Kommunikasjonsansvarleg i nettselskapet Linea, Frode Dorp forklarar at dei grunnen til at det kostar 30 millionar å legge ny kabel, handla blant anna om at dei må bytte ut linjenettet.
– No har vi ein sjøkabel som har roke for andre gong. Vi har prøvd å reparere han, men han er nesten 70 år gammal. Han blei lagd i 1957. Også ser vi at vi må investere eit nytt linjenett på øya. Det er for gammalt og ikkje oppdatert til dagens nivå.
– Det er kostnader de må ta om de skal gi fritidsbustadinnehavarane straum?
– Ja, ikkje berre det, men vi må òg sjå på framtida. Når vi først bruker så mykje pengar, så må vi òg legge til rette for at det kan bli auke. I dag har vi ikkje kapasitet der ute til anna verksemd.
– Må det koste 30 millionar?
– Ja, men det blir berre småpengar. Kabelen vi har i dag heiter såkalla 11 kV-linjenett, det har vi ikkje lenger. Men skulle vi lagt det på nytt, så har vi kome til ein stor sum uansett. Det er ikkje framtidsretta, og ikkje nok ledig kapasitet dersom det skulle kome andre som ønsker å knyte seg til. Derfor ser vi at beløpet er estimert på rundt 30 millionar.
– Kvifor er det ikkje mogleg å gjere dette arbeidet, under 30 millionar?
– Vi har ein sum. Det har blitt dyrare og dyrare å bygge nett og halde nettet ved like òg. Det skjer mykje i Europa og i Noreg i forhold til at samfunnet blir elektrifisert meir og meir. Og det trengst meir. Så prisane på materiell, på mannskap og sånt, har blitt dyrare. Så det er estimatet vårt. Det er òg noko som NVE vurderer, om vi har tatt i for hardt.
– De har ein tradisjon for å auke nettleiga ganske kraftig, vil enkelte også seie. I 2023 aukar de nettleiga med 27 %. I 2025 skal ho aukast med 11,2 %. Er ikkje dette noko som bør ligge inne i ei sånn greie, som å investere og bygge opp?
– Det er bra du spør om det. Om vi tar den investeringa, og dei som bur på Gåsvær, ikkje får den kostnaden, så betyr det at heile Helgelandssamfunnet skal vere med og betale. Ikkje berre med å legge dei, men òg å halde dei ved like når det kjem stormar. For dette er langt ut til havs. Så vi skulle gjerne ha sett i gang eit prosjekt så vi har fått straum ut til Gåsvær. Men vi har verken lov i forhold til regelverket, og det er som sagt ikkje forsvarleg samfunnsøkonomisk. Det er snakk om rundt 21 kroner kilowattimen, om vi har lagt det til grunn.
– Har du forståing for dei frustrerte huseigarane som riv seg litt i håret no?
– Ja, vi har hatt kjempegod dialog med dei. Og hyppig dialog. Vi har hatt mange telefonar og møte med kommunen, næringsaktørane og velforeiningar. Og enkeltpersonar som har ringt oss titt og stadig. Og så har vi sendt ut mykje informasjon via SMS til kundane for å halde dei oppdaterte.
– Det er ikkje sikkert dei er like einige i at det er veldig god kommunikasjon med fritidsbustader?
– Det eine er at vi held dei informerte om prosessen. Det andre er der vi har hamna i dag, då vi ser ut til å få eit fritak. Men NVE har sendt saka ut på høyring, og dei fekk kome med mange høyringsfråsegner. Og då tar NVE ei vurdering om at det kan forsvarast.
– Om straumen ikkje kjem tilbake, vil jo verdien på husa gå ned?
– Vi har kome til 2025 og det finst teknologi. Dei fleste der ute bruker øya på sommaren. Det er lyst og fint, og det er ikkje så kaldt. Du kan ha solcelle, aggregat eller batteri. Teknologien går framover. Om vi hamnar på eit fritak, så trur eg dei kan finne løysingar der ute.
– Kva er tilbodet du kjem med til dei som har fritidsbustad om de kuttar straumen?
– Dei får ei eingongserstatning. Og så slepp dei unna nettleiga som dei kan legge i reknestykket sitt om dei skal legge solcellelån, aggregat, batteripakke og sånne typar ting.
– Kor fornøgd er dei de har snakka med og kommuniserte med på den summen?
– Vi har ikkje prata med alle, men vi har høyrt at nokon meiner han burde vore høgare.
– Kvifor meiner de at ei erstatning på 65.000 kroner er nok?
– Det ligg jo allereie eit vedtak i 2015 på ein sum på 50 000. Så har vi justert det opp i forhold til dagens nivå. Så kan vi jo diskutere om det er nok i forhold til dei behova dei har. For nokon kan det vere nok at dei har eit aggregat, for dei er ikkje der så ofte. For det andre kan det vere nokon som ønsker å ha ein heilårsbustad, der dei vil ha både aggregat, dei vil ha solceller, dei vil ha batteripakke, og stort uttak til å vere ein fritidsbustad. Det der vil alltid vere ein diskusjon. Eg reknar med at kanskje NVE tar den vurderinga òg.
– Om de får det fritaket, skaper ikkje dette litt farleg presedens? Trur du ikkje hytteeigarar rundt omkring på fråflytta fiskevêr sit og bit litt negler no? Om det plutseleg ryk ein kabel der?
– Dette er den store oppgåva for oss som nettselskap. Det er å sjå om det er forsvarleg å ha den linja eller kabelen til den og den plassen. Det treng ikkje å vere på ei øy. Vi har hatt liknande saker der vi har ei linje som går til ein hyttekunde, og vi ser at å bygge det opp på nytt når det blir gammalt nok, så er det ikkje forsvarleg samfunnsøkonomisk.