– Vi fekk GTA i Norge før vi fekk GTA 6

8 hours ago 3


– Det føltes heilt naturleg å gjere dette, seier Jonas Laumann til NRK.

Han har skapt ein video der Grand Theft Auto-universet brått er lagt til ulike kjende plassar i Noreg.

Blant anna Slottsplassen, Bryggen i Bergen og Reine i Lofoten.

– Det er djup kjærleik til GTA som ligg bak dette, forsikrar den erfarne filmskaparen.

Han fortel at han brukte om lag ti timar på å lage videoen med KI, der han fekk inspirasjon frå vener i miljøet.

– Vi fekk GTA i Norge før vi fekk GTA6, slår Laumann fast.

Enorm interesse

Interessa rundt dataspelet GTA 6 er enorm. Den nye traileren for spelet er sett fleire hundre millionar gonger på kort tid.

Dette sjølv om selskapet Rockstar nyleg fortalde at lanseringa av den nye versjonen er utsett til 2026.

Det har lenge vore ein kjend meme at folk lagar videoar med ting som kjem før GTA 6.

Den siste tida har det blant anna dukka opp innhald der folk minner verda på at det kom på plass ein amerikansk pave før det etterlengta spelet.

Bransjar blir utfordra

Men for Jonas Laumann er det ikkje berre humor som ligg bak arbeidet med den «den norske GTA-versjonen».

Han er permittert frå jobben i filmbransjen og ser korleis kunstig intelligens er i ferd med å ta over mange arbeidsoppgåver.

For sjølv om Jonas er begeistra for moglegheitene med KI, har han òg bekymringar for korleis KI kan påverke filmbransjen.

– Det er jo rein reell angst for at KI et opp filmbransjen. Eg er ganske sikker på at det kjem til å skje, slik temperaturen i marknaden er i dag, seier Laumann.

Jonas Laumann

Jonas Laumann har jobba mykje som klippar i filmbransjen, blant anna for NRK.

Foto: Linkedin

– Måtte gjerast

Han jobbar no hardt med å sikre seg ekstra mykje kompetanse innan KI, blant anna gjennom å lage videoar.

– Eg har fått mykje fritid og tida har eg brukt til å trene med KI-videoar.

Då den nye GTA-traileren blei lansert nyleg var ikkje Laumann i tvil: Det måtte lagast ein «norsk GTA-versjon».

– Det måtte berre gjerast. Hadde det ikkje vore meg, så hadde det blitt gjort av nokon andre, seier filmskaparen.

Stor forventningar

Spelskaparar over heile verda ventar no for å sjå kva Rockstar gjer med GTA 6.

NRK sin spelmeldar, Rune Fjeld Olsen, sa myleg at det nærast er meiningslaust å lansere andre spel samstundes med GTA.

– Folk kjem til å ta seg fri frå jobben for å spele. Nokon kjem til å spele GTA 6 i månadsvis, kanskje årevis, trur Olsen.

– Lidenskap

Som så mange andre, så gler Jonas Laumann seg stort til GTA 6 faktisk blir lansert.

– GTA er lidenskap, seier han og ler.

Han hugsar korleis han som barn måtte gøyme spelet frå foreldra sine og spele det i kjellaren til kompisane.

Denne lidenskapen for GTA har ført til at han har kjøpt kvar einaste konsoll for å kunne spele dei nyaste utgåvene av spelet.

– GTA 6 kjem til å «break the internet» og bli eit fenomen vi kjem til å hugse lenge, meiner Laumann.

Sjå den nye GTA-traileren.

Publisert 13.05.2025, kl. 17.55 Oppdatert 13.05.2025, kl. 21.07

Read Entire Article