Vesam Heydari flytta frå Iran til Noreg i 2009, og konverterte same år frå islam til kristendom. Han har vore aktiv deltakar i gudstenestar i Bergen, Førde, Stord og Sund.
Denne konverteringa kan føre til fengsel i Iran.
Denne veka vart han send ut av landet, då lagmannsretten avgjorde at det var låg sjanse for forfølging i Iran, sidan Heydari ikkje har hatt ei kristen leiarrolle i Noreg.
Så gjorde tingretten ei vurdering på at Heydari skulle returnere til Noreg.
– Tingretten kasta seg rundt og tok ei grundig og god vurdering medan han sat på flyet tilbake til Iran. Dei fekk stoppa og snudd utsendinga, seier Arild Humlen, forsvarar til Heydari.
Advokat Arild Humlen representerer Vesam Heydari.
Foto: Berit Roald / NTBKampen mot rettsvesenet
NRK har tidlegare skrive om Heydari si kamp mot rettsvesenet. Då hevda han at han ville blitt utsett for førfølging dersom han vart send tilbake til Iran.
Heydari har tidlegare fått medhald i tingretten og lagmannsretten. Men då Utlendingsnemnda anka saka, avgjorde Høgsterett at saka måtte opp på ny. Saka vart tatt opp i 2023, og det var i den nye behandlinga at Heydari tapte i lagmannsretten.
Då vart det avgjort at Heydari skulle sendast ut av Noreg.
Vesam Heydari ber i Førde kyrkje i Sunnfjord. Biletet er frå 2017.
Foto: NRK SOGN OG FJORDANE / NRK SOGN OG FJORDANENokre av spørsmåla som har vore sentrale for saka til Heydari, er om han er ein såkalla «strategisk konvertitt», som konverterte til kristendom for å hindre å bli utsend til Iran.
Då Heydari sat på flyet ut av Noreg denne veka, tok Høgsterett ei vurdering om at saka skal opp i lagmannsretten igjen.
– Ein kan trygt seie at dette skjedde i siste liten, seier Arild Humlen, forsvarar til Heydari.
Vesam Heydari (v.) og Stein Oltedal (h.) i Førde Kyrkje i Sunnfjord. Biletet er frå 2017.
Foto: NRK SOGN OG FJORDANE / NRK SOGN OG FJORDANEKritisk til ankemoglegheiter
Erlend Wiborg er asylpolitisk talsperson i Framstegspartiet, og stiller seg kritisk til at ein kan ha så mange ankemoglegheiter i ei sak.
– Eg registrerer at han ikkje har blitt trudd av verken Utlendingsdirektoratet eller Utlendingsnemda, og heller ikkje i førre runde i retten. Eg synest det er verdt å sjå på om ein skal ha så mange moglegheiter til å anke ei sak, seier Wiborg.
Erlend Wiborg er asylpolitisk talsperson i Framstegspartiet.
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRKWiborg meiner at det er problematisk at ein person kan ta opp ei sak gong på gong.
Glad og letta på Heydaris vegne
Dag Inge Ulstein er leiar for Kristeleg Folkeparti, og er glad for at utsendinga av Heydari vart stoppa.
– Eg er veldig glad og letta på Vesams vegne. Samtidig viser det kor alvorleg situasjonen har vore, og at vi har visst at Vesam blir send tilbake til forfølging og ein veldig usikker situasjon, seier Ulstein.
Dag Inge Ulstein er leiar i Kristeleg Folkeparti.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKVidare fortel Ulstein at han veit om tilfelle av konvertittar som blir fengsla i Iran.
– Vi veit at det er konvertittar som er send tilbake igjen til Iran berre dei siste vekene, som har blitt haldt i isolasjon og som blir tvungen til å signere på at dei fråskriv seg si kristne tru for å sleppe ut.
Medan saka går vidare i rettsapparatet, blir Heydari haldt internt på politiets utlendingsinternat på Trandum i Akershus.
Publisert 14.03.2025, kl. 18.37