Varsla om Arne Bye for 19 år sidan: – Ho kunne ha vore berga

1 day ago 12


– Eg blir sint kvar gong eg tenker på det og snakkar om det, fortel Randi Vinge.

Allereie i 2006 varsla ho om kommuneoverlegen i Frosta, Arne Bye.

NRK treffer Vinge på Frosta saman med Rakel Løvrød. Det var varselet frå Løvrød som i 2021 utløyste etterforskinga av Bye.

At det skulle gå 15 år frå ho varsla til saka sprakk er vanskeleg, fortel Vinge.

– Det er vanskeleg å ta innover seg. Ho kunne ha vore berga. Ho og mange andre.

Fredag kjem det dom i saka der Bye er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 94 av sine pasientar og for å ha valdtatt 87 av dei.

Overgrepa skal ha funne stad mellom 2004 og 2021.

Randi Vinge Granmo på Frosta

Randi Vinge var ei av tre kvinner som varsla om Bye i 2006. Den gongen fekk Bye ei åtvaring av Helsetilsynet.

Foto: NRK

Varsla med 15 års mellomrom

Da Vinge og to andre kvinner varsla i 2006, enda det med at Bye fekk ei åtvaring frå Helsetilsynet.

Også i 2017 blei det varsla mot Bye utan at saka blei etterforska.

Først da Løvrød varsla etter ei legetime i 2021 begynte ballen å rulle. Dei neste åra blei det klart at Bye hadde filma over 200 av pasientane sine på legekontoret.

Det er absurd at det har eksplodert så voldsomt og blitt den saka det er i dag, seier Løvrød.

Men det viser kor viktig det er å seie ifrå.

Vinge fortel at det var tungt at ingenting skjedde etter ho varsla i 2006. Tanken på kva ho varsla om slapp aldri heilt taket.

Det har jo vore ein slags verkebyll som har lege der.

Eg har jo tenkt det mange gongar, at skal eg ta det opp igjen? Skal eg snakke med nokon? Men det har vore så skambelagt at eg har ikkje klart det.

I tida etter at saka sprakk blei Løvrød og Vinge kjent med kvarandre. Det har vore fint å stå saman med nokon som har opplevd mykje av det same.

– Eg får så vondt av Randi. Ho sa ifrå, og så berre blei det lagt bort. Og så har ho levd med det i så mange år, seier Løvrød.

– Eg klarar ikkje sette meg inn i korleis det har vore. Den følelsen av ikkje å bli trudd.

Randi Vinge Granmo og Rakel Løvrød på Frosta

– Det er mykje enklare å stå saman, både under rettssaka og i tida før, seier Vinge. Dei to kvinnene blei kjent med kvarandre i tida etter saka sprakk.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Nesten to tiår etter det første varselet skal Bye få sin dom.

– At vi no endeleg har blitt trudd, det er veldig godt, seier Vinge.

Samstundes er det vondt og sjå kor stor saka er og kor mange kvinner den omfattar, fortel ho.

– Eg blir eigentleg skuffa og sint ... Det var mange som kunne ha gjort noko. Det var mange som kunne ha stoppa dette i 2006.

NRK har tidlegare spurt Statens helsetilsyn og Statsforvaltaren i Trøndelag om Bye burde ha blitt stansa etter varsla i 2006 og 2017. Dei svarte at dei har endra rutinane sine for varslingssaker og at varsla truleg ville ha blitt behandla annleis i dag:

– Viktigaste er at han ikkje kan gjere det igjen

Fredag vil dommen i saka bli avsagt i Trøndelag tingrett.

Det skjer etter ei nesten fire månader lang rettssak der alle dei 94 fornærma kvinnene har fortalt om sine opplevingar på legekontoret.

Det var intenst. Men så er det noko med å få møte opp i retten og få sagt eller fortalt det ein har opplevd, seier Løvrød.

Og det trur eg har vore veldig viktig for min eigen del. Å oppleve at ein blir høyrd, det tenker eg er veldig viktig.

Rakel Løvrød på Frosta

Løvrød varsla om Bye etter ein legetime i 2021.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Bye er tiltalt for å ha valdtatt Vinge under ei gynekologisk undersøking og for å ha misbrukt stillinga si overfor henne for å oppnå seksuell omgang. Overfor Løvrød er han tiltalt for å ha misbrukt stillinga si.

Under rettssaka erkjente ikkje Bye å ha gjort noko straffbart mot dei to kvinnene.

Om tingretten meiner Bye er skuldig i tiltalepunkta som gjeld dei to kvinnene, er dei spente på.

– Eg håper jo han blir dømt for alt, seier Løvrød.

– Men så tenker eg at det viktigaste er at han ikkje kan gjere det igjen.

Under rettssaka la aktor ned påstand om at Bye må bli dømt til 21 år i fengsel. Bye sine forsvarar argumenterte for at riktig straff vil vere mellom 17 og 18 år.

Bye sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, har ikkje ønskt å kommentere at det kjem dom fredag. Han har heller ikkje ønskt å kommentere varsla frå Løvrød og Vinge.

Blir aldri heilt ferdige

Frosta kommune har litt under 2700 innbyggjarar. I fleire år har saka prega det vesle lokalsamfunnet.

– Dei fleste er jo enten direkte eller indirekte påverka, seier Løvrød.

Under etterforskinga fikk 114 kvinner saka si lagt bort. I ettertid har minst 24 nye kvinner meldt Bye til politiet.

Eg tenker at det vil ta mange år å bygge opp Frosta igjen. Og eg trur det er veldig viktig at vi får bort den der skamma.

Blir ein nokosinne heilt ferdig med ei sak som dette?

– Nei, ein gjer ikkje det. Det er noko vi må stå i og jobbe oss gjennom heile livet. Eg trur det alltid vil vere der, seier Løvrød.

Publisert 05.06.2025, kl. 18.52

Read Entire Article