Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_dc9a5b7a983d92e1b0f6c8da1c528b52, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Viker unna ruspresset med skriftleg avtale: – Lettare å seie nei - NorwayToday

Viker unna ruspresset med skriftleg avtale: – Lettare å seie nei

8 hours ago 5


– Det kjennest tryggare. Om du opplever press, er det lettare å vise til kontrakten, spesielt om du synest det er vanskeleg å seie nei, seier Henrik Aaltvedt.

Han er PR-sjef på bussen, og fortel saman med PR-sjef og dugnadssjef Felip Abrahamsen at det er mykje ulovleg rusmiddel i omløp i russetida.

– Det er dessverre blitt slik dei siste åra at viss du dreg på ein fest, så er det alltid til stades uansett, fortel gutane.

Kameratgjengen på bussen har difor bestemt seg for å vere fullstendig reine i feiringa.

Grensa deira går ved ulovlege rusmiddel.

Fleire skriv avtalar

Russegruppa «Kids in crime» er ikkje aleine.

NRK har vore i kontakt med fleire russegrupper i Vestfold og Telemark som har laga liknande avtalar.

Ein av dei er russebussen «Kid trap» på Nøtterøy.

– Det er fordi det er mykje rus i russemiljøet. Det er tryggjande både for jentene på bussen, men også for foreldra, å ha det svart på kvitt at vi står imot det, seier bussjef Mari Monstad Lund.

en jente med blondt hår, hvit skjorte og russebukse smiler mot kamera

Bussjef på «Kid trap», Mari Monstad Lund trur open dialog om rusmiddel og haldningar kan påverke vala ein tek.

Foto: Privat

Bryt nokon avtalen, blir dei ikkje kasta rett ut av russebussen.

I staden blir saka løfta opp i eit møte med alle jentene, der ein blir einig om straff. Det kan til dømes vere utestenging frå rulling eller andre bussaktivitetar.

– Det å risikere å bli kalla ut framfor alle jentene er nok litt skremmande, men på ein positiv måte, seier Lund.

en jente med blondt hår, hvit skjorte og russebukse smiler mot kamera

Russebussen på Nøtterøy har også valt å halde seg unna rus i russetida. Alle medlemmene på bussen er pliktige til å sei ifrå om ein oppdaga brot på avtalen.

Foto: Privat

Lettare å stå imot presset

Hos politiet i Grenland får tiltaket ros.

Det er vakse av dei å ta ansvar og ta eit positivt standpunkt. Dei blir gode rollemodellar for dei som kjem etter, seier Tor-Ragnar Steffensen, leiar for førebyggande avdeling ved Grenland politistasjon.

Han meiner tydelege avtalar kan gjere det lettare for ungdom å stå imot press.

En eldre mann i politiuniform ser mot kamera. Han har grått skjegg og blondt, kort hår.

Leiar for førebyggande avdeling ved Grenland politistasjon. Tor-Ragnar Steffensen, påpeikar at samarbeidet mellom politi og russ har blitt betre dei siste åra.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Det er mange som ikkje ønskjer å bruke narkotika, men som kan bli tilbode og utsette for press. Då er det mykje lettare å seie at vi har ein avtale vi må halde oss til, seier han.

Peikar på juridiske utfordringar

Ein som har peiling på kontraktsrett, er partnar i HBL Advokatfirma Morten Bjerkelund.

Han fortel at ein i utgangspunktet kan avtale det meste, men at kontraktar kan vere ugyldige.

Enten om ein har blitt pressa til å inngå ein avtale, eller at vilkåra er urimelege.

Det er umogleg å seie heilt generelt korleis desse kontraktane står seg juridisk, men i prinsippet så går det an å ha ein slik kontrakt som er gyldig.

en mann med mørkt hår og skjegg iført dress ser mot kamera.

Advokat og partnar i HBL Advokatfirma, Morten Bjerkelund.

Foto: Marte Haraldsen Foto & Postproduksjon

Men advokaten stiller nokre spørsmål som er viktige å ha med i ein kontrakt.

Korleis avgjer ein at avtalen er broten? Er det med ein kvar mistanke? Er det opp til leiaren på bussen, at dei faktisk berre kan hevde at ein har brukt rus, og så hive ut nokon?

Er avtalen vag, kan det vere vanskeleg å konstatere at ein person har brote avtalen.

ruskontrakt på russebuss. "Kids in crime" Porsgrunn

Russeguttane frå Porsgrunn og Skien har gjort endringar på kontrakta si undervegs.

Foto: Veslemøy Marie Grilstad Prøis / NRK

Om det blir eit tilfelle der nokon blir kasta ut og dei meiner det er feil, fortel advokaten at det juridisk kjem heilt an på korleis avtalen er skriven.

Endra reglane frå utvising til «rullepause»

Sjølv om advokaten peikar på fleire juridiske spørsmål, har russegutane frå Porsgrunn og Skien justert avtalen sin undervegs.

Dersom nokon blir tekne, vinkar ikkje kameratane farvel til kompisen for godt med det første.

– Før vi starta russetida, var det slik at viss du tok ei eller anna form for rus, så blei du ekskludert. Men vi har snakka litt meir om det i det siste, seier Aaltvedt.

ruskontrakt på russebuss. "Kids in crime" Porsgrunn

PR-sjef Henrik Aaltvedt og PR- og dugnadssjef Felip Abrahamsen på russebussen «Kids in crime».

Foto: Veslemøy Marie Grilstad Prøis / NRK

No har dei landa på ein modell med tøffe sanksjonar.

– Viss ein tek noko rus no, så får du heller pausar. Du får ikkje vere med på rullingar eller andre festar på ei stund, og vi slår ganske hardt ned på det, fortel gutane.

Advokaten seier at mange kontraktar har ei verknad i seg sjølv.

– Ein har på si eiga samvit lova noko. Når ein lagar ein kontrakt og signerer, så er dei fleste av oss laga slik at då prøver vi å halde oss til det, seier Bjerkelund.

For Felip vart kontrakten heilt avgjerande for at han i det heile tatt fekk lov til å bli med på bussen.

– Pappa ville eigentleg ikkje at eg skulle bli med på buss, fordi han veit det er mykje rus og sånt. Så kontrakten hjelpte veldig.

– Ingen andre kunne fått til ein slik avtale

SLT-koordinator i Porsgrunn, Kjetil Haugersveen, peiker på at slike avtalar kan handle om meir enn berre rus.

Det kan vere korleis dei tek vare på kvarandre, sørgjer for at folk kjem seg trygt heim, eller at man ikkje går aleine.

Kjetil Haugersveen

SLT-koordinator i Porsgrunn, Kjetil Haugersveen.

Foto: Herman Omland / NRK

Men at russen sjølv tek initiativ til å inngå ein avtale er avgjerande, ifølgje Haugersveen.

Eg trur ingen andre kunne fått til ein slik avtale utan at dei sjølv tok initiativet. Dersom avtalen og tankane bak er oppriktige, så trur eg at det fungerer.

Gutane i «Kids in crime» håpar at fleire russegrupper set tydlege grenser.

– Det er russetid, så eg skjønnar at det kan vere vanskeleg. Men det går jo til ei god sak, for å vere ein gjeng som ikkje gjer noko dumt, fastslår Felip Abrahamsen.

For ordens skyld: Mari Monstad Lund, som er intervjua i denne saka, er dotter til distriktsredaktør i NRK, Kristin Monstad. Distriktsredaktøren har ikkje vore involvert i arbeidet med denne saka.

Publisert 26.05.2026, kl. 11.39

Read Entire Article