / NRK

Sidan skipet seglar under kypriotisk flagg er det opp til myndigheita i Kypros å følgje opp eventuelle avvik Sjøfartsdirektoratet oppdagar.

– Dersom det er ting der som gir grunn til bekymring, så er det ting vi vil varsle flaggstaten om. Det er jo flaggstaten som skal følge opp dette.

NRK har vore i kontakt med den norske advokaten til det kypriotiske reiarlaget som eigar skipet.

Advokat Herman Steen i advokatfirmaet Wikborg Rein ønsker ikkje å kommentere saka.

Arbeider med å fjerne skipet

Søndag fortset arbeidet med å fjerna skipet. Før skipet kan bli dratt av land må det bli lettare og det må løftes av conteinarar.

Hetland seier reiarlaget er glad ingen blei skadd da skipet trefte land torsdag.

– Det er framleis ein pågåande redningsaksjon, og vår høgaste prioritet er å bidra til ei trygg og sikker berging og få skipet trygt i hamn der undersøkingar kan fortsette.

– Dette arbeidet må skje trinnvis og i trygge rammer, både for mannskapet, redningspersonell og lokalbefolkninga.

Laurdag kveld sende Kystverket eit pålegg til reiarlaget om fjerning av skipet og tiltak mot akutt forureining.

Dei sett ingen frist for fjerning av havaristen, men skal haldast laupande orientert om framdrifta i arbeidet, skriv dei.

Publisert 25.05.2025, kl. 13.45

Read Entire Article