På ein jakttur i november i fjor gjekk Villy Giverhaug seg på ferske hjortespor. Han varslar jaktkameratane på radiosambandet.
Den neste meldinga til jaktkameratane er langt meir dramatisk.
Kritisk skadd av rifleskot
Det er granskog i jaktterrenget og vanskeleg å ta seg fram.
Villy finn snart ein dyrestig, og nokre meter inn på stigen høyrer han eit kraftig smell og eit rifleskot plystrar forbi.
Han trur nokon skyt på dyret som han kan ha jaga opp, og blir ståande heilt stille.
Tre sekund seinare smell det på nytt.
– Eg berre segna om med det same. Eg datt rett på rumpa. Skotet hadde treft meg og ikkje hjorten, seier Giverhaug.
Villy forstår raskt alvoret, han er treft i låret med grovkalibra jaktammunisjon.
Den i dag spreke 70-åringen har heile livet vore ein ivrig jeger. Dette bilde er frå ei tidlegare hjortejakt. Nå gler Villy seg på jakt att, men han er usikker på om han vil jakte meir i skogsterreng.
Foto: PrivatHardt skadd og i nær sjokktilstand, får han ropt over radiosambandet:
– Jeger skutt! Ring luftambulanse!
Han som hadde løyst skotet kjem springande ned til Villy, men det er ikkje telefondekning i området.
Men høgare opp i terrenget står ein jaktkamerat som har høyrt meldinga og får ringt 113.
Den neste halvtimen blir krevjande, han held seg bevisst heilt til han blir heisa ein meter opp frå bakken, da går alt i svart.
Krev svar om vådeskot
Kvart år behandlar politiet rundt 150 lovbrot knytt til uforsiktig omgang med skytevåpen og ammunisjon.
Men kor mange av desse lovbrota som er knytt til jakt, kan ikkje politiet svara på.
I ein e-post til NRK vedgår Roar Hansen, pressekontakt i politidirektoratet, at statistikken over uforsiktig bruk av våpen i samband med jakt er for dårleg.
–Eg mistenker at ein stor del av lovbrota knyter seg til uforsiktig oppbevaring av ammunisjon, og ikkje nødvendigvis vådeskot, skriv Hansen i ein e-post.
Nå krev Norges Jeger- og Fiskerforbund betre tal frå politiet.
Line Lillebø Osfoss i NJFF seier til NRK at dei arbeider mot ein nullvisjon på jaktulykker, men at det arbeidet blir vanskelegare utan klåre tal og statistikk på omfanget.
Når ein veit at det er rundt 140000 jegerar ute og jaktar kvart år, er det ganske få alvorlege ulykker, meiner Line Lillebø Osfoss i Norges Jeger- og Fiskerforbund.
Foto: Jo Straube / NRK–Vi håpar nå at politiet eller helsestyresmaktene vil byrje å registrere dette så vi får jobba meir målretta mot dette problemet. seier Lillebø Osfoss.
Eitt vådeskot er alltid eitt for mykje, men NJFF meiner det er få alvorlege ulykker knytt til jakt i Noreg.
– Det er ca. 140 000 som kvart år rapporterer at dei har vore på jakt. Om desse har fem jaktdøgn kvar, blir det ganske mange jaktdøgn i året, seier Line Lillebø Osfoss i NJFF.
Hei Vi har i utgangspunktet ikke presis statistikk over uforsiktig bruk av våpen ifm. jakt. Det nærmeste vi kommer er saker kodet etter statistikkgruppe 0667 - Uforsiktig omgang med skytevåpen, ammunisjon, jf. strl. § 188. Jeg kan ikke tallfeste hvor mange av anmeldelsene etter denne bestemmelsen som dreier seg om vådeskudd, ei heller hvor mange som skjer ifm. jakt. Jeg mistenker imidlertid at en stor andel av anmeldelsene knytter seg til uforsiktig oppbevaring av ammunisjon, og ikke nødvendigvis vådeskudd. Med hilsen Roar Hanssen Pressevakt Politidirektoratet
Centimeter frå døden
Villy vart frakta til St. Olavs hospital i Trondheim. Han hadde vore lenge i skogen og mista mykje blod.
Da han kom på operasjonsbordet hadde han ein kroppstemperaturen på berre 32 grader.
Røntgenbilde vise korleis jaktammunisjonen har knust 10–12 centimeter av venstre lårbein.
Foto: NRK– Det var ein ganske medtatt pasient vi fekk inn. Hadde han vorte liggande lenger ute, kunne dette hatt ein fatal utgang, seier leiar ved traumeeininga ved St. Olavs hospital, Erik Sundquist.
Ammunisjonen Villy vart råka av er laga for å gjera stor vevsskade og drepa store dyr sjølv utan perfekt treffpunkt.
Det fekk kirurgane erfare.
Kula hadde knust tolv centimeter av lårbeinet, og det var lenge usikkert om dei kunne redde beinet til Villy.
Seksjonsoverlege Erik Sundquist er leiar for traumeeininga ved St. Olavs hospital i Trondheim. Han trur foten til Villy aldri vil bli som før uhellet, men at han truleg vil kunne greie å bruke foten til vanleg gange.
Foto: NRK–Sjølv med den treffen her, er dette både livstrugande og i alle fall ekstremitetstrugande skader ein blir påført, seier Sundquist.
Han meiner at operasjonen ser vellykka ut, og trur Villy vil kunne greie å bruke foten til vanleg gange.
Giverhaug takkar nå kirurgane for at dei valde den vanskelege operasjonen framfor å amputere.
–Det enklaste for dei ville vera å amputere foten, seier Villy.
Respekt for jakt i skog
Giverhaug har heile livet vore ein ivrig jeger, men etter ulykka, har han fått respekt for jakt i skogsterreng.
Nå er målet hans å få trena opp att foten så han kan bruke han til små, enkle jaktturar.
Det lange operasjonssåret der jaktkula gjekk inn i låret, viser tydeleg omfanget av øydeleggingane. I dag er Villy glad for at kirurgane valde den vanskelegaste løysinga.
Foto: NRKMen etter ulykka har han fått respekt for jakt i skogsterreng.
– Eg har nok fått litt respekt, særleg for jakt i skog der du ikkje har like god oversikt. Men eg veit sjølvsagt også at det til slutt er skyttaren som har ansvaret og som skal vera sikker på kva han skyt på uansett.
NRK har vore kontakt med jegeren som er sikta i saka og forsvararen hans, men ingen av dei ynskjer å uttala seg om saka nå.
Publisert 02.05.2025, kl. 17.22