Den norske nobelkomité har bestemt seg for kven som skal få Nobels fredspris. Fredag får verda vite det.
Ein av årets over 300 nominerte snakkar høgare enn andre som sine bragder.
Donald Trump har hevda at han har stoppa fleire krigar og konfliktar, og at han fortener den gjeve prisen. Det sa han mellom anna i ein tale i FN i september.
For å bli tildelt årets Nobels fredspris måtte han bli nominert innan 31. januar i år. Så nattas einigheit om Trumps plan for fred i Gaza er heller ikkje ein del av årets vurdering.
Men kva skjer om komiteen ikkje lar seg imponere av Trump? Kan Noreg hamne i trøbbel med verdas mektigaste mann?
– Ein må nok ha ein beredskap, trur tidlegare ambassadør til USA, Kåre Aas.
Tidlegare USA-ambassadør Kåre Aas i samtale med Prio-leiar Nina Græger.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKSer føre seg reaksjonar
– Trump deler verda inn i to typar menneske: Vinnarar og taparar. Sjølv er han ein vinnar, og han bør vinne denne prisen. Så enkelt er det, seier John Bolton til NRK.
Han var nasjonal sikkerheitsrådgjevar i Trumps første administrasjon fram til dei to rauk uklare i 2019.
Om presidenten ikkje blir tildelt prisen, ser Bolton føre seg ein svertekampanje.
– Han vil nok klandre komiteen og media for å ha snytt han for prisen. Kanskje vil han også kome med eit utspel om Svalbard?
Frå eit kabinettmøte i Det kvite huset i 2018.
Foto: AFPStatsminister Jonas Gahr Støre seier Trump fortener anerkjenning for at han har pressa på for at forhandlingane mellom Israel og Hamas no ser ut til å kome til ei løysing.
Støre seier også at det bra at folk strekkjer seg etter å bidra til fred.
– Viss fredsprisen er ei oppmuntring til det, så er det bra at folk konkurrerer om det, seier han.
Men han understrekar at ein fredspris ikkje er ei politisk avgjerd.
Tidlegare ambassadør Kåre Aas trur også det vil kome reaksjonar frå Trump og støttespelarane hans.
– Irritasjonen vil nok rette seg meir mot enkeltpersonar i komiteen eller i norske myndigheiter. Kanskje vil vi sjå at nokon får innreisenekt, seier han.
Sjå diskusjonen i Urix-sendinga om temaet:
Ikkje tydeleg nok?
Den norske nobelkomité blir utnemnd av Stortinget, men jobbar uavhengig av norske myndigheiter. Spørsmålet er om Trump er klar over det.
– Eg har ikkje tenkt å ha nokon tolking av det, men han har jo snakka om dette i mange samanhengar, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
– Eg trur ikkje han veit det. Men sjølv om du sa det til han, ville han ikkje brydd seg, seier Bolton.
Sjølv om skiljet mellom stat og komité er tydeleg sett med norske auge, er det kanskje ikkje like klart sett utanfrå.
Då kinesiske myndigheiter fekk nyss i at menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo var nominert til fredsprisen i 2010, vende dei seg til norske myndigheiter med sterke protestar. Det hjelpte ikkje å forklare dei at nobelkomiteen er ein sjølvstendig institusjon.
Xiaobo fekk fredsprisen likevel, og Kina svarte med å kutte all kontakt med Noreg i fem år.
Fredsprisvinnarens stol stod tom i 2010, fordi Liu Xiaobo sat i fengsel i Kina.
Foto: ReutersIkkje politisk styrt
Statsminister Jonas Gahr Støre fryktar ikkje konsekvensar for forholdet mellom USA og Noreg om ikkje Trump får fredsprisen.
– Nei, eg gjer ikkje det. Når vi husar denne fredsprisen hos oss, så skal vi stå oppreist for den og integriteten til den prisen. Det gjer vi òg etter at kinesarane reagerte som dei gjorde, seier Støre.
Er det ei belastning for Noreg at vi deler ut fredsprisen?
– Nei, det er det ikkje. Tvert imot meiner eg at den lange historia til prisen har prisar som har blitt diskutert i mange samanhengar. Igjen, vi må understreke korleis rollefordelinga er.
Statsminister Jonas Gahr Støre møtte USAs president Donald Trump i Det kvite huset i april.
Foto: Cornelius Poppe / NTBTidlegare utanriksminister og ambassadør Jan Petersen (H) ser føre seg to grunnar til at det kan vere vanskeleg å nå ut med bodskapen om at Nobelkomiteen ikkje er politisk styrt.
– Komiteen si avgjerd får alltid støtte frå det offisielle Noreg, og heile det offisielle Noreg deltar på seremonien, seier Petersen.
– Så norske myndigheiter bør nok førebu seg på reaksjonar frå USA, sjølv om vi håpar og trur at dei ikkje kjem, seier han.
Presidentproblem
Trump har snakka om fredsprisen sidan han først vann valet i 2016.
Kvar gong presidenten skal inn på det såkalla Roosevelt-rommet i Det kvite huset, der han og staben held møter, må han sjå president Theodore Roosevelt sitt Nobel-diplom som heng på veggen, fortel Bolton.
Men det er særleg prisen til Barack Obama i 2009 som ergrar Trump.
Michelle og Barack Obama vinkar frå Grand Hotel etter prisutdelinga i 2009.
Foto: KEVIN LAMARQUE / REUTERSSjølv om fleire statsleiarar har nominert Trump til prisen, og sjølv om presidenten faktisk ligg høgt på bettinglistene, trur dei færraste at han faktisk kjem til å få han i år. Særleg sidan han ikkje hadde hatt makta lenge då fristen for å nominere gjekk ut.
Men kva med Obama? Då han fekk fredsprisen oktober 2009, hadde han vore president i litt under ti månadar. Ikkje nok med det, då fristen for å nominere for 2009-prisen gjekk ut i januar det året, hadde han vore president i elleve dagar.
Obama reagerte sjølv på tildelinga med å spørje «For kva då?», skriv han i sjølvbiografien sin.
To scenario
Fersk leiar for fredsforskingsinstituttet Prio, Nina Græger, ser føre seg to scenario når prisen blir kunngjort.
– At Trump rett og slett trekk oppgitt på skuldra og fokuserer på neste års sjansar til å skaffe seg prisen, seier ho.
– Det andre, og for Noreg litt verre, scenariet er om han ope utfordrar Nobelkomiteens politiske sjølvstende eller sett i gang ein slags svertekampanje mot Noreg, og som skader samarbeidet med USA, seier ho.
Prio-leiar Nina Græger.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKMen til sjuande og sist bør ein skilje mellom Trumps bråk, og faktiske handlingar, meiner John Bolton, Trumps tidlegare sikkerheitsrådgjevar.
– Eg kan ta feil, men eg trur ikkje vi skal vere så uroa for den scenekunsten han driv med, seier han.
Uansett om Trump aksepterer at han ikkje får prisen i år, vil nok komiteen møte på det same problemet kvart år så lenge han sit som president, trur Aas.
– Denne fredsprisproblematikken blir nok med oss fram til han går av, seier han.
Publisert 09.10.2025, kl. 20.10